Rune Osland har søkt etter sanninga om Gjest Baardsen sine bravader på Berge i Høyanger. Høyanger historielag har fått løyve til publisere det han har funne ut.
Rune skriv:
«I muntlege overleveringar er Gjest Baardsen Sogndalsfjøra nemnd i fleire samanhengar med Berge og Høyanger kommune. Gjest skal ha stole store mengdar sølv frå lensmannen og lagd deler av dette i ei gryte som han gøymde i ei ur på Bergsstronda. Han skal ha stole ei skinke. Tilsvarande skal han ha blitt tatt på fersken på Øvre Berge og arrestert der. Han vart då låst inne på stabburet til bruk nr 2 til lensmannen henta han. Dette stabburet står framleis som Gjeilfjosen på beitet til Arne Jan.
Eg har gjort mitt litteratursøk gjennom fleire år. I lys av siste tids ministeravgang, tek eg ingen sjansar med hensyn til referansar. Det kan synast litt overdrive, men det gjev alle ein mogelegheit til å lett etterprøve og rette innhaldet. Innhaldet vil bli lagt ut på wikipedia.
Og, nei, eg trur vel at besta skrøna litt. Der er ingenting som tyder på at Gjest var på Bergsstronda med ei gryte med sølv. Men han var mattjuv på Øvre Berge».
Jakta på sanninga om Gjest på Berge
av Rune Osland
I sin biografi «Mitt liv» nemner ikkje Gjest Baardsen i det heile tatt Berge, og lite frå Kyrkjebø herad. Årsaka er kanskje at han kjem særs dårleg frå det, og at det passar svært lite med sjølvbiletet som ein populær mann som stel frå dei rike? Han fortel (side 35-37) at han gjer sine første steg i karriera på «Nordsiden i Lavik», på «gården til en rik bonde som jeg kjente litt fra før». Han stel der pengar frå kister som sto ulåste med nøkkelen i. Ferda gjekk så i rett til fjells mot Sunnfjord. 3 dagar seinare kjem han til Jølster. Han blir gjenkjend og blir ifølge han sjølv frivillig med tilbake til Nordeide. Vidare nemner Gjest (side 186) at han og ein annan rømling tenker seg innom Høyangsfjorden.
Erling T Gjelsvik (2000) fortel ei detaljert historie mykje basert på rettsprotokollane som omfattar minst 5000 tettskrivne sider. Gjelsvik skriv sjølv at «Yngve Nedrebø transkriberte drøye 350 sider av de mest sentrale rettsdokumentene, selve fundamentet som denne boken bygger på». Gjelsvik skriv om opphaldet til Gjest på Øvre Berge i 1809-1810, side 70-72, vidare tjuveriet frå Nordeide 1811, side 78-92, flukta i Sogn og Høyanger i 1821, s 239, i arrest på Nordeide 1822 og flukta mot Klævoll s 284-286.
Gjest startar si karriere som tjuv i Bergen i 1806, han har der fleire opphald i fengsel. Ifølge rettsprotokollane reiser han frå Bergen i 1809, «hvorfra han atter strax begav sig her til Sogn i Haab om at faae Tienest, hvilken han ogsaa strax fik hos Gaardmænd Peder Hanssen og Gunder Einersen begge boende på Gaarden Øvre Berge i bemeldte Klævolds Skibsreede her i yttre Sogn, hos hvilke 2nde Mænd hver især han forblev omtrent 1 Aars Tiid».
Dette er Per Hansson (1747-1829) og Gunnar Einarson (1755-1830) på Øvre Berge, der Gjest kjem i teneste i juli 1809. Gjest skal bu hos Per, men han skal jobbe på begge bruka. I kyrkjeboka for Kyrkjebø er det registrert at Gjest går til nattverd 11 desember 1809. Utpå vinteren merker Gunnar at matvarer forsvinn, men er over bevist om at det faste teneste folket er heiderlege. Men «da han mistede 1 Flæskelengde og een temmelig Deel Flatbrød» tar Gunnar Gjest for seg. Gjest må innrømme at han er tjuven, litt av flesket og nokre flatbrød har han liggande att i kista si heime hos Per. I april 1810 må Gjest reise frå Øvre Berge. Per og Gunnar melder ikkje tjuveriet, dei tenker at det er nok straff for ein ung mann å måtte forlate tenesta.
Natta 5 juni 1811 tar Gjest seg inn hos Ole Sjurson Nordeide (1748-1838). Han stel sølvpengar, pengesetlar og eit lite silketørkle. Han blir oppdaga av Gjertrud Olesdotter Nordeide (1786-1855) som jagar etter han når han flyr til bergs, altså mot Berge. Sjølvsagt blir han gjenkjent som drengen som blei satt på porten på Øvre Berge året før. Gjest si ferd går vidare mot Hauken i Viksdalen, der han gjer eit nytt tjuveri. På Bolset i Jølster blir han boden og deltar i bryllaup. Han blir der tatt for tjuveriet på Hauken. Gjest nemner ikkje dette tjuveriet i sin biografi, og det framstår som heller tvilsamt at Gjest blir med heil frivillig til Nordeide.
