I det gamle bondesamfunnet måtte ein male kornet sjølv for å lage graut, brød og øl. Dei fleste gardane held seg med eigne kvernhus drifta av vasskraft. Men det var ikkje alle gardar som hadde elvar med god og stabil vassføring året rundt. Særleg var dette eit problem om vinteren, der elvar og bekkar fraus til. Storelva på Sørebø hadde god og stabil vassføring heile året.
Geir Sørebø skriv i sin artikkel i Årbok Høyanger 2022 at kverna på Sørebø i fleire hundre år truleg var den viktigaste kverna i Høyanger kommunen.
(Illustrasjon: Faksmile frå Årbok Høyanger 2022)