Berge ungdomslag
Harald A. Berge skreiv om Berge ungdomslag i samband med at Sogn ungdomslag fylte 50 år. Heftet «Sogn ungdomslag 50 år» blei gitt ut i 1946. Berge ungdomslag blei skipa i 1895, og har med visse avbrot vore tilslutta Sogn ungdomslag. Den første formannen i Berge ungdomslag var Anders H. Berge. Seinare blei Anders ordførar i Kyrkjebø herad.
Harald skriv at dei eldre fortel om stor interesse for ungdomslagsarbeidet. Særlege merkesaker var unionsstriden og målsaka. Lagsmøta gjekk på omgang frå stove til stove. Det var eit lite avbrot i lagsarbeidet fram mot 1903. Da fekk Edvard S. Berge og Harald Berge, som nett var komne heim frå Sogndal Folkehøgskule, laget i gang att.
Edvard var formann fram til 1915. Harald skriv at Edvard leidde arbeidet framifrå godt. Edvard flytte seinare til Måløy. Harald blei den neste formannen. Han skriv om lagsarbeid av ymse slag: foredrag, ordskifte, lagsavisa «Nybrot» og skodespel. «Nybrot» var alltid spekka med godt innhald.
I 1917 fekk bygda eige skulehus. Ungdomslaget fekk lov til å bruke kjellaren til møte og festar. Harald skriv at laget sette lokalet i full stand med benkar, kateter og speltile med kulissar. Kjellaren blei måla fint opp. Berge ungdomslag hadde i denne tida eit godt styre både med mot og framsyn, verkeleg eit kulturinnslag i bygda. Laget viste spelstykke også utanom bygda, som i Høyanger og Vadheim. Seinare skipa laget songkor, under leiing av Harald Berge. Laget var med på skogplanting og i ein periode hadde laget leikarring.
Ingvald Thue tok over som formann etter Harald i 1928 (1927). Han var formann i eitt år. Odd E. Berge tok over leiarvervet. Han var også formann i eitt år. Arbeidet i ungdomslaget gjekk ikkje like lett som før. Harald nemner som årsak til det at industrikulturen frå Høyanger no hadde fått sitt tak på ungdommen. Det blei blåst nytt liv i ungdomslaget, igjen med Harald Berge som formann. I 1932 blei Eiliv S. Berge formann. Harald skildrar Eiliv som ein utifrå interessert ungdom for alt lagsarbeid. Eiliv ofra seg mykje for arbeidet i lengre tid. Han døydde i 1942, berre 35 år gammal.
Frå 1940 låg alt arbeid i Berge ungdomslag nede. Laget fekk fleire trugselbrev om å gå inn i «det nye», men det blei det ikkje svart på. Laget hadde noko pengar, som dei greidde å berge.
Frå hausten 1945 kom laget i gang att. Da med bror til Eiliv, Johan S. Berge, som formann. Laget drøfta på den tida å gå saman med Kyrkjebø ungdomslag om nytt hus, og samanslåing av laga.
Harald Berge uttrykte avslutningsvis eit ønskje om at bygdeungdomen må gå meir på folkehøgskule for å sikre bygdene eit rikare åndsliv.
Sverre E. Berge har sett opp ei liste av formenn i Berge ungdomslag. Denne lista fell ikkje heilt saman med det som står i heftet frå Sogn ungdomslag. I 1952 blei Berge ungdomslag avvikla.
Anders H. Berge (1870-1954) 1895-1903 gbnr. 57/2
Edvard S. Berge (1895-1980) 1903-1915 gbnr. 57/1
Harald A. Berge (1897-1982) 1915-1927 gbnr. 57/2
Lars L. Berge (1898-1990) 1927-1927 gbnr. 55/2 / Haaland K.
