For veglause grender og gardar var det å få bilveg fram ei viktig kampsak. Etterkvart vart det ein føresetnad for busetting. Det å få vegutløysing var for mange ein lang og seig prosess. Ein ting var det å få gjennomslag for vegkrav og etter kvart tilskot. Ofte måtte dei og stå for mykje av vegbygginga sjølve. Ein av dei som var med å kjempa fram veg, var Bendik Sørestrand frå Lavikdal. I ”Fylkesleksikonet” frå 1953 skriv han om Lavik herad. ”Vegbyggjinga, både det som gjeld samanbindingsvegar og produksjonsvegar fram til avsidesliggjande grender, har havt ein brei plass i heradspolitikken. Mykje er gjort i den leid, men det står enno mykje att.”
På 1930-talet var det køyreveg frå Lavik og opp til Strandos på Øvre Lavikdal. Derifrå var det ein kjerreveg langsetter nordsida på Sørestrandsvatnet fram til hovudbruket på Sørestrand. Dette var ikkje godt nok for den nye tid. Tida var no inne for å få skikkeleg veg til gards.

Av: Gaute Ljotebø – Årbok Høyanger 2011

Foto viser vegbygging ved Svultingselva på 1930-talet.

Vegbygging ved Svultingselva på 1930-talet. På biletet ser vi at dei nytta steinbukk og tralle for å handtere steinen. Borehola for dynamitten var slått med handbor og feisel. Først ut på 1950-talet nytta dei bensindriven boremaskin på dette veganlegget. (Eigar: Fylesarkivet Vestland)

https://foto.fylkesarkivet.no/foto/preview.php?id=SFFf-1996032.0011

Den gamle brua

Den første brua over Mjåsundet (utalast mjaosunde) ved Sørestrand kom på plass i 1935. Brua vart sett opp på dugnad med hjelp frå bygdefolket. I den tid var det ikkje veg på sørsida av brua. Men lenger sør var ein ny veg på gang frå Stølsbotn, som på sikt skulle komme til gards. Brua gav dei no lettare tilkomst til denne nye vegen og til utmarka som låg på andre sida av Sørestrandsvatnet.

Dette var ei gangbru som og var nytta til hestetransport. Frå før hadde dei ei endå eldre bru, som gjekk over Stroka ved osen ned mot Nordstrandsvatnet.

Foto viser den gamle brua på Sørestrand på Øvre Lavikdal.

Karl Gudmundsos fekk i oppdrag av Bendik Sørestrand å ta nokre bilete i samband med transport av brubjelkane til den nye brua 6. januar 1957. Her er eit av dei som viser gamle brua. Tre av bileta, mellom anna dette, kom på trykk i avisa ”Sogn og Fjordane” 6. februar 1957. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)

Kyr i vatnet

På sommaren hadde dei på Sørestrand i periodar kyrne sine på beite på sørsida av vatnet. For å komme dit, hende det at kyrne gjekk brua over Mjåsundet. Brua var noko skrøpeleg, men om kyrne gjekk fint på rekke gjekk det bra. Men ein dag rundt 1950 ein stad gjekk det gale. Kyrne skulle heim, ho som gjekk fremst stoppa opp ute på brua, dei andre gjekk på slik at dei samla seg. Dette vart for mykje for brua, nokre plankar tippa til og brua braut saman. Fleire av kyrne for i vatnet. Det var folk som stod og såg på det som hende på hi sida av brua. Ein ting var kyrne, men kva med dei som jaga. Bendik Sørestrand ropte til. ”Gjekk da med folk!” Til alt hell var det ingen av dei som jaga som for i vatnet. Heldigvis gjekk det og bra med kyrne og, dei sumde i land og klarde seg. Denne hendinga sette ein støkk i folket på Sørestrand. Årsaka til dette uhellet meinte dei kom seg av at det var spikra på nokre nye fjøler, dette var noko som den første kyra beit seg merke i og måtte snuse på, ho stoppa opp, og dermed var det gjort.

Veg til gards

På byrjinga av 1930-talet vart det sett i gang med vegbygging frå krysset ved Stølsbotn og fram mot gardane Gudmundsos, Sørestrand og Nordstrand. I 1936 var vegen opp langs fjellet og Svultingselva klar. I 1938 kom det bru over Svultingselva mot Gudmundsos. Herifrå var det veg bort til Nordstrandsvatnet. Vegen heilt fram til Gudmundsos kom seinare. Vegbygginga fortsette vidare mot Sørestrand og Nordstrand.

