AV: Hjalmar Brekke – Årbok Høyanger 2011 s. 3-8

Soga om to falleferdige hus

Når du kjem til Ortnevik etter ”Landevegen”, er noko av det fyrste du møter er to store falleferdige hus som står like ved sjøkanten og vitnar om ei anna tid og tilstand. Som ”port” til Ortnevik, og minne om eit eller anna, er det eit lite verdig syn.

Det var nok slik han kjende det, Trygve Storebø  frå Austevoll, då han kom med ein son i bil og ville vise han bygda og den arbeidsplassen han kom til i 1940 og vart der i 3 år. Trygve var inne på butikken og prata med den han trefte, og der trur eg tanken om å skriva ein historie om desse husa og kva dei hadde hyst i si velmaktstid kom opp. Han tok kontakt med meg på telefon, og me hadde ein lang prat der han fortalde om kor skuffa han var over at det var lite, eller ingenting som var ”kome på papir” om kva historien om desse husa kunne innehalde. Eg hugsar godt Trygve Storebø. Eg var berre 15 år og var ”læregut”, frå om hausten 1940. Dette er no 70 år sidan, og det seier seg sjølv, at noko presis historie kan ein ikkje trylle fram, det er ikkje mange att av dei som kunne fortalt noko.

Den falleferdige snikkarverkstaden sett frå Ortnevik.
Den falleferdige snikkarverkstaden sett frå Ortnevik. (Foto: Lasse Brekke)

Sagbruket

Når eg no vil fortelje det eg hugsar, og det eg har høyrt om desse husa, so vil eg starte før mi tid, dvs. på  1920-talet. Det ”minste” huset var nok bygt tidleg på  20-talet. Då vart det òg bygd kraftstasjon ved elva ”fram i gjelet”. Det var Lars Norevik og Emil Geithus som stod for det. Røyrgata var 300 m. lang, trerøyr 60 cm i diameter. Turbinen var ein Francis-turbin frå Thune mek. Verk på 90 Hk. Generatoren var på 65 Kw av fabrikat ”Oerlikon” 440 volt likestraum (2 x 220 volt med 0 ledar og sokalla spenningsdelar).  Eg las i bladet ”Dagen” at kraftverket i Ortnevik var sett i drift 10. oktober 1923. (Anders Øvrebø meinte det var feil dato, men det var ikkje mykje feil)

Kraftlinje frå kraftstasjonen vart bygd fram til det minste huset. Der vart montert stor 24” sirkelsag med 30 Hk motor. Vidare var det ein 7,5 Hk motor under golvet som dreiv ein lang aksling under golvet tvers over huset. Frå denne akslingen henta ein drivkraft til avrettarhøvl, tjukkhøvel, fresemaskiner, slissesag og kappsag. Alle kraftoverføringar var med flatreimar. Den tida eg jobba der – ca. 4 år – var ofte alt utstyr i drift, og eg var forundra over at den vesle motoren greidde det. Og det gjorde han i alle år! 

Det som skulle skape problem ved mange høve var den elektriske krafta. Ein kald vinter vart det so gale at ein måtte erstatte det elektriske med ein 15 Hk oljemotor frå eit spel montert i ei ”grop” utfor veggen. Med reim-overføring og ein god del ”plunder” heldt den liv i drifta til det vart meir vatn i elva. 

Lars Norevik var arkitekt. Han tegna og bygde saman med dyktige snikkarar, Ortnevik kyrkje. Emil Geithus var altmuligmann som tok seg av det mekaniske og elektriske i tillegg. Emil reiste truleg til Amerika i 1931.

Då kyrkjebygginga tok til i 1924, måtte ”huset”  som eg berre hugsar som ”verkstaden”, ha vore ferdig til bruk. Og i kyrkja har vel det meste av materialen vore i kontakt med snikkarmaskinene. Kyrkja var innvigd i 1925. ”Verkstaden” vart no snikkarskule i andre høgda, der dei aller fleste av unggutane i bygda fekk eit kurs eller to. Elles fungerte det som trevarefabrikk der dei laga dører, vindauge, møblar etter ynskje og likkister og andre kister.

