Minner om lansering av Årbok Høyanger 2023 på Valhall mandag 27.november kl. 19:00. Boka er allereie i sal. Innhaldet i årets utgåve er beskrive i føreordet. 

Føreord

Då har redaksjonen gleda av å presentere ei ny utgåve av årboka for Høyanger historielag. Den er vorten viktig del av arbeidet med å ta vare på historia til kommunen. Den 13. utgåva av årboka inneheld ulike sider ved historia der dei fleste delane av kommunen er omhandla.

Den artikkelen som femner om flest bygder, er Frank Østevold som skriv om den første mjølkebåten «Prektig», ein båt som skulle binde saman dei ulike delane av kommunen. Den vart driven av Ananias Th. Bergsvåg på strekninga Bjordal-Ortnevik-Høyanger. Årboka inneheld også omtale av to jubilerande institusjonar; Bjørn Hjelmeland tek føre seg Høyanger skule som feirar 100 år i år, medan Jan Anders Timberlid ser på nabohuset, Valhall, som feira 100 år i fjor. Begge husa kom i ei tid då Høyanger gjekk frå å vere eit lite bondesamfunn til å bli ei stor industribygd.

I 1995 arrangerte Høyanger eit såkalla aluminiumssyposium der fleire kunstnarar var inviterte til å bruke aluminium som materiale. I samband med dette vart det halde eit seminar som kasta lys over ulike sider ved denne industrien. Dåverande sokneprest Geir Sørebø hadde eit innlegg om «Produktutvikling for aluminiumsindustrien, slik ein prest ser det». Dette vert presentert her.

Sissel Tove Litzheim hadde i 2022 ein artikkel om Nordeide som handelsstad og tilhaldstad for ulike typar transport. Denne gongen tek ho føre seg sjølve garden Nordeide; korleis den utvikla seg frå å vere eigd av andre til å bli sjølveigarjord.

Kjerstin Risnes hadde i 2022 ein artikkel om husmorskulen i Lavik. I år avsluttar ho med to mindre artiklar som fortel ho om korleis livet arta seg for dei elevane som gjekk der.

Gaute Ljotebø held fram serien om stølar i kommunen, denne gongen om Nessane.

Bjørn Hjelmeland grip tak i ei historie frå dei siste dagane av krigshistoria 1940-1945. I tidlegare samanhengar har årboka presentert Vadheim som sentral stad i kommunen. I dette hefte ser Jorun Systad på Vadheim som ekserserplass. Som i tidlegare år er årboka sett saman av artiklar frå frivillige. Bidraga frå desse er tufta på ei interesse for å ta vare på lokalhistoria. Mykje av dette materialet er dokument som ikkje finst i offentlege kjelder, i tillegg til alt det muntlege stoffet som vert samla inn. Årboknemnda vil såleis takke bidragsytarane for innsendt materiale. Nemnda er samansett av Bjørn Johan Hjelmeland, Jan Anders Timberlid og Gaute Ljotebø. Oppsettet av sjølve boka er gjort av Vilde Fimreite Hatlestad i Tell Media.

God lesnad!

Høyanger 24. oktober 2023