Ein viktig pådrivar for å få i stand veg var Bendik Sørestrand. Han var lenge eigar av hovudbruket på Sørestrand, og mykje med i styre og stell i gamle Lavik herad, mellom anna i heradsstyret. På 1950-talet hadde han overlete garden til sonen Andrias, og vorte kårkall, men var framleis aktiv både i arbeid og politikk.

I 1936 skaffa Andrias Sørestrand seg bil til drosjekøyring. Men det skulle ta tid før han fekk bilen heim til gards. Det tok lang tid å ferdigstille den vel 1,8 km lange strekninga frå krysset ved Stølsbotn til Sørestrand. Den var bygd etappevis etterkvart som dei fekk tilskot. Dei som stod for anleggsdrifta var i stor grad folket sjølv på Sørestrand og Nordstrand, som mellom anna gav interessentbidrag i form av arbeidsinnsats. Dette var ein vanleg måte å bygge gards- og grendevegar på i den tid. Sjølve vegbygginga gjekk føre seg i ledige stunder på hausten før snøen kom og om våren før vårvinna tok til.

Sørestrand bru

Her er dei som var involvert i transporten av brubjelkane til den nye brua over Mjåsundet. Bak fv. Georg Strandos, Sverre Engen, Andrias Sørestrand, Anders Kjønås, Einar Brendsdal, Bendik Sørestrand, Håkon Bilsbakk og Karl Hellebø. Guten framfor er son til Andrias, Bjarne Sørestrand. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)

På nyåret i 1957 var alt klart for siste etappen for å få køyreveg til Sørestrand. Den nye brua over Mjåsundet var på gang. Dette var ei viktig hending som har sett seg godt i minnet til dei som var med. Særleg kan her nemnast transportenav brubjelkane av stål opp den smale og krunglete vegen til Øvre Lavikdal. I avisa ”Sogn og Fjordane”, som kom ut på Leikanger, var det 6. februar 1957 ein grundig reportasje om denne ”vanskelege transporten”.

Bruspennet over sundet skulle vere på 21 m. Dei to brubjelkane som kom frå Tyskland var på berre 21,1 m, og dermed for korte for å kunne brukast. Dei måtte sveise på 1,25 m, eit arbeid som vart utført i regi av Løland Motorverkstad på kaia i Leirvik. Lengda på bjelkane vart no på 22.35 m, og dei vog om lag 4 tonn. Transporten vart gjennomført i byrjinga av januar 1957. I avisa kan ein lese at den 2. januar vart det avtalt med vegkontoret at transporten måtte takast medan vêret var lagleg og vegane var harde og snøfrie. 3. januar gjekk med til førebuing.

Sjølve transporten gjekk føre seg over tre dagar frå 4. til 6. januar, og dei tok ein bjelke i slengen. Dei nytta to lastebilar. Den eine var vegstellet sin store lastebila i Lavik med Karl Hellebø som sjåfør. Den andre var Håkon Bilsbakk frå Lavikdal sin, han hadde elles erfaring frå liknande transport i Matre. Ein køyrde framover medan den andre rygga, mellom seg hadde dei bjelken liggande på lasteplanet. Dei bytte på å køyre først.

Dei hadde sine utfordringar undervegs med smal og svingete veg. Enkelte parti som var særs vanskeleg å passere. Verst var det i den smale svingen like etter Bruhaugen, her måtte dei til å buksere bjelken litt før dei kom seg forbi. Like etter dei kom forbi her, måtte dei gje seg første dagen, då det vart slutt på dagslyset.

Andre dagen laurdag 5. januar var det eit forferdeleg vêr med storm, regn og hagldrev. Men dei trassa vêret, og rundt klokka 14.00 var dei framme ved Sørestrand med første bjelken. Så var det av garde å hente siste bjelken. Transporten var ikkje noko særleg med tanke på det ufyselege vêret som medførte blaute grusvegar. På trass av dette gjekk det greiare no, dei hadde erfaring frå den første turen, og det gjekk raskare. Det var ingen stor fart på følgjet, det gjekk om lag i vanleg gangfart. Ved Bruhaugen måtte dei ta kvelden, og ”karavanen” parkerte framfor butikken til Lasse Bruås Søndag 6. januar var det snøvêr. Sjølv om det var helgedag og dårleg føre, måtte transporten fullførast. Dei fekk noko ekstra trøbbel med at siste bilen ikkje ville spora godt nok i svingane. Men her kom det godt med at Karl Hellebø hadde firehjulstrekk og differensialsperre. Trass i problem med dårleg vêr og føreforhold konkluderer ”Sogn og Fjordane” med at det gjekk utruleg fint.