Ingvald Thue (1902-1990) 1927-1928 gbnr. 56/2
Eiliv S. Berge (1907-1942) 1928-1932 gbnr. 55/3
Ingvald Thue (1902-1990) 1932-1933 gbnr. 56/2
Harald A. Berge (1897-1982) 1933-1935 gbnr. 57/2
Odd E. Berge (1912-2001) 1935-1936 gbnr. 55/1
Eiliv S. Berge (1907-1942) 1936-1940 gbnr. 55/3
Johan S. Berge (1917-1995) 1945-1948 gbnr. 55/3
Egil Haaland (1915-1999) 1948-1949 Skulehuset
Eivind L. Berge (1927-2019) 1949-1950 gbnr. 55/5
Jorunn P. Berge (1928-2016) 1950-1952 gbnr. 57/1 / 57/3
Dei spelstykka som ein har funne at laget har spelt, var i følgje referat svært vellukka. Det manglar referatbøker frå Berge ungdomslag frå 1896 til 1924. Vanlegvis var det fire til seks personar som spelte i kvart teaterstykke. Før skulehuskjellaren var komen i orden spelte dei i heimane, oftast hjå Hans A. Berge, gbnr. 57/2.
Det første spelstykket som Aslaug S. Berge hugsa, blei spelte hos Hans. Publikum sat i yste stova. Stova var stuvande full, og dobbeltdørene til midtstova blei opna. I midtstova var scena. Det er litt usikkert med årstalet, men det har truleg vore i 1918 eller i 1919, med teaterstykket ”Slurvestyr”.
Sverre Berge leita fram teaterstykke som Berge ungdomslag sette opp frå 1918. Han noterte også ned skodespelarane som var med i kvart av stykka.
1918-1919: Slurvestyr spelt av Maria Berge, Astrid E. Berge, Harald A. Berge, Lars L. Berge, Astrid L. Berge og Gunnar Tangen.
1920: Dei kvinnfolka (Oskar Braaten) spelt av Gunnar Tangen, Astrid E. Berge, Olav S. Berge, Pernille Berge, Maria, Harald A. Berge, Ingvald Thue.
1920: Heradstyret (Heimelaga) spelt av Ingvald Thue, Einar Thue, Severin Glenjen, Gunnar Tangen, Harald A. Berge, Astrid E. Berge, Olav S. Berge, Per S. Berge, Maria Berge og Edvard S. Berge.
1921: Elskhug og Skoghandel (Petra Kvisli).
1921: Heimebrenning.
1925 og -26: Ein begrædelsens dag (Jørgen Haugedal) spelt av Ingvald Thue Astrid E Berge, Eiliv S. Berge og Gyda A. Berge. Den andre gongen spelte Ida Aasheim istaden for Astrid. Ida var tenestejente hos Per S. Berge, gbnr 57/1.
1925: Luftfart (Wilhelm Skåtun) spelt av Gunhild K. Berge, Ingvald Thue, Einar Thue, Magnhild og Erling Øyehaug, Astrid L. Berge, Harald A. Berge, Eiliv S. Berge.
1927: Jordbruk i Duppeland (Olav Eding) spelt av Ingvald Thue, Einar Thue Johan Thue, Harald A. Berge, Gyda A. Berge, Eiliv S. Berge, Ingeborg L. Berge og Astrid L. Berge.
1928: Åndelige klenodier (Rasmus Løland) spelt av Ingvald Thue, Einar Thue, Johan Thue, Ingeborg L. Berge (Osland) Aslaug S. Berge og Eiliv S. Berge.
1929: Eld i hjartekrå (Torvald Tu) spelt av Ingvald Thue, Einar Thue, Johan Thue, Ingeborg L. Berge (Osland) Gunnvor E. Berge, Aslaug S. Berge og Eiliv S. Berge.
1930: Ukjent tittel spelt av Ingvald Thue, Johan Thue, Jenny Viken, Anna Bakke, Ingeborg L. Berge (Osland) og Gunnvor E. Berge.
1934: Gamlekarane i Rognelia spelt av Lisa Austreim, Borgny S. Berge, Brynhild E. Berge, og Eldbjørg K. Berge. Stykket blei spelt ved avslutninga av sykurs i Kårestova, gbnr. 55/1.
1934: Marknadsferd (Wilhelm Moberg) spelt av Ingvald Thue, Eiliv S. Berge, Ingebjørg P. Berge og Ingeborg L. Berge (Osland).