I dei harde 30-åra vart det vanskeleg, so verksemda stoppa mest opp. Dei fåe som hadde hatt arbeid der, for til Høyanger eller lenger vekk

På slutten av 30-åra vart det største huset bygt. So vidt eg veit var det med innsats frå Hj. Hovland med tanke om å få liv i verksemda att. Underetasjen var åpen, men det romslege loftet meiner eg var tenkt til snikkarskule. Alt utstyr var i god stand og vart teke i bruk att i 1938-39 av Peder Svåsand og to brør som alle var båtbyggjarar. Dei fór attende til Strandebarm, der dei kom frå seinare.

Soga om skipsbyggeriet – etter minner hjå fleire

Ortnevik båtbyggeri
Beddingane til båtbyggjeriet. Huset midt i biletet er spanteplanhuset. Bakanfor ser vi den nyaste bygningen på snikkarverkstaden. (Privat eige/HIM)

Det var handelsmann Hj. Hovland som fekk i gang skipsbyggeriet i Ortnevik. Han hadde med seg fiskebåtredar Klepsvik og advokat Kolltveit. Dei stod for både kapital og styre. Hovland eigde grunnen og overtok hus og utstyr etter konkursen i tidlegare drift. Arbeidet med beddingar og kai kom i gang vinteren 1940-41. Det var ein kald arbeidsplass. Dei henta stein i utmarka ovanfor, og sjølv om utstyret var primitivt, vart det både kai og beddingar, og dei ligg der like godt i dag. Kor mange som var med på dette arbeidet, hugsar visst ingen. Men Åsmund Brekke var ein av dei. Etterkvart kom snikkarverkstaden i gang, og han vart ”fresar” på maskinavdelingen. Han fór til Øvre Årdal i 1942 og vart med på kraftverksarbeid der.

No var det spanteplass og stor bandsag som kom på  plass, og bygg nr. 1, Dreggen, 110` lang – starta. Den var tegna av Hans K. Zimmer (han tegna seinare ”Hosanger”, og ”Bruvik”). 

Sigurd Kausland vart tilsett som formann, og det kom både øvde og uøvde folk som etter kvart vart flinke.

Skøyte på beddingen. (Privat eige/HIM)
Skøyte på beddingen. (Privat eige/HIM)

Tidleg på året 1940 kom Trygve Storebø  saman med Bjarne og Rasmus Vorland  (eller Håkonsund, som dei også kalla seg). Dei starta opp, og bygde mindre båtar, 24`, 28`, og 35`, kor mange – kan ikkje T. Storebø hugsa. Han slutta i 1943. Desse båtane vart bygde i underetasjen i det største huset, og sjøsett gjennom porten mot sjøen. Det var fine båtar. Slik ein båt skulle sjå ut på den tid. 

Verksemda trong mykje tømmer. Og det var ikkje so lett å få tak i. Men Karl Bongom med båten ”Edelstein” henta lange stokkar og krokete røter frå Indre- og Ytre Sogn. Til Bergen var den og. Den var der 20. april 1944 då ein lekter med sprengstoff eksploderte. ”Edelstein” var ein engelsk slupp – bygd av eik. Den kom heim med knekte dekksbjelkar og elles fleire skadar. Men flaut gjorde den. Eg meiner at det var Kåre Aven som var med Karl Bongom som mannskap. Laurits Hustavenes var òg mannskap, likeeins Arnold Aven. 

Personar på båt
Personar tilknytt Ortnevik skipsbyggeri på dekket til ei av skøytene som var bygd mot slutten av 1940-talet. Framme fv: Leiar skip Johan Malkenes, ukjent, butikkdame Brynhild Takle, kontormedarbeidar Bjørg Brekke, handelsmann, disponent og initiativtakar bak skipsbyggeriet Hjalmar Hovland og barnebarnet hans Kjell Hustavnes. Andre rekke sittande fv: Ragnvald Bjordal, Gunnar Ludvigsen Sætre, Gunnar Lasseson Sætre, Sverre Instefjord, Klaus Thue og Ola Instefjord. Bakerst fv: Mons Oppedal, Handal, ukjent (skjult bak Handal), ukjent, Georg Hustavnes, ukjent, Kåre Norevik, Hermund O. Brekke og Oddvar H.Thune. (Privat eige/HIM)

Verksemda hadde fleire avdelingar. Det var skipsbyggeri, skyssbåtavdeling, snikkaravdeling i andre høgda. Der vart innreiing til båtane laga. Men der vart alle andre produkt finpussa og ferdiggjorde når dei kom frå kappsag, slissesag, avrettar, tjukkhøvel og til sist dei delane som var innom ”fresen” og fekk profil eller tapp, not og pinn. Alt etter som.

