Eg har tenkt å skrive litt om rock og blues som har vore ei interesse for meg så lenge eg kan hugse. Eg meiner alle fortener å ha ein lidenskap. Musikk og då særleg rock og ikkje minst blues, er lidenskapen min. Eg har òg prøvd å forklare det i ein såkalla talking-blues eg laga for meg sjølv, eg vart også intervjua om dette ein gang og dei spurde kvifor. Den korte versjonen er at det er mest som å vere forelska; ikkje så lett å forklare det heller – ei form for galskap kallar enkelte det. Men nok om det.
Av: Ottar Uglum – Årbok Høyanger 2018

Sjølv vaks eg opp i Sogndal, og der var gruppa Compact med mellom anna Olav Stedje som vokalist dei store heltane då eg vaks opp. Men eg hugsar jo godt at Lula Mae frå Høyanger kom på besøk, dei vart rekna som eit svært godt band og er det enno. Så interessa var der før eg flytta til Høyanger og starta mi «karriere» i aluminiumsindustrien. Men det er ei anna his¬torie… som eg også kunne ha skrive om.

Foto av Lula Mae framfor Valhall i 1978.

Lula Mae framfor Valhall i 1978. Sitjande framme frå venstre Jan Erik Eide, Rune Ølmheim og Ove Sten Bakketun. Bak f.v. Vidar Nygard, Odd Roger Haugen og Bjørn Helge «Pesen» Pedersen. (Foto: Privat eige)

Eg kom til ei plass der rocken alt hadde ei historie, nesten like gamal som rocken sjølv. Eg meiner dette er ein viktig del av historia til Høyangersamfunnet. Det har vore og framleis er mange aktive utøvarar innafor denne sjangeren i industribygda. Det er òg fleire med røter herifrå som har gjort det bra både som utøvarar og innafor lydproduksjon. Det er ikkje utan grunn at rockemiljøet ved det gamle Skyttarhuset fekk kulturprisen for nokre år sidan. Korleis det heile starta og utvikla seg i starten har «Suen» (Rune Sviggum) dokumentert for oss i avisa Ytre Sogn og ved den fantastiske konserten som fann stad i Høyanger ved 100 års jubileet. Eg får konsentrere meg om det eg har vore med på sjølv, som stort sett var litt seinare i historia.

Arrangør

Skal dei aktive utøvarane få opptre, må jo nokon arrangere konsertar. Dans på lokalet dabba det etter kvart av med og hotella tok over. Høyanger var tidleg ute med klubbdrift, alt i 1980 starta vi opp. Eg hadde då budd i Høyanger nokre år og discomusikken med DJ-ar var i ferd med å ta over på pubar og uteplassar. Dette kunne vi som «digga» levande musikk og rock ikkje godta. Då fekk eg og ein del andre, mellom anna Jarle Molde idéen om å starte ein musikklubb. Eg kjende Jarle frå fagforeiningsarbeid, og vi var begge musikkinteresserte. Jarle hadde mellom anna budd på Voss ei stund og vore i kontakt med miljøet rund jazzfestivalen der. Dette var lenge før det fanst rockeforbund og bluesunions, så vi vart tilknytt jazzforbundet og kalla oss Jazzklubb. Dei hjelpte oss mellom anna med å skaffe artistar.

Foto av ein ung Knut Reiersrud i aksjon på Joss.

Ein ung Knut Reiersrud i aksjon på Joss. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

I samband med jubileet i Høyanger hadde vi mellom anna besøk av Brass Brothers. Dei nemnde for meg at dei hugsa at det var jazzklubb i Høyanger. Det var ein medlemsorganisasjon med styre og så vidare. Medlemmane gjekk litt billegare inn på konsertane, og hadde òg fortrinnsrett om det var kø. Det var det faktisk ganske ofte i 1980-åra då klubben var på topp.

Foto av Cornelius Vreesvijk på Joss.

Cornelius Vreesvijk på Joss. Det var her han bad om orsaking for å uroa publikum. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Heilt i starten prøvde vi oss med jazz, trubadurar og mykje «rart». Men då den kjende svenske trubaduren Cornelis Vreswijk måtte gå av scena med den berømte kommentaren: «Unnskyld at eg avbryt heile tida», forstod vi at publikum var på jakt etter annan musikk. Og for å vere ærleg det var vel vi òg…!!

Det var på den tida stor utbygging av fabrikkar og kraftverk i Høyanger og difor masse folk i bygda. Vi kunne arrangere nesten når vi ville, det kom alltid folk. Vi fekk etter kvart godt samarbeid med eit bookingbyrå i Bergen, og dei skaffa oss masse kjende artistar, både nasjonale og internasjonale. Vi braut etter kvart med Jazzforbundet og skifta då namn til musikkforum for å stå fritt til å arrangere den musikken vi ville. Seinare då Geir Birkeland vart frontfigur, vart det ein rein rockeklubb.

