Laurdag 7. april 1945 vart det tyske transportskipet «Oldenburg» senka av britiske bombejagarar innerst i Vadheimsfjorden. Dette var ei hending som sette djupe spor i dei som opplevde det. Ingen norske liv gjekk tapt, men det var nære på.

Eit forvarsel

På føremiddagen denne fine vårdagen flaug det eit britisk rekognoseringsfly over Vadheim. Der oppdaga det fire tyske skip som hadde lagt seg til i fjorden. Desse hadde kome inn i ly av mørket kvelden før. Funna vart rapportert tilbake til basen. To større lasteskip låg på vestsida inst inne i fjorden. På bakken hadde folk fått med seg flyet som sirkla rundt over Vadheim, både vaimingar og tyskarane var førebudde på at noko kom til å hende. Allierte flyangrep på tyske skip og norske skip som var i tysk teneste langs norskekysten var ikkje ukjent vinteren og våren 1944/45. I denne perioden var det mange raid med britiske fly langs kysten og inne i fjordane.  Her kan ein nemne eit i Fuglsetfjorden på sørsida der Sirius vart senka 9. januar 1945. Fredag 9. februar 1945 kom det  det eit større luftslag mellom allierte og tyske fly i Førdefjorden i samband med åtaket på ein tysk kryssar. Eit slag omtalt som «Den svarte fredagen».

Flyraid

I følgje Halvor Sperbund bestod angrepstyrken av 21 Bristol Beaufighter jagarbomberar frå RAF Dallachy Strike Wing med base i Skottland. Mannskapet var hovudsakleg britar, australiarar og new zelendarar. Deira oppgåve var å senke skipa i Vadheim. Dei vart eskortert av 16 Silver Mustang jagarfly. Desse heldt i hovudsak vakt i nærområdet, medan Beaufigtherane gjorde jobben sin i Vadheim. I tillegg hadde dei med seg på raidet eit Mosqoito foto- og filmfly frå RAF, samt 2 Warwick sjøredingsfly som kom eit stykke etter. Samla var det ein flystyrke på 40 fly innvolvert på dette toktet.

Beaufigherane kom inn til norskekysten ved Utvær i Solund. To av flya saman med fire mustangar var stifinnarar (outrider), og hadde som oppgåve å finne skipa. Hovudstyrken tok seg vidare  nordover, og ved Vevring i Førdefjorden fekk dei ordre om å angripe, stifinnarane hadde funne målet i Vadheim. Hovudstyrken dreia no søraustover i retning mot Høyanger før dei svinga vestover igjen mot Vadheim. På Høyangerfjellet vart dei observert av nokre skigåarar på Blåfjell, flya kom nedover Monsdalen.

Angrepet

I Vadheim hadde flyalarmen gått, og folk skunda seg i ly. Dei tyske skipa var utrusta med antiluftskyts som no vart bemanna. På  land vart det og våpenstillingar. Når flya kom på skothald vart dette retta eld mot dei, mellom anna frå Flak luftvernkanoner.

Den 12 år gamle Sverre Søgnen var i skjul ved Dyrnesligarden, såg to-tre fly over Ullebøfjellet og to tre fly ved Tirskaret, og ein heil sverm over Kletten. Eit anna augevitne, 16 år gamle Halvor Skår, fortalde til Aftenposten i 2021, at flya kom høgt opp i frå og stupte ned mot skipa. Han fortel vidare at det kom fem fly på linje først. Flya kom ned langs fjellet Kletten. I følgje rapporten frå toktet vart det opna eld mot skipa kl. 16.31. Fleire av Beufigtharane var utstyrt med fire rakettar under kvar venge. Desse vart avfyrt mot skipa.

Senkinga av Oldenburg.

