Var Jysep-Lasse frå Vadheim modell for Johan Bojer sin Jakob med litlfoten i boka Den siste viking?

Johan Bojer sin Jakob var liten, kraftig og hissig, ein hardhaus og av dei dyktigaste på sjøen og sjølv om stormen var av dei verste , segla han aldri frå ein kamerat som trengde hjelp.

Ola Nilsson Hovland fortalde om Jysep-Lasse til Johs B. Thue, i 1962, at han hadde ord på seg for å vere noko sint og vrang i seinare år. Heile soga om Jysep-Lasse stemmer godt med det Johan Bojer fortel om Jakop med litlfoten, i boka Den siste viking. Kan Jysep-Lasse ha vore inspirasjon for Johan Bojer sin Jakob med litlfoten?

Morfar til Sverre Søgnen, Hans var jekteseglar. Han eigde aldri jekt sjølv, men var mannskap på mang ei Bergens-ferd. Det var helst ved frå Sogn og tønner frå Sunnfjord dei frakta. Heimat frakta dei varer til handelsmennene, og kol til Fylkesbåtane sitt lager i Lærdal.

Hans fortalde om jekteseglarlivet og harde økter på land og sjø. Han fortalde om Jysep-Lasse, som kom frå Røyrvikgarden. Fleire gonger kom han ut for så hardt vêr at masta brotna, men han kom alltid frå det på eit vis. Heilt til han ein gong fekk øydelagt eine foten og blei halt (Søgnen, Soga om Vaim) .

Forfattaren Johan Bojer reiste mykje omkring. Først som handelsreisande og seinare som diktar. Han var svært interessert i vanlege folk sin kvardag, og brukte det ofte i bøkene sine. Det er slett ikkje umogeleg at Bojer reiste forbi Vadheim, og stoppa der og venta på dampen. Som handelsreisande, eller diktar stoppa han kan hende på hotell i Vadheim, slik skikken var den gongen. Kanskje fatta han interesse for den halte einebuaren i på Hovland, og kom i prat med han? Og sidan, da han skreiv den Den siste viking, kan han ha brukt soga om den gamle hardhausen, som kjøl og spant for boka si.

Jakob hadde ein båt som bar namnet Sjøblomsten. Kva jekta, som Jysep-Lasse segla på heitte er ikkje kjent. Men etter litt leiting fann Søgnen ein båt med namnet Sjøblomsten i heradet her. Båten er bygd i 1880-90-åra. Eigarar er Berje i Teien og broen Hans, frå Søreide. Berje selde truleg Sjøblomsten til Jysep-Lasse. Og truleg blei Sjøblomsten sett opp på Hovland. Det at Jysep-Lasse blei halt og at han segla og truleg eigde Sjøblomsten, er i det minste indisie på at at han var modell for Jacob i Den siste viking. Jysep-Lasse døydde i jektevengen sin i 1914, 83 år gammal. Dei gamle jektesiglarane rekna han som den djervaste sjømannen av alle. Var han Den siste viking? (Søgnen, s. 73).

Jysep-Lasse kom frå fjellgarden Røyrvik, i Vadheim. Han var son av Josef Paulson Teigen, som gifta seg med enkja Helena Ivarsdotter Heggem, fødd i 1792. Josef reiste sin veg da Lasse var 9 år gammal. Lasse blei fødd i 1831 og var nummer fem i søskenflokken. Som tidlegare nemnd tok han til som mannskap på jekt. Med tida fekk han sitt eige fartøy, truleg med namn Sjøblomsten. Truleg reiste han til Helgeland og Lofoten med plankar og bord. Heim hadde last med sild og annan fisk. Han var god venn med Ivar Arneson Verpe, som også var skipper frå same grenda. Dei heldt mykje følgje med jektene sine. Ivar var gift og hadde to ungar og bygsla husmannsplassen Verpe. På sildefiske vinteren i 1881 drog Ivar på seg sjørbuk, og døydde 41 år gammal. Han var 9 år yngre enn Jysep-Lasse. (Søgnen s. 72).