Foto av Frode «Froddien» Rønli i aksjon på Joss.

Frode «Froddien» Rønli i aksjon på Joss. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Hyllest til Joss

Ivar Orvedal, frilans-musikkjournalist og poet busett i Måren, har i avisa Firda 25.mars 2000 ein hyllest til Joss før og no. Med løyve frå han tek eg med eit utdrag av artikkelen:

 

«Seksti-talet hadde The Cavern Clubi London. Sytti-tallet hadde The Scene Club i New York og åttitalet hadde Joss i Høyanger. Mellom musikarar og publikum med høgt truverde på gata vert Joss rekna som ein av dei brunaste norske rockeklubbane.»

 

«Bergen Bluesband hadde fast termin på Joss. Ein tradisjon som Hungry John held ved like som soloartist. I løpet av 80-åra hadde klubben opparbeid seg eit så godt ry at grupper som Dum Dum Boys, Backsteet Girls og Can Can opplevde det som ei ære å få spele i Høyanger. Dei gav alt. Gamlekarane Kevin Coyne og Cornelis Vresvijk sørga dessutan for poetisk ballast medan pensjonerte The Spencer Davis Group (rett nok utan Steve Winwood) for forbi ikkje så mykje for musikken si skuld, men for å tene til livets opphald medan dei sørga for å gi plakaten eit visst historisk alibi. (……).»

 

«Soga om Joss nådde eit høgdepunkt ein gang på midten av åttitalet då Knut Reiersrud inntok scena med bluesbandet Four Roosters, sogar forsterka med saxofon og trombone traktert av unge og elleville Bendik Hofseth og Torbjørn Sunde. Det gjekk ikkje langt ut i det andre settet før Knut kasta sixpensen, og det var den første gangen nokon spela så takplatene ramla ned i hovudet på folk utan at det var planlagt som ein del av programmet. Dette sette ein ny standard for ein vellukka konsert på Joss, flygande takplater var eit innslag som var like obligatorisk som Pete Townshand`s gitarsmadring.»

 

Ein eigen kommentar må skytast inn her: Stavanger-ensemblet med «Froddien» i spisen var nok «best» på akkurat dette. Det såg ut som ei «slagmark» etter konserten..!

 

«Ikkje noe mellomsnakk: Visst det ikkje treffer deg i magen, så kan det vere det same. Det er dette som er musikkens øyeblikk uansett sjanger og tradisjon. Den korte stunda då tid ikkje eksisterer. Vi merkar berre at noko strøymer gjennom oss på veg ut mot fontenene.»

Foto av Jarle Molde og Tore Rønne på trappa til Eides hotel, der dei kastar ut "svette" frå to bøtter.

Jarle Molde og Tore Rønne bar ut fleire liter med sveitte etter konsertane. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Rusa på musikk

Vi kan vel oppsummere det slik at folket vart rusa på musikk, kanskje med litt hjelp av det som var i tappekranane på Joss, det strøymte nok også gjennom ganske mange utpå kvelden og natta!! Vi var ein svært aktiv klubb med eit godt rykte i musikkmiljøet. «Beste rockeklubben i landet» ifølge rockebladet Blind Date i april 1984.

Det vart òg forsøkt starta ein stor bluesfestival, noko som ikkje lukkast. Men det vart etter nokre aktive år litt meir opp og ned med aktiviteten både i Høyanger og i klubben. I 1989 slutta klubben med konsertaktiviteten. Siste konserten var den legendariske konserten med Dum Dum Boys.

Foto av Dum Dum Boys før konserten i 1989 framfor Eides hotell.

Dum Dum Boys før konserten i 1989 saman med leiar av Rockeklubben Geir Birkeland til høgre. Karen i midten er han som gav namnet til Joss, den første innehavaren av puben, Jostein Søreide. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Påskerocken

Men framleis var det god musikk å høyre i Høyanger. Påskerocken som starta i 1988, og Påskejam var mellom anna godt kjent i musikkmiljøet og vart ein tradisjon som trekte mange kjende band til bygda. Her fekk lokale band prøve seg i lag med dei meir profesjonelle og fekk inspirasjon av nasjonalt kjende band og musikarar.