Flyraid mot tyske skip i Vadheim 7. april 1945. Her ser vi eit av at dei britiske flya fyrer av rakettar mot skipa. «Oldenburg er skipet nærmast . (RAF – krigsarkiv)

Senkinga av Oldeburg i Vadheim 7. april 1945

Ein ser her at det ryk frå «Oldenburg», nærmast og «Wolfgang L. M. Russ». Fotografia er tekne frå fllya som senka «Oldenburg»: (RAF – krigsarkiv)

Det var fleire treff på «Oldenburg», som fort la seg på sida og sank.  Etter angrepet tok dei fleste flya seg ut Vadheimsfjorden og svinga vidare utover Sognefjorden.

Tyske jagarfly frå Herdla var på veg for å angripe Beufigterane. No måtte jagerflya som vakta ta grep. Det kom til luftkampar over Lavikdalen, der to tyske jagar fly vart skotne ned og to tyske jagarpilotar omkom.

Tyske tapstal

«Oldenburg» sokk til botn av fjorden. Det andre lasteskipet som var like ved, «Wolfgang L. M. Russ», fekk mindre skadar.  I følgje Sperbund vart ein luftvernsoldat på dette skipet drepen, og to hardt skadde.  Han nemner ikkje tap frå «Oldenburg». Sverre Søgnen skriv at sju luftvernsoldatar og ein av besetninga på «Oldenburg» vart såra. Kva som skjedde med dei to andre mindre skipa er meir ukjend. Truleg var det her ingen eller mindre skadar. Det eine skipet låg ved kai ved Vadheim Elektrochemiske Fabriker, det andre var ankra opp på andre sida av fjorden.

Nære på

For vaimingane må dette ha vore ei særs skremmande oppleving, eit inferno med harde smell, høg lyd frå fly i stup, og plystrelydar frå rikosjettar og ammunisjon. Dette saman med ulike skyts og tomhylser frå flya, gjorde det det særs utrykt for lokalbefolkninga. Særleg var antiluftskytset som kom i retur over bygda særs skummel. Det hagla formeleg med antiluftskyts, hylser og rikosjettar over Vadheim.

Dei fleste hadde kome seg i ly i kjellarar under steinar, eller der ein fann det best og gøyme seg. Det gjekk ikkje liv, men det var nære på. I Pedersenhuset oppe på ein av Vadheimsgardane under Kletten, hadde rundt 20 personar søkt ly i kjellaren. Her meinte dei det var trykt. Det var ei eldre kvinne i huset som ikkje ville i kjellaren. Ho sat i gyngestolen, då ein granat kom gjennom taket, og sneia tøffelen hennar. Granaten fortsette gjennom golvet og ned til dei som sat i kjellaren. Heldigvis gjekk ikkje granaten av.

Minner og etterbruk

Ein månad seinare kom freden. Folk var leie av krigen, og fekk nye og meir gledelege ting å tenke på. Men den skjelsettande hendinga sette djupe spor i minnet til dei som opplevde det. No ligg «Oldenburg» på botnen av fjorden, og er eit populært mål vor vrakdykkarar.

 

(Denne artikkelen har kome i stand i etterkant av seminaret på Vaimamarknaden 22.06.2024, «Oldenburg» – skipet på botnen av fjorden. Det er planlagd ein større artikkel i Årbok Høyanger 2025 om denne hendinga.)

 

Kjelder:

Sperbund, H. (2004). Brennpunkt «Westküste». Bergen: Fagbokforlaget.

Søgnen, S. (2003). Piratskipet på botnen av Vadheimsfjorden. I M. Toft, Havet tok. 78 forlis og skipsulukker i Sogn og fjordane (ss. 2007-215). Førde: Selja forlag.

 

Aviser:

Aftenposten, 10. november 2021: Mauren, Arnfinn. Nesten hele bygda gjemte seg da «Oldenburg» gikk til bunns

Firda, 7. april 1995: Sperbund, Halvor. En dag i april 1945

Sogn Dagblad, 25. juni 1987:  Stedje, Norvald.  Granatregnet over Vadheim

Sogn Dagblad,  10. mars 1995: Stedje, Norvald. Stille før stormen

Sogn Dagblad,  11. mars 1995: Stedje, Norvald. «Oldenburg» siste reis

Ytre Sogn, 7. april 2000: Stedje, Norvald. Angrepet på «Oldenburg»