1935: Bygdeungdomen spelt av Johan Glenjen, Ingvald Thue, Harald A. Berge, Ingeborg L. Berge (Osland), Kari P. Berge, Eiliv S. Berge og Johan S. Berge. Den 3. mars spelte dei i Valhall i Høyanger.
1935: Gode grannar (Sverre Bøthun) spelt av Johan Thue, Ingeborg L. Berge (Osland), Kari P. Berge, Gullborg E. Berge, Eiliv S. Berge og Johan Berge.
1936: No ramla det alt spelt av Ingvald Thue, Johan Thue , Ingeborg L. Berge (Osland), Kari P. Berge, Eiliv S. Berge og Johan S. Berge.
1949: Den glade enkjemannen (Astrid Sommer) spelt av Johan Thue, Ingebjørg P. Berge, Solbjørg L. Berge, og Johan S. Berge.
1950: I natt kjem det spelt av Johan Thue, Otto Røneid, Johan S. Berge, Sverre E. Berge, Oddhild K. Berge (Berg), Ingeborg P. Berge og Jorunn P. Berge.
Spelstykka var ofte i samband med 17. mai, eller på festar med korgeleik, og dans. Festane var innhaldsrike. På dei fleste festar og ved andre høve hadde ungdomslaget talar. Talene la dei stor vekt på. Gjennom talane fekk dei kunnskap om mangt. Frå ungdomslaget sine referat har Sverre E. Berge henta ei liste med talarar, og med tema.
TALARAR OG TEMA
Haugsøen Ungdomsarbeid
Harald Berge Julehøgtida før i tida
Arne Austreim Den store zeppelinar over Atlanteren i 1924
Eivind Mæle Russland
Anders Berge Frå laget si fyrste tid
Hagelin Island
Ingvald Thue Fôr og fôring av mjølkekyr
Gsucheron Aamot Kina og kinesarane
A.B.Vamraak Fridomsdagen og folkefridom
Per Berge Kåseri og felespel
Severin Glenjen Folkekarakterar
Grahl Nilsen Kvifor vi lever
Lars Berge Idrott
Anderes Underdal Ei ferd gjennom Valdres
Sivert Haaland Soga og gamle lover
Harald Berge Ein tur til Jæren
Ingvald Thue Ein tur til Austlandet
Olav Hansson Korleis flokken virka på den einskilde. rektor
Sigurd Fjøsne Ungdomslags-saker
Arne Bjørndal Ole Bull og felespel
Harald Berge Ungdomsideal
A.B.Vamraak Julehøgtida og bakgrunnen for den
Johan Vatne Ungdomsrørsla
Anders Berge Ungdomsarbeid
Sigurd Stein Ungdomsarbeid
Sjur Dale Einig og tru til Dovre fell
Ragnvald Vaage Menneskelukka
Olav Bugge Nundal Oxford-rørsla
Severin Glenjen Salmediktaren Elis Blix
Egil Haaland Egoisme
Konrad Oudenstad Avskjed med Berge-bygda
Egil Haaland Barneoppseding
Egil Haaland Vår eigen dag
Olai Hjetland Ei ferd til Island, Snorrejubilett
Gudleik Førde Juletradisjonar / legender
Eivind Berge Frå Tysklandsbrigaden
Olav Klevold Ungdom – gå inn i di tid
Sigmund Hop Kåseri (+felespel)
Egil Haaland Juletankar
Eiliv Steinnes Det norske målføret
Sverre Berge Barnslig – ei god kjensle
Ordskifte var det ofte i Berge ungdomslag. Det har nok utvikla ungdommen vesentleg. Både ved at dei lærte å diskutere, og at dei fagleg lærte mykje. Det var ein innleiar og ein ordstyrar til kvart tema. Til dømes var Nils Øyehaug innleiar til temaet Kven nyttar tida best gutane / jentene ? Ordstyrar til det temaet var Lidvin L. Berge. Nokre døme til på kva ungdomslaget drøfta av emne: Skikkane før og no, Kva slags arbeid er det sunnaste ? Korleis ungdommen skulle nytte ungdomstida si, Kva er danning og korleis skal ein oppføre seg som danna ? Kva nytte har ein av idrott og sport ? Kva høyrer til god takt og tone ? Husflid og heimearbeid, Kvifor reiser ungdommen frå bygdene og korleis vende straumen ? Avhald og forbod, Målsak og den nye rettskrivinga, Folkematen, Sparing kontra forsikring, Lesing, Rusdrikk og tobakk, Kvifor reiser ungdommen til byar og industristader ? Forsvar og fredssak, Modar og luksus, Korleis skal ein bruke søndagen ? Val av kameratar, Fordel ved å stå i idrottslag, Kva slag arbeid er mest tenleg ? Menneska sine plikter for dyra.
