Foto: Bombinga av Oldenburg i Vadheim 7. april 1945. Her ser vi eit av at dei engelske flya skyt rakkettar mot Oldenburg. (dykking.no/RAF – krigsarkiv)

7. april 1945 vart det tyske lasteskipet Oldenburg senka av engelske fly i Vadheim. Dette var ei dramatisk hending som sette spor i mange vaimingar og andre som var vitne til dette. I ettertid har vraket vore eit populært mål for dykkarar.

I samband med Vaimamarknaden laurdag 22. juni 2024 i tida 10.00 – 11.30 , vil det på bedhuset i Vadheim bli arrangert eit  historie seminar med tema, Oldenburg – skipet på botnen av fjorden . Her vil historikar Brit-Marie Hovland fortel om historia til skipet. Gaute Ljotebø frå Høyanger historielag vil fortel om sjølve senkinga av Oldenburg.  Dykkar Vegard Sandvik fortel om sine opplevingar med dykking på skipet. Høyanger historielag er medarrangør på dette arrangementet.

(Oppdatert: 21.06.2024)

Deler av skrog på D/S Oldenburg.

Dykking på Oldenburg i Vadheim. (Youtube.no)

Youtube: Dykking på Oldenburg.

 

Meir info om Vaimaraknaden finn du her: Vaimamarknaden