Produkta vart laga i seriar, 30 kleskåp, 30 bord (store og små) 300 stolar, 300 krakkar. Kosteskaft og trenaglar (til å låse dei grove doble båtspanta saman med). Me laga og lange stigar av skalkar frå hudplank og garnering. 

Nils Birkeland frå Bergen var leiar for heile snikkarkjeda, frå material til ferdig produkt. Saman med familien budde han på Øvrebø i ”Koldingsneshuset”. Smia og mekanisk verkstad heldt til i fyrste høgda i eit nybygd hus som stod like i sjøkanten om lag midt mellom butikken og verkstaden. I andre høgda var det innreidd to hyblar. Den eine hadde smeden Erik Smith frå Hernar i Øygarden. Den andre hadde snikkaren Anders Vollevik. 

I smia og verkstaden var Georg Hustavenes sjef. Der var eg med på mykje av alt det rare me laga til skipsbyggarane. Eg fekk jobben som oppslagar til smeden. Me laga boltar og beslag i mange fasongar – galvaniserte og måla. Eg laga til og med fresetenner for not og pinn. Som læregut der fekk eg lære mykje, men lønna var ei krone timen. Lengst tid var eg nok på snikkarmaskinavdelinga. Eg stod med avrettaren og høvla kvar einaste pinne eller bord på to kantar ( eller ei side og ei kant), før dei kom til tjukkhøvelen og fekk rette dimensjon. Eg har og lyst å nemne at ved den gamle bandtsaga som har stått, og kanskje står enno etter 65 år ute i underetasjen på det største bygget, har eg saga til mange hundre sete og bakbein til stolar. (brakkestolar). I dag ville nok eg vore for ung til det meste av det eg gjorde. Mykje av utstyret hadde ikkje vern etter krava som finst i dag. Me opplevde fleire uhell, men alle kom frå det med livet i behald, sjølv om det var nære på fleire gonger. 

Båtar som vart bygde

”Dreggen” som var den første og største skøyta som vart bygd ved Ortnevik skipsbyggeri.
Den 110` (fot) lange ”Dreggen” som var den første og største skøyta som vart bygd ved Ortnevik skipsbyggeri. (Ein norsk fot på 1940-talet tilsvarte 31,37 cm. 110` er då om lag 34,5 m.) (Privat eige/HIM)

Den fyrste og største båten som vart bygd, fekk namnet ”Dreggen” og var tegna av Hans K. Zimmer. Den var 110` (fot) lang og fekk firesylindra motor på 350 Hk. Skipperen som overtok båten, heitte Jæger og hadde kommandoen på prøvetur til Høyanger. Eg meiner det var på hausten 1943. Eg var om bord i han hausten 1947 då låg han i dokk på Laksevåg for reparasjon etter brann i maskinrommet. Det var maskinisten som inviterte meg om bord, men namnet hans hugsar eg ikkje. Fleire år seinare forliste ”Dreggen” ein stad på Mørekysten.

Båt nummer to var 95’ lang med sokalla kvalbakke. Den vart døypt ”Held”. Den har eg sett i farleia her omkring fleire gonger. 

