Foto: Fjellpartiet Ståpelen på byrjinga av 1930-talet medan nyevegen til Nordeide er under bygging. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)

SFFf-1992050.167681

Etter notat av Sverre Berge

Sommaren og hausten 1934 gjekk det føre seg arbeid i Styggebotnen og på Ståpelen. Det var sikringstiltak for å minske faren for at Ståpelen skulle sige ut i fjorden, med det fatale resultat det kunne få. Segna sa at dagen det kom kyrkje i Høyanger og tårnet kom opp, skulle Ståpelen sige i fjorden. Kyrkja med tårn kom i 1960, og Ståpelen står.

Arbeidet starta i 1933 ved at statsgeologar studerte problemet og kom med si tilråding.

Ingeniør Abel ved Naco (Norsk Aluminium Company) var prosjektleiar og ingeniør Åstrøm, frå Sverige, leia arbeidet på staden. I 1934 var følgjande stølsjenter på Karthaugane: Brynhild (55/1), Gullborg (57/3), Eldbjørg (55/5) Ingebjørg P. (55/4), Ingeborg L. (55/2), og Aslaug (55/3).

Lasse (55/4) og Eiliv (55/3) arbeidde fast under heile prosjektet. Ellers arbeidde grunneigarane der tidvis, etter behov. Sjur (55/3) kvesste alle mineborane heime på Berge. Dei måtte sendast fram og attende. Mykje måtte kløvjast, slikt som sand, sement, dynamitt, plankar, telt, minebor, svovel i stenger og 60 rustfrie boltar på 2 meter.

Ingeniørane og gjester sat oftast til hest når dei var ute i terrenget. Dei som kløvja mest var Vetlelars (55/2), Peder Solheim (55/4), Eldbjørg (55/5), Odd (55/1) og Johan (55/3). Indrebergingane hadde nokre få kløvturar. Kløvturen tok 4 – 5 timar frå Berge til Styggebotnen og attende. Lasse og Eiliv budde på stølen. Det vart sett opp to telt, eit stort og eit mindre pluss ei halvtekkje til latrine. Telta skulle vere for Abel og Åstrøm. Abel skulle bu i det største teltet. Han budde i teltet ei natt. Deretter overtok Åstrøm det minste til sovetelt og det største til mat-telt og kontor. Det store teltet hadde golvbord til botn. Desse borda fekk dei på Karthaugane etter endt arbeid i Styggebotnen. Borda kan ein sjå, som panel i fleire av sel. Alf Thue (56/2) blei tilsett som løpargut for Åstrøm. Han sprang mang ein ein tur frå Karthaugane til Styggebotnen eller til Berge/Nordeide. Alf overnatta av og til i det store telte, men han låg og ofte heime.

Elva i Styggebonen blei tildels støypt slik at vatnet ikkje skulle ta seg ned i sprekkane og bli til is og sprenge fjellet ut. Det blei bora 60 hol, 2 og 2 mot kvarandre. Der sette dei inn rustfrie boltar. Ved dette kunne ein for ettertida kontrollere om fjellet seig. Deretter blei det hogge ein masse småbjørk, som dei la i over sprekkane. Så blei det torvsett.

Raudfarga vatn blei slept ut i Styggebotnen for å sjå kor det kom ut att nede ved fjorden. Det fann ein aldri ut.

Året etter, i 1935, blei det planta ut ein god del buskfuru. Furuene skulle og vere med på å tette sprekkane. Litt furu blei til overs og det fekk dei på Karthaugane. Furuene blei planta på Rundehaugen. Furene har komme seg rimelig til, men nokre av dei i Styggebotnen blei tekne av snøras. Det blei funne furubusker då dei rydda eit snøras på Høyangervegen rett under Ståpelen. Dette arbeidet var Johan (55/3) og Oddvar (55/4) med på.

Aabel var ein stor, tjukk og tung mann. Det blei fortalt at hestane gjekk omveg når dei trefte på han, og ”ynka” seg når han skulle ri dei. Aabel var ellers ein omgjengelig og grei mann i alle måtar.

Åstrøm var også svært godt likt. Han var ein morosam mann og spelte mykje kort den tida han var på Karthaugane. Han var snill og raus med ekstra betaling. Ekstrabetaling var som oftast at dei noterte ei kløv meir enn dei kløvja.

Ein kveld stod Eiliv (55/3) ved selet og saga ved. Åstrøm sat på trappa og såg på. Då høyrde dei Eldbjørg (55/5) song så fint oppe i selet sitt. Åstrøm ropa til henne, utan resultat. Han tok da ei vedskie og kasta den mot selveggen. Han trefte glaset og knuste ei rute. Eldbjørg kom ut og gav Eiliv ei lekse. Ho trudde at han var syndaren. Etter kvart tok Åstrøm på seg ansvaret og sende Alf til Nordeide. Der kjøpte han tre glasruter. Men – den eine knuste han idet han kom innatt på Karthaugane. Den andre knuste Åstrøm da han skulle setje ruta inn. Først den tredje fekk dei heil på plass, etter mykje strev.

Ståpel-dikt

Eg tenkte eg skulle prøva å skriva eit dikt,

men eg veit ikkje om eg duger til slikt.

Men likevel vil eg no prøve,

å sjå om eg får noko til å høve.

 

I sommar det livleg føre seg gjekk

for nokre karar seg arbeid fekk.

I Styggebotnen dei bala med torv og stein,

så det ofte røynte på armar og bein.

 

Teltet på Stølshaugen kom opp både fort og godt,

og alle som såg det sa det var flott.

Der var både stolar, bord og omn,

som frå sjølve hovudstaden kom.

 

Han Alf var kokk og stekte og kokte,

vaska opp att og golvet sopte.

Det er ikkje alle som dette klarar,

koke åt slike fine karar.

 

Dei andre i Styggebotnen hogg ved og på sprekkene

bar, torv og stein dei deretter la.

Knut han spadde så berre det rauk,

Eystein han hogde så flisene fauk.

 

Han Edvart han hakka så moldspruten sto,

Eiliv heldt boren og Lasse han slo.

På elvi dei vølte og kontrollmerker sette,

So mykje at Ståpelen ikkje sku dette.

 

Han Sjur med snikkararbeid bala,

spikra kassar, pussa og malte.

Han Lars på store steinar sleit,

å få dei i elva var ikkje så greit.

 

Og Åstrøm han gjekk der og kommanderte,

men som oftast var han heime og telefonerte.

Han hadde ein visargut,

som gjekk både jamnt og trutt.

 

Aabel helt seg mest på ridetur,

og av og til bles han på lur.

Dei som såg han sa, han var både tjukk og go,

Ja, det er sant sa karen og lo.

 

Pengar dei tente i haugevis,

og av og til dei tok seg ein pris.

På reiarane måtte dei ofte vente,

Då dei bor, sand og sement skulle hente.

 

Stølsjentene streva og bala så trutt,

og tenkte med seg no er det snart slutt.

Når laurdagskvelden kom flagget dei heiste,

for no var karane heimatte reiste.

 

Og dei som var heime både slo og raka,

og ofte var det mykje turrhå å taka.

Det var ikkje småe lass dei leste,

For alle gjorde sitt aller beste.

 

Ja, dette var ikkje mange vers,

for eg er visst ikkje nok tess.

Men er ein først kommen i sving,

så er det betre enn ingen ting.

 

Maria Berge.

Frå Nybråt 26. januar 1935.