Bård Ose frå Radio Rock var her i 199, den gongen som journalist. Han avslutta reportasjen sin slik: «Er dette Høyanger, bestiller eg billett til evig tid.» Musikkmiljøet i Høyanger gjorde tydelegvis inntrykk. Men folk ville jo ha musikk til andre tider enn i påska òg. Det var meir stabil aktivitet og musikk heile året i klubben si tid. Etter ein del år tok folk til å spørje om det kanskje var på tide å få liv att i rockeklubben. Dette var den siste leiaren i Rockeklubben, Geir Birkeland, og underteikna Ottar Uglum som i si tid var med og å starte opp klubbdrift og var med i styret i mange år, einige i. På eit møtet på Joss 16. september 1998 vart det skipa eit interimsstyre som jobba med å etablere ein klubb og få i hop ein startkapital. Klubben vart formelt stifta 23. januar 1999 med namnet Høyanger Rock og Bluesklubb.

Foto av Aktive rockemusikarar på skyttarhuset rundt 1990.

Aktive rockemusikarar på skyttarhuset rundt 1990. F.v: Sten Hansen, Bjørn «Bønna» Nesse, Bjarte Tynning, Vidar Nygard, Tor Egil Høyvik, Terje «Bosse» Litsheim, Trond Gandrud, Bjarte Johansen og Geir Birkeland (Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Regelmessige konsertar

Ønsket var å få hit dyktige band og litt meir regelmessige tilskipingar. På den måten ville vi inspirere lokale musikarar som vi òg gav spelejobbar. Kvar haust hadde vi Haustrock der unge og lovande band fekk prøve seg på Joss og spele gratis for å skaffe peng i klubbkassa. Dette var suksess i mange år, det var mange band som starta «karrieren» si her. Aventyr som no er eit av dei beste rockebanda i fylket, starta på Haustrock. Det var Joss Pub i kjellaren på Eides Hotell som var «basen» vår. Dette er eit kjempebra lokale for denne typen musikk og har eit godt namn i musikkmiljøet. Lokalet er godt egna til denne typen musikk; her kan ein verkeleg snakke om nærkontakt med artistane. Orvedal skriv: «Det er nemleg eit ganske nytt fenomen, dette at ting blir meir hippe (antikvarisk uttrykk for OK) jo meir sentralt dei er plassert. Ein gong for lenge sidan då rock var rock og jazz noko farlig, var rockepuben Joss like mykje verdens navle som andre klubbar med kompromisslaust program og blind tru på musikkens universale kraft.»

Eg vil også legge til at det hadde noko med vertskapet på hotellet å gjere. Musikarane og alle andre fekk verkeleg «godt stell». Men det har kanskje mest å gjere med det fantastiske publikumet på Joss. Dei «gir alt» nett som musikarane. Stort sett vart kvelden avslutta med: «Når kan vi komme tilbake?» Vi hadde ei bok med utklipp frå avisomtalar og der artistane kunne skrive kommentarar. Nokre døme derifrå: «Oi for et liv!!», «Meget bra svinesteik!!», «Supert Publikum!!» og «Ord blir fattige…!!». Vi hadde svenskar på besøk òg; Tequila Girls: «Hærligt ställe, mysiga människor; BRA Personal (I love them) Mycket dans og Vacra kvinnor i Høyanger….»; dei hadde nok ein bra kveld. «Spela frå sola gjekk ned til den stod opp att!» skreiv eit anna band. Det var vel å overdrive litt. Men eg må nok innrømme å ha kome ganske seint heim enkelt gonger. Ikkje så enkelt å berre gå når ein bluesentusiast som meg vert sittande å prate med rotekte bluesartistar som til dømes Cookie Macgee. Ho vaks opp med dei berømte brørne King – Albert, Fredie og ikkje minst B.B. King, og ho hadde mykje å fortelje.

Vi hadde òg konsertar på Øren Hotell og i kinosalen. Største suksessen her var nok Oddvar Torsheim som saman med dottera Jorunn og gruppa Billa & The Kid frå Sogndal hadde konsert i kinosalen og Oppedal Bluesband på Øren etterpå. Det trur eg vart ein kveld mange har gode minne om. Noko av konserten kom i ettertid på CD. Eigne program i nærradioen Radio Smia hadde vi òg ei stund. Elles må eg jo innrømme at det er litt stas når eg har opplevd å kome på Madam Felle, som er Bergens svar på Joss Pub, for å høyre Hungry John og han stoppar opp når eg kjem i døra og seier «Velkomen Ottar» frå scena og Arle Hjelmeland, like godt kjend som Goodtime Charlie, sit i baren og spør når han kan kome på Joss. Vi forstod etter kvart at vi hadde «fått til noko» som var litt spesielt og som gjestande musikarar sette pris på.