Frå 1924 til 1951 blei det halde 47 møte med ulike tema til drøfting i ungdomslaget, i følgje Sverre Berge sine notat. Det var stor variasjon av kven som var innleiar og kven som var ordstyrar, noko som kan tyde på breitt engasjement og mangfald. Innleiaren til det siste temaet, Menneska sine plikter for dyra, var Ingvald Thue. Det ordskiftet blei halde 27. januar 1951.
Opplesing var ein annan variant. Ein eller fleire las dikt eller stykke henta frå blad, aviser eller bøker. Ved dette lærte ein mykje og blei kjent med god litteratur. Det blei lese av dei mest kjente forfattarane i tida, både norske og utanlandske. Laget kjøpte inn nokre bøker til dette formålet. Sogn ungdomslag gav og ein del bøker til laget.
Lagskontingenten var bestemt til kr. 1,- pr. medlem i lagslova av 1927. Likevel er kontingenten kr. 0,50 i år 1935 og kr. 2,- i 1948 utan at ein ein ser noko om dette i referata.
Lagslova sa at laget burde ha årlege plantedagar. Det hadde dei og i mange år, og mange var med. Kvar plantedag sette dei 4000-5000 planter.
Den 17. mai 1924 planta laget hos indrebergingane. Etter endt dag blei dei servert god middag hos Per, gbnr 57/1. Laget var fleire gonger på skoggarden i Dyrdalen og planta.
Det hende at laget arrangerte turar, helst korte. Dei hadde da med seg utstyr til å koke kaffi. Så song dei litt og leika. Turane kunne vere til Lensmannskvia ein fin sommarsøndag, eller til Klubben ved Nordeide.
Det var også stor deltaking på Sognestemne i Leikanger, Balestrand, Sogndal og Vik. Da reiste ein ofte med motorbåten til Nordeiden.
Jonsokkvelden i 1935 kom Høyanger ungdomslag til Berge. Dei drog samla til Furehaugane. Der var det kaffi, leik og song i eit strålande vêr. Om kvelden, da dei kom ned att, var det dans på den nybygde låven (Vetlelåven) til Magnhild, gbnr. 56/1 (Mannen til Magnhild, Peder L. Berge døydde i 1931).
Sommaren 1937 drog laget til Loen. Dei ville sjå korleis det såg ut etter den forferdelige ulukka, som råka grenda der, ved at eit fjellstykke rasa ut i vatnet. Dei køyrde med mjølkebilen til Øren. Det var ein kombibil med plass til sju passasjerar inni. Sjåførar var Johan Eide og Sigurd Selland. Dei fleste passasjerane sat på benkar bak i karmen. Mange blei svært bilsjuke.
Første stopp var på Mo jordbruksskule. Der åt reisefølgjet niste og dei fekk kaffi. Etter det blei dei bilsjuke betre. Det dei såg i Loen gjorde eit djupt inntrykk på alle. Dei fleste hadde opplevd rasulukka på Berge omlag ti år tidlegare.
Dei som var med på turen til Loen var: Alf Thue, Einar Thue, Ingvald Thue, Johan Thue, Nils Hønsi, Olav Myrkeskog, Selma Kvalheim, Håkon Haaland, Ola Tufte, Anders E. Berge, Øygunn E. Berge, Ingebjørg P. Berge, Inga P. Berge, Torkjell P. Berge, Johan S. Berge, Borgny S. Berge, Eiliv S. Berge, Gunnhild K. Berge, Olav K. Berge, Oddhild K. Berge, Per S. Berge og ein ukjent. Medrekna sjåførane var det 24 personar med på turen.