Brukara vart mura opp i stein same vinteren. Resten av brua var i stor grad bygd i tre, og ho stod klar til bruk på våren. Georg Strandos som var med på transporten av bjelkane og var bas for sjølve bygginga av brua. Fortel til ”Ytre Sogn” i 1999 at den verste jobben var å få trekt bjelkane over vatnet. I den tid hadde dei ikkje noko særleg med hjelpemiddel som t.d moderne kraner. I staden nytta dei den gamle brua til å legge bjelkane på. Etter att den nye brua stod ferdig fortsette vegbygginga vidare innover til Nordstrand.

Foto viser transport med lastebilar av brubjelkar på Øvre Lavikdal

Den siste brubjelken på veg gjennom svingen ved Stølsbotn. Håkon Bilsbakk køyrer fremst medan Karl Hellebø ryggar den bakarste lastebilen. Dei bytte på å køyre først, og her var eine staden dei bytte om. Dei bygde opp lasteplanet med plankar som dei la brubjelken på. Følgjebilen i venstre biletkant var køyrd av Sverre Engen, og hadde med utstyret som dei trengde. I tilegg nytta dei drosje som køyrde hjelpemannskapet. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)

På foto ser ein brubygging på Sørestrand på Øvre Lavikdal.

For å løfte brubjelkane av og på lastebilane brukte dei stubbebrytar. Her lastar dei av den siste brubjelken framme ved Sørestrand. (Foto: Karl Gudmundsos. Privat eige/HIM)

Ein vanskeleg transport

«På vegen innover til Lavikdalen var ein spent på korleis det ville gå. Jau, det gjekk fint forbi ”Gruva” og ”Rotehaugen” på Løland utan kluss, og med noko varsemd gjekk det fint også ved ”Eines”. Ved Bruene var det skarpe og vrange svingar, så ein måtte stogga og spitta bjelkane på plass att på boksen, då det under svinging og ”gniksing” i transporten hadde det naturlege laget at bjelkane ville ”gniksa seg” ut på kantane. Ved Bruhaug skifte sjåførane ”ende” att. Men like nord for Bruhaug var det store spørsmålet korleis det skulle gå der i den knappe svingen ”Bautestodhamaren”, knapp sving og steile, høge fjellhammaren like i vegkanten og attåt smal veg. Der vart ein fare der då begge signalmennene ikkje såg kvarandre, men det gjekk likevel bra. Her i svingen synte det seg at det måtte nyttast tilhengjar i staden for bakarste bilen. Bjelken vart så hengd i stubbebrytar, og bakarste bilen køyrde frå, tilhengjarvogn med svingskive vart skuva inn under bjelken og denne firt nedpå vogna. Så vart det heile ”buksert” med varsemd gjennom svingen med handmakt. Bakarste enden av bjelken kom då langt utom vegen i lufta. Komne forbi knappaste svingen, rygga bakarste bilen inn under bjelken att, tilhengjaren vart gjort fri og fasthengd i fremste bilen for å dragast med bil til Espevikhamaren, der ein tenkte same måten måtte brukast. [Dei slapp å bruke hengaren i Espevikhamaren.] Bilsbakke, som hadde sin ryggetørn då, gjorde ein smart vrikk med framenden på bilen sin, og dermed smatt bjelken forbi fjellveggen.» (”Sogn og Fjordane” 6. februar 1957)

 

Fornying

Sommaren 1999 vart Sørestrand bru fornya og fekk ein grundig reparasjon. Treverket i den gamle brua var utslite, og sjølve brua var for svak. Dei gamle brukara var framleis nytta, det same var brubjelkane, som no vart sandblåste og handsama for rust. På midten under bjelkane vart brua forsterka med ei midtsøyle, og treverket vart erstatta med betongdekke. I denne omgangen var det Høyanger kommune som stod for løyving av pengar og prosjekteringa. Sjølve ombygginga var gjort av entreprenør NCC EEG Henriksen.

 

Kjelder

Munnlege:

Informasjon innhenta ved samtalar med Leikny Strandos, Nanni Solheim, Karl Gudmundsos og

Karl Hellebø

 

Aviser:

Sogn og Fjordane 6. februar 1957

Ytre Sogn 16. juli 1999

 

Litteratur:

Sætheskar, Johs. Red. (1953) Det Norske næringsliv.

Sogn og Fjordane fylkesleksikon.