Hausten 1821 er Gjest saman med Sven Brekke på rømmen i Sogn. Begge to er kjende forbrytarar. 9 oktober 1821 rømmer dei ut fjorden igjen over fjellet og ned til Høyanger. Etter å ha forsynt seg på Hjetland og andre gardar, stel dei i Høyanger ein fire årars færing som var utan segl. I naustet på Ytre Berge finn dei et seksæringssegl, men ikkje mast. Altså må dei ro vidare.
Under rettsoppgjeret i 1822 må Gjest innom Nordeide. Her skulle han bli satt i arrest hos lensmann Anders Andersson Dale (1785-1886), som gift med Gjertrud Olesdotter Nordeide, altså ho som tok han på fersken 11 år tidlegare. Ho nektar å ha han i huset, altså blir han innlosjert hos naboen, Rognald Ellingson Nordeide (1788-1840). Vaktene var menn frå bygdelaga som vart utkalla på omgang. Dei uheldige vaktene var Berge Taraldson Kvammen (1772-1842) og Ole Tolleivson (1802-1859) frå Føsund. Dei skulle vore avløyst av 2 mann frå Osland som vart forsinka av dårleg vêr. Lensmannen og vaktene verkar ikkje å vere budd på å handsame ein sleip kriminell som Gjest og blir lurt trill rundt. Vaktene blir dømd i 1823 til åtte dagars fengsel på vatn og brød. Lensmann Dale må dele saksomkostningane med dei. Lensmann Dale fekk nok å gjere med Gjest. I bygdeboka står det; «Og han ville nok undra seg storleg hadde han visst at denne stortjuven 100 år seinare skulle få ei helteglorie over seg.» No 200 år seinare har dei sanneleg reist statue av Gjest i Sogndal.
Gjest rømmer frå Nordeide utover Kyrkjebøstranda. Han forsyner seg i eit stabbur på Tronvik. Ettersom vinden er for sterk, kan han ikkje rømme med båt ut fjorden og går til fots utover til Klævoll der han legg seg i skjul i skogen. Pågripinga blir dramatisk. Etter at han blir sett av ein gjetargut tar fem menn leia av Johannes Arneson Klævoll (1784-1861) opp jakta, tre av dei har sabel, ein har øks. Gjest klarer ikkje å flykte opp den bratte lia, men prøver å halde dei unna med å kaste stein. Per Larsson Klævoll (1798-1850) unngår så vidt å bli treft og stormar fram med heva sabel. Gjest slår han med ein skarp stein i panna så blodet spruter. 18 åringen Arne Larsson Klævoll (1804-1894) står klar med ei øks. Gjest gjev seg då for overmakta. På veg ned mot garden seier Gjest:
-Eg skal nok hemne meg, kan dykk tru. Ingen fangar Gjest Baardsen ustraffa!
Johannes Arnesson plukkar opp ein kjepp og gjev Gjest eit kraftig slag i bakhovudet.
-Ikkje slå! piper Gjest.
-Det er ikkje bryet verdt å gå heilt til lensmannen med han, snerrar Johannes. Lat oss drepe han her oppe.
-D-dokker har ingen rett til å drepe meg!
-Ingen skal få vite det, seier Johannes med eit olmt smil.
Forslaget er alvorleg meint. Men dei andre mennene nøler og ristar på hovudet. Men faren er ikkje over. Mor til Arne, Gjørand Øysteinsdotter Sande (1772-1845), gjev seg til å skjelle og smelle då Gjest blir tatt inn på tunet.
-Vi hogge hovudet av han. Enten det, eller så senker vi han i fjorden.
Gjest blir overlevert til lensmannen. Han melder seinare bøndene på Klævoll, utan at det ser ut til å ha ført til nokon form for straff av bøndene.
Gjest framstiller seg sjølv som ein populær mann. I Kyrkjebø herad er det ingen tvil om at Gjest var ein uønska mann. Banda mellom dei han har stelt frå og til slutt slått til blods er nok tettare enn han trur. Historia har heilt sikkert gått fram føre han på måtar han ikkje ville eller klarte å ta inn over seg. Det er 9km frå Klævoll til Nordeide. Nordeide ligg ikkje langt frå Øvre Berge. Gjertrud Nordeide vil ikkje ha han i huset. Det er samgifte mellom gardane, og soleis naturleg at dei var godt kjent med Gjest sine eskapadar. Årsaka er openberr, han har stole frå folk som har lite. Tjuveriet frå Øvre Berge i 1810 skjer i krigsår og det har vore harde tider. Folk klarer seg, men det er små marginar.
Gjest hevdar at lensmannen på Nordeide i 1811 er rik. I realiteten stal Gjest frå det som var naudsynt for å overleve, julematen, eller frå hardt oppsparte midlar som var tiltenkt kjøp av små gleder eller nødvendig utstyr. Han stal mat, klede, båtar og pengar utan større omsut for andre enn seg sjølv. Desse åra var harde for mange, ikkje berre Gjest. Gjest viser seg og som ein ukueleg forbrytar, og han tek til flukt for å unngå straffa. Og som vi ser frå flukta frå Nordeide i 1822, så går det utover andre.
Gjest Baardsen, 1935. Mitt liv: forfattet av meg selv på Akershus festning 1827-1835.
Mitt liv : forfattet av meg selv på Akershus festning 1827-1835. 1 (nb.no).
Erling T. Gjelsvik. 2000. Jakten på Gjest Baardsen. En biografi.
Jakten på Gjest Baardsen : en biografi.