Tung økonomi

Dette gjekk bra i nokre år, men frå 2003 sleit klubben tungt økonomisk. Det vart etter kvar dyrare å arrangere konsertar på grunn av større utgifter både til lyd/lys og honorar og hotellutgiftene vart heller ikkje mindre. Dessutan vart det etter kvart svært varierande oppslutnad om konsertane. Vi melde oss ut av Rockeforbundet og valde ikkje styre, men underteikna var kontaktperson og Rune Strandos kasserar. Vi vart ein litt meir uformell organisasjon som fekk folk til å hjelpe oss når vi trengte det. Det vart færre konsertar. Det var rett og slett ikkje nok folk som gjekk ut for å høyre levande musikk i Høyanger. Dette måtte vi berre ta konsekvensen av. Mykje tydde på at levande musikk gjekk vanskelege tider i møte, trudde vi då. Det var synd for ei konsertoppleving frå levande musikarar med instrument kan aldri bli erstatta av DJ`ar og meir eller mindre kunstskapt musikk frå datamaskiner.

Etter dette litt oppgitte «hjertesukket» i 2003 var det pause ei stund. Men folk ville jo gjerne ha rock på Joss att etter kvart. Så vi har «halde det gåande» og med ujamne mellomrom «vakna til live» og hatt konsertar med både med lokale og andre artistar. Vi må òg få nemne at vi ofte fekk støtte frå Kulturutvalet ved Hydro og industribedrifta, noko som var ei god hjelp økonomisk. Etter kvart vart det også andre som arrangerer konsertar, så rock og blues vil det alltid vere i Høyanger, det er det viktigaste, ikkje kven som arrangerer det.

Trufaste artistar

I 2010 då det var 30 år sidan starten i 1980, hadde vi besøk av Bergen Bluesband med Hungry John i spissen. Han har vel vore ein av dei mest trufaste artistane på Joss. Elles likar vi å få hit artistar frå eller med tilknyting til Høyanger. Sizz Norevik har til dømes hatt nokre minnerike kveldar på Joss. Ai Poenix kan vi òg vere stolte av som fekk Spelmannspris. Rattlesnake Charlie var eit ordentleg rock’n roll-band og det fyrste bandet frå Høyanger som gav ut plate. The Tubs hugsar nok også mange.

Bluesnamn som eg må nemne, er Oppedal Bluesband. Etter ein jobb her skreiv dei i den før nemnde boka: «Ditta va jammen moro. Her føler me oss heime alltid kjekt å spele på Joss!!» Trur nok det oppsummerer òg kva publikum meiner. Fleire band kunne vore trekte fram, men nokre nemt, ingen glemt som det heiter.

Jubileum

I 2015 var Høyanger 100 år som industriplass. Eit jubileum i Høyanger utan rock og blues gjekk jo ikkje meinte vi. Vi syns rock og blues bør vere eit kjennemerke i Høyanger på same måte som blues er blitt det i industristaden Notodden. Det same gjeld Odda og Årdal. Denne musikkforma står jo sterkt på slike typiske industristader. Prosjektet vårt i samband med 100-årsjubileumet i Høyanger vart ein fantastisk konsert med ein gjeng veteranar frå Bergen med Bård Ose frå Radio Rock i spissen. Han var her som journalist på Påskerock i 1991. No var han tilbake med Rolling Clones som kalla seg sjølve «Verdens nest beste Rock’n Roll-band» og leverte ein fantastisk Rolling Stones-kveld på Joss. Vi hadde plan om at veteranar frå Høyanger skulle spele som oppvarming. Den idéen vart overteken av andre og enda med ein eigen kjempekonsert med «gamle» Høyanger band. Dette vart ein fantastisk konsert som synte fram rockemiljøet i Høyanger dei siste fem tiåra. Konserten fekk seinare «ønskerprise» i Høyangerhallen og vi «gamalrockarane» frå klubben sine velmaktsdagar kunne berre nyte og mimre.

Foto av The Tubs på scena på Joss i 1993.

The Tubs på scena på Joss i 1993. Bjarte Johansen (nærmast) og Tor Egil «Toren» Høyvik på gitar. Bjørn «Bønna» Nesse på bass, delvis skjult bak «Toren». Bak trommen sit Arve Rune Ullebø.
(Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Det er no etablerte firma som driv med lyd og lys i Høyanger, og det er òg nye krefter som arrangerer konsertar, mellom anna på Joss. Då ser vi som har drive rock og bluesklubb, at dette arbeidet vert vidareført og er svært fornøgd med det. Klubben er ikkje formelt nedlagd, og vi vert framleis kontakta av band og samarbeider med og hjelper dei som arrangerer konsertar i Høyanger. Så både vi og Høyanger rockar vidare!!

(Artikkel har og vore på trykk i Ytre Sogn 29. september 2017)