Det blir lansering av Årbok Høyanger 2023 måndag 27. november 2023 kl. 19.00 på Valhall i Høyanger.

Ein av artiklane i årboka er «Valhall – eit bygde-Noreg på industristaden». Forfattar av artikkel Jan Anders Timberlid vil denne kvelden fortelje historia til bygget. Det blir sal av årbok. Alle er velkomne til eit historisk sosialt samvær i eit historisk bygg. Det vil bli enkel servering. Boka kjem for sal i butikkar frå fredag 24. november.