Etter at Ivar Arneson Verpe døydde heldt Jysep-Lasse seg mykje aleine, med ein leigekar til hjelp. Lasse busette seg på Hovland og blei ikkje gift. Nede i den flate fjøra som Ola Nilsson Hovland eigde fekk Lasse setje opp jekta si, når han ikkje var på tokt. Der vølte han og tjærebreidde jekta. Ola Nilsson Hovland fortalde til Johs B. Thue i 1962: «Då han vart gammal og halt og ikkje kunne reise lengre, sette han jekta på land på Hovland og budde der åleine» (Søgnen, s. 72).

Om han Jakob, Pinade med litlfoten skriv Johan Bojer: «Han måtte i krambua etter det han skulle gøyme kroppen sin i, og nå var han i islandsk ulltrøye og skinnvest, men busserullen utanpå det heile var blå. Hvem fiska han for? For ingen. Han hørte til på Lofoten og på nordvei og på heimvei. Han hørte også til i grenda langt der sør, men helst var vel heimen hans i løftingen på Sjøblomsten. Når han ikke var tynt i slagsmål ennå, ødelagt av drikk eller omkommet under vettløs segling, så var det bare en forklaring: Han var Jakob» (Bojer, s. 96 og 97).

Johan Bojer skreiv Den siste viking, og vikingen var forfattarens vitnesbyrd på den siste generasjonen fiskarar som segla i open båt for å vere med på det sagnomsuste skreifisket i Lofoten på etterjulsvinteren (Rottem, s. 76). Rottem skriv at stoffet i Den siste viking er autentisk, og at dei litterære figurane er tufta på levande modellar (s. 79). Rottem skildrar Jacob Pinade med litlfoten kort og greitt: «Storseglar, storfeskar og stordrekkar» og «herlig ungkar på seksti år» som har båten både som kjerring, hus og heim (s. 80).

Han Jacob let ikkje høvet til dram og slagsmål gå frå seg. « .. ja, så sannelig er det ikke han Jakob, han Pinade med litlfoten. Han svinger med ei tomflaske og skråler heile tida bakover til fylkingen: «Gå på, kara! Ta dem, kara! Fan hakke de der nordlendingan!»» (Bojer, s. 126).

Men framfor alt var Jacob den djerve høvedsmannen, som under stormfullt, frykteleg vêr reddar Kristaver Myran og nesten alle av hans mannskap, da Kobben, båten til Kristaver blir snudd opp ned i dei valdsame bølgjene. Han Jacob Pinade med litlfoten segla aldri frå ein kamerat som trengde hjelp. Kristaver Myran held fram med å reise på lofotfiske. Han ender også livet sitt der. Sonen til Kristaver, Lars Myran, gir seg som lofotfiskar etter forliset med Kobben. Han utdannar seg til lærar. Som skolestyrar, godt opp mot dei førti, stig han i land frå dampbåten og møter Jakob ein siste gong. Da Lars har minna om at Jakob redda han frå kvelvet med Kobben spør han: «Hvor gammal er du nå, Jakob?» «Å, folk påstår at jeg er over de nitti. Men når helsa er bra så,» svarte Jakob (Bojer, s. 248). Gamle blei dei begge to både Jysep-Lasse og Jakob Pinade med litlfoten.

Kjelder:

Søgnen, Sverre: Soga om Vaim. Eige forlag.

Bojer, Johan: Den siste viking. Gyldendal Norske Forlag A/S, Oslo 1972.

Øystein Rottem: Hurtigruta – en litterær reise. Forlaget Press 2002.

Bygdebok for Kyrkjebø, bind 2.

Ola Nilsson Hovland, 1871-1962.

Ola og Gudrun Larsdotter fekk skøyte på Lnr/bnr. 58/7, på Hovland (Nilsgarden) i 1911, for 7000 kr. Dei hadde garden til 1955. Ola var med i heradsstyret i 30 år og var varaordførar i 3 av åra.

Saman med postopnar Endre Trædal skipa han Vadheim Privatbank i 1910. Der var han banksjef og administrerande direktør til 1945. Ola fekk skipa ungdomslag og skyttarlag, og var av dei første talsmennene for vegane Vadheim-Tangen og Vadheim-Ullebø (Bygdebok for Kyrkjebø II, s. 376).