Jonsokkvelden i 1950 var Høyanger ungdomslag igjen bodne til Berge. Det var rømmegraut og annan god mat i skulehuskjellaren, og dans på låven til Per, gbnr. 57/1. Det var ein livleg fest mellom vener, og alt gjekk fint for seg.
Om vinteren hende det ofte at det var stemnemøte mellom ungdom frå Berge og frå Austreim /Kyrkjebø. Da hende det at dei hadde små skikonkurransar. Etterpå hende det at dei gjekk på ski til Vadheim. Slike skiturar var svært kjekke, og dei fleste var med.
Dei fleste festane arrangerte ungdomslaget på Berge, som til dømes juletrefestane. På lagsmøta blei det avgjort kven som skulle levere juletre til festen det enkelte året. Referata syner at alle bergingane har levert tre. Det ser ut som om det gjekk på omgang. Nokre festar blei etter kvart skipa til på Nordeide.
I grenda var dei så heldige at den hadde fleire, som kunne spela instrument. Dei blei nytta mellom anna ved juletrefestane. Ingvald Thue, Anna Thue, Severin Glenjen, Johan Glenjen og Olav K. Berge spelte orgel. Odd E. Berge, Johan Thue og Anna Thue spelte trekkspel.
Under juletrefesten 30. desember 1948 gir referatet svært rosande omtale til underhaldninga til Olav K. Berge på orgel og Charles Litsheim på fele. ”Festlyden sat som fjetra”, i følgje referat frå ungdomslaget. Dei to gjentok suksessen under juletrefesten 28. desember 1949. Elles minnast Sverre E. Berge ein strålande sommarsøndag-morgon da Charles Litsheim stod på Gråsvoda og spelte på trompet. Det var ei stund, som dei som opplevde det aldri gløymer. Sjur E. Berge sat i tunet, gbnr. 55/3, og gav uttrykk for spelstunda slik: ”Gujje han vilde spele meir”.
Ungdomslaget skipa til musikkurs i 1924. Det var ein god musikkpedagog, som underviste. Han heitte Botolf Holsvik. Fleire kjøpte instrument til dette kurset. Som døme spelte Harald A. Berge og Eiliv S. Berge etter kurset i lag på høvesvis orgel og fele og hausta god kritikk mellom anna på juletrefesten 29. desember 1925. Dei framførde ”Agnes’ voggevise”.
I 1924 starte formannen, Harald A. Berge, eit blandakor med opp mot 20 deltakarar. Øvingane gjekk oftast føre seg heime hos Harald, gbnr. 57/2, men og i skulehuset og i andre heimar. Koret song lite etter 1927, då Gyda, søster til Harald, døydde.
Laget hadde leikarring i mange år. I 1924 var Klara Semb i Høyanger og lærde bort folkedans. Eiliv S. Berge blei send av Berge ungdomslag for å lære, og for å lære det vidare til medlemmar i Berge ungdomslag. Laget skulle halde Eiliv med middag, om han ikkje fekk seg arbeid i Høyanger, dei fire dagane han var der. Dansinga var om kveldane.
Leikarringen opptredde i Vadheim, Høyanger, Nordeide og på Berge. Dei dansa og på Sognestemne i Balestrand og Vik.
I 1951 skipa laget til folkedanskurs på Berge. Instruktør var Rasmus Hvitsten. Godt som alle medlemmane i laget deltok. Kurset vart avslutta med festmøte med kaffi og mat.
Brev-kveldar var variasjon i lagsmøteprogrammet, fire-fem medlemmar fekk brev og måtte lese dei opp på møte. Breva var så finurleg laga at dei avspegla ymse hendingar, som ikkje alltid var så morosame for mottakarane. Dette var morosam underhaldning for tilhøyrarane, og lærerikt med tanke på oppsetjing av brev, både forretningsbrev, kjærleiksbrev og andre brev.
