Høyanger historielag heldt årsmøte i festsalen på Høyanger samfunnshus 21. februar 2024. Det var 19 tilstade på årsmøtet. Etter 10 år som leiar i Høyanger historielaget takka Janne Kristin Bøyum av. Også skrivar Heidi Johanne Bøyum gav seg og i styret. Som ny leiar vart Gaute Ljotebø vald, han tok steget opp frå styremedlem. Som ny skrivar vart Reidar Hjeltland vald inn, medan Bente Sæbø Øverås gjekk inn som nytt styremedlem.

 

Styret i Høyanger historielag 2024

Styret i Høyanger historielag 2024. Bilete teke i samband med årsmøtet 21. februar 2021.
Frå venstre: Bjørn Berge (kasserar), Reidar Hjetland (skrivar), Bente Nesse (nestleiar), Gaute Ljotebø (leiar), Bente Sæbø Øvreås (styremedlem) og Nina Brekke (2. vara). Einar Rysjedal (1. vara) var ikkje på årsmøtet.

Styret for 2024 er som følgande.

Leiar: Gaute Ljotebø (ny, vald for 2 år)

Nestleiar: Bente Nesse (ikkje på val)

Kasserar: Bjørn Berge (ikkje på val)

Skrivar: Reidar Hjetland (ny, vald for 2 år)

1. vara: Einar Rysjedal (ikkje på val)

2. vara: Nina Brekke (attval, vald for 1 år)

På årsmøtet vart Janne Kristin Bøyum, til Høgre, og Heidi Johanne Bøyum, til venstre, takka av for mangeårig innsats i styret. Bjørn Berge overlevert dei som takk for innsatsen bileteboka «Med kjærleiken for ei bygda» av fotograf Arvid Fimreite. (Foto: Sissel Tove Litzheim)