Båten "Brevoll"
”Brevoll” vart bygd under krigen, flaggmerket på sida fortel at den var i norsk innanriksfart. Båten hamna i følgje skipsnr. ”T-4 9-I” i Troms fylke og i Ibestad kommune. (Privat eige/HIM)

Eg meiner at det også vart bygd ein 70` fotar som var kontrahert av Klepsvik, som selde kontrakten, namnet på kjøparen er ukjent. So kom ein på 70` ”Brevoll“ –  den for til Troms. ”Doggen” var og 70`og var kontrahert av Jostein Søreide. Den andre, på 95` – ”Telco” – var kontrahert av tre brør. Båten sitt namn var fyrste bokstav i deira namn, + Co. Dette fortalde Trygve Storebø. Han var med ”Telco” på fiske i tre år.  Men ei natt den låg fortøygd ved kai i Kvalvåg, rauk det opp til uvær, og båten hadde slite fortøyningane og forsvann. Slepebåten ”Jakob” vart bygd for FSF i 1948 (sjå side 124-125 i boka 101 Fjordabåtar) var nok ein av dei siste. Det vart også bygd 54`skøyter, i tillegg kom også forlenging og reparasjon av mindre båtar fram til omkring 1950. Men den historia kjenner eg lite til, for eg slutta til jul i 1946.

Småbåt
Ein av småbåtane under bygging. (Privat eige/HIM)

Sjøsettinga av ”Dreggen”

Alle var spente på korleis det let seg gjera å få den store båten til å gli ut, og om den heldt seg ståande. Dette gjekk fint, men då vart det verre med dåpen. Sunniva Thune hadde fått det oppdraget. Ho gjorde nok alt etter oppskrifta, men champagneflaska vart ikkje knust. Sigurd Kausland reagerte fort, og sprang etter flaska som hang i snora og vidare etter båten som nærma seg sitt rette miljø. I siste liten nådde han båten og kasta flaska i båtstamnen so glasbrot og skum skvatt. Dei eldre arbeidarane som var tilskodarar nemnde noko om at dette var eit dårleg teikn. Etter alt som hende med båten seinare både av små og verre ting, var det kanskje noko i det. 

Sjøsetting
Sjøsetting. Truleg ikkje Dreggen, men kanskje ein av dei på 95`. (Privat eige/HIM)

I forbindelse med sjøsettinga måtte båten ha mannskap. Knut Vatnøy og Trygve Storebø vart kommandert ombord. Storebø vart plassert i baugen. Motoren i båten var ikkje ferdigmontert, så ”Edelstein” var festa til ”Dreggen” på babord side, og skulle manøvrere ”Dreggen” inn til kaien og stoppe den der. Det var lite vind, men nok til at båten fekk meir fart enn det ”Edelstein” greidde å stoppe. Dette såg Storebø så tidleg at han fekk klargjort og kasta ein altfor tjukk wire utan kasteline inn på kaien slik at folka der fekk sett fast. Då bremsa Storebø båten opp med hjelp av wiren og kryssholten om bord i båten. At dette gjekk bra kan berre tilskrivast godt sjømannskap av Trygve Storebø. Det var ikkje langt igjen til steinrøysa.

Motoren vart montert seinare, og var ein 350 hk 4 syl Union omkastbar (ein motor som kunne gå begge vegar). Når motoren går forover og maskintelegrafen (ein innretning som var montert i styrhuset som gav beskjed ned i maskinrommet til maskinisten) sender full akterover, må motoren stoppast og oppstartast andre vegen, dette tek tid for maskinisten å gjere. 

Etter ein prøvetur rundt Ortnevika, skulle ”Dreggen” tilbake til brygga. Då båten nærma seg kaien, og motoren skulle bakke opp, kom signalet frå skipperen til maskinisten full forover! Båten auka farten, når full akterover endeleg kom, tok det tid før båten reagerte. So før den stoppa hadde den baugen inn i styrehuset og brote ned aktermasta på ei skøyte som låg med baugen opp i småbåthopen. Ei vesentleg årsak til denne hendinga var at maskintelegrafen var montert annleis enn det skipsføraren var van med. 

På ein prøvetur til Høyanger, gjekk den alt for fort til kaien, og dermed rente han stamnen rett i betongkaia og braut ut store stykke av betongen. Båten fekk også merkt det. Vinteren 1947 låg ”Dreggen” i flytedokk for reparasjon etter brann i maskinrommet. ”Dreggen” forliste ein stad på Mørekysten i 1950-åra, men noko meir om det veit eg ikkje. Som nemnt før var det eit dårleg teikn det at dåpsflaska ikkje vart knust.