Lagsavisa Nybrot var handskrive i store protokollar. Nokre er levert fylkesarkivet. Det var ulike redaktørar av Nybrot. Alle lagsmedlemmane støtta opp med å levera tilfang til avisa. Likevel var det nok redaktøren, som måtte skaffa stoffet, for det meste. Avisa er eit svært verdifullt dokument, fordi den avspeglar mange forhold i grenda. Namna på redaktørane går fram av det enkelte nummer av avisa. Innsendarane brukte for det meste pseudonym. Med visse unntak vil rett person vere ei løyndom for ettertida. Men nokre kjenner vi til. Bonsak var Erling Øyehaug. Erling Øyehaug kalla seg også Rimfakse.
Etter festar og andre tilstellingar var festkomiteen på plass kvelden etter for å rydde opp. Det var oftast mat att, og den åt dei opp etter ryddinga. Det var slik at også dei som spelte i spelstykket ofte var med, og kanskje møtte nokre frå styret. På denne måten blei skalkefestane eigne hyggelege arrangement. Det hende rett ofte at dei dansa og, og dei kunne bli seine. Dette rekna dei med heime. Det hende at mange andre og kom til skalkefestane, for dei visste at der var det moro og dans. Ungdommen nytta dei høva, som var til å vere saman, og til å få seg ein dans. Det er fortalt at skalkefestane var meir morosame enn dei rette festane.
Diktet Bergebygda, frå Nybrot 13. november 1948, fortel litt om livet på Berge. Det er ikkje kjent kven som er forfattaren.
Bergebygda
Bygda ho ligg her så fin under lid,
og bøndene nyttar kvar einaste tid.
Kvinnene strevar både ute og inne,
og ofte dei pratar om gamle minne.
Ser ein på bygda i korte drag,
så er det ofte hyggelegt å koma i lag.
Her ryddar me stein og høgg burt skog,
og lagar det til for horv og plog.
Bergingane hev slik forunderleg vane,
gjer den eine det gjer den andre det same.
Me rengjer og pratar om eitt og hitt,
det er like godt mitt som ditt.
Her dei plantar og ryddar beite,
så alle husdyra skal bli feite.
Det er å stella så det vert mjølk i bytta,
og kyrne rundt på beite blir flytta.
Bergingane trivst så godt med sitt yrke,
og arbeidsgleda gjev mod og styrke.
Gardane vert rydda og dyrka på,
det er mot famtida me skal sjå.
Eit døme på dikt frå Nybrot, kor vi veit kven forfattaren er, er Tonen av Erling Øyehaug under pseudonymet Bonsak. Diktet stod å lese i Nybrot 14. februar 1925.
Tonen
Han stig og han sig, han smyg og han smett,
so rundt og so fint og so leikane lett, gjennom lufti.
Han aukar og veks, han durar og smell,
som atterljom sterk fraa nutar og fjell, yver tufti.
Som havbaare kamb, i føykande skrik, det skummande bryt
i fjord og i vik, langsmed havet.
Som bekken der brusar paa fjellhøge nut,
og fraa hamrar og ufser vildt kastar seg ut, ned i kavet.
Han ular og tutar, som skrea i fjell, og aukar i styrke
der ho vekslande svell gjennom govet.
Som ørni der skrikande krinsar i luft,
og med vaktande auga lurer i kluft, paa raavet.
Han legg seg i hug, som ei trykkande hand, der strøyper i hop
alle klemmande band, kringom vonar.
So skifter han braatt fraa redsle hugtung, og voni ho
spirer so friskt og so ung, gjennom tonar.
Som solauga bjart, det glimar og lær, naar ho nutar og fjell i
gullflaumen klær, der ho spretter.
Som baara der hoppar for leikande vind, han brøyter og
bryt i vonfulle sind, høgt upp etter.
Og voni ho veks, i tonen sin flaum, vekkjer til storverk
og føder til draum, mot det reine.
Ja sæl er vel den, som den kjensla hev kjent
som kan mjukna um hjarta, naar tonen er stemt, til det reine.
Kjelder:
Sogn ungdomslag 50 år, artikkel av Harald A. Berge, Berge ungdomslag. 1946.
Sverre E. Berge, notat, bind 2. Eivind L. Berge har skrive ein stor del av Sverre sine notat på PC.
Ættebok for Kyrkjebø I. Stavanger 1995.