I juli 2024 annoserar Hydro i Høyanger at dei ønskjer å rive det gamle posthuset i Høyanger. Kva er historia til dette bygget? Kva betyr bygget for Høyangersamfunnet? Er det verdt å ta vare på det gamle posthuset i Høyanger?
Bygging
15. desember 1925 fekk Den Norske stat overdrege posthustomta vederlagsfritt frå NACo. Same dag vart det og tinglyst ei festekontrakt til feltpostmeister Johan Arntzen på tomta. I følgje denne hadde han frist på seg til å ferdigstille bygget innan eitt og eit halvt år. Bygget vart truleg ført opp i løpet av 1926. Fotografi teke i juni 1927 viser eit ferdigstilt posthus.

Det nye posthuset i Høyanger i juni 1927. (Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)
Bruk av huset
I tillegg til postkontor var det og bokhandel i første høgda. Ein kort periode etter at posthuset var bygd heldt også telegrafen til her, inntil den fekk permanente lokale i nabobygget ovanfor i Storgata. I 1928 starta Arntzen Høyanger Avis, også denne helt til med redaksjon og trykkeri i posthuset. Avisa vart nedlagt i samband med krigsutbrotet i 1940. Bokhandelen var i huset til 1956. Etter den tid var det postkontor i heile første høgda. I andre høgda budde familien Arntzen. I tredje høgda budde ein periode bokhandlar Sigfred Olsen. I november 1940 melde Artnzen og heile familien seg inn i Nasjonal Samling (NS). Johan Artnzen var under krigen NS-ordførar i Kyrkjebø kommune og NS-fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Etter krigen fekk han dom i landsvikoppgjeret, og kom aldri meir attende til Høyanger.
Posten i reguleringsplanen
«Høyanger er eit komplett byanlegg med svært høg kulturhistorisk interesse og arkitektonisk kvalitet. Industribyen Høyanger er eit lærestykke i byplanlegging og bebygging frå vårt eige århundre.» Dette sitatet er henta frå ein tettsadfoldar for Høyanger kommune Høyanger spesial Årgang 1, Nr 2.1999. Denne teksten er forfatta av arkitekt Aril Waage som var sentral i tettstadanalysen for Høyanger sentrum på 1990-talet.
Eit viktig bakteppet for arbeidet med tettstadanalysen var sanering av sentral bygningsmasse i Høyanger inkludert Murgården på Sæbøtangen og Folkets Hus i sentrum på 1970- og 1980-talet. I 1989 var det strid om riving av to Egne Hjem hus i August Gunnarskogsgate til fordel for parkeringsplassar. Tettstadanalysen tok sikte på å ta vare på byregulerte sentrum av Høyanger bygd opp av NACo i åra frå 1916 til om lag 1960.
I 1993 vart bygningsmiljøet i Parken vedtaksfreda. Deler av bygningsmiljøet, der Egne Hjem bebyggelsen er sentral, er regulert gjennom omsynssoner. Dette området samsvarar og med Riksantikvaren sitt NB!-Register over nasjonale kulturhistoriske bymiljø. Andre sentrale bygg som Byporten, Valhall, gamle fabrikkporten, administrasjonsbygget til Hydro og Høyanger skule er i Høyanger kommune sin lokale kulturminneplan registrert som prioriterte kulturminne.
Posten var heile vegen med i planane for byreguleringa. I samband med eit «stiftingsmøte» helde 21 mars 1916 like etter at utbygginga byrja i Høyanger. Her kan ein lese at det var planar om å bygge postkontor på Sæbøtangen. I reguleringsplanen til Morgenstierne og Eide frå 1917 er post og telegrafbygg planlagd om lag der byporten ligg i dag. Det kom ingen av stadane. Posttomta vart skilt ut i 1925, og bygget kom truleg opp i løpet av 1926. Plasseringa vart det første nye bygget ovanfor gamle fabrikkporten og administrasjonsbygget til fabrikken. Det var det første privateigde huset ein møtte frå kaien og opp Storgata.
Posten markerte inngangen til Høyanger sentrum frå kaien. Langs Storgata kom det det andre samfunnsfunksjonar som telegraf og sjukehus i tillegg til forretningar. Fram til den nye fabrikkporten kom på Leira i 1981 og posten vart flytta i 1984, var området mykje trafikkert av folk til å frå arbeid og posten. Etter den tid har området komme noko i bakevja.
Kaien og Storgata var den gamle innfallsporten til Høyanger. Det fleste som kom til Høyanger før vegen til Nordeide var ferdig stilt i 1934, kom med båt til kommunekaia. Slik var det nok for fleire heilt fram til 1980-talet, då Høyangertunnelen kom og båtanløpa på kaien vart stadig færre. Posten var det første inntrykket ein fekk av det velregulerte bysentrumet i Høyanger.
Minnestøtta
Etter andre verdskrigen kom det fram eit ønskje om å reisa ei minnestøtte over dei falne frå Høyanger under krigen. For å få dette til måtte ein samla inn pengar. Arbeidet med innsamlinga vart organisert av Høyanger ungdomsråd, som var ei samanslutning av alle ungdomslaga på staden. Det var Høyanger kommunistiske ungdomslag som tok initiativet til arbeidet. Leiar av minnestøttenemnda var Nils Vangsnes frå same laget.
Innsamlingsarbeidet tok til med at det 17. mai 1946 vart arrangert ein fotballkamp mellom Høyanger AUF og Høyanger kommunistiske ungdomslag. Inntektene frå kampen, som var på 400 kroner, gjekk til minnesteinen. Fleire pengar kom inn etter kvart. Den samla kostnaden kom på om lag 1350 kroner. Lærar Birger Tusvik teikna relieffet til steinen. Same mann var i jula 1946 i Oslo for å velja ut sjølve steinen. Den opphavlege planen var å avduka støtta på frigjeringsdagen 8. mai 1947, men grunna transportvanskar vart avdukinga utsett til 7. juni.
Den 7. juni 1947 vart minnestøtta over dei falne frå Høyanger avduka framfor posthuset med fleire hundre menneske til stades. Leiar for den lokale heimefronten under krigen, Trygve Sæbø, stod for sjølve avdukinga. Det var musikkinnslag med Fagforeiningas musikklag, Høyanger mannskor og Høyanger arbeidarmannskor.
Minnesmerket har følgjane inskripsjon:
«FALL I FRIDOMSKAMPEN 1940-1945. ARNFRED JORANGER (1921-1941), MAGNUS SIVERTSEN (1920-1941), MALVIN ÅNNEVIK (1903-1942), KARL HANSEN (1899-1943), SVANHILD HÅLAND (1924-1945)

Biletet viser speidarar som står vakt foran minnesmerket over dei som fall under krigen, i bakkant ser ein direktør Heggstad som heldt tale.
I Sogn Folkeblad kan ein lesa om plasseringa: «Steinen står på plenen ut for posthuset og har såleis ein dominerande og vakker plass».
Minnestøtta står framleis sentralt plassert sett i samanheng med den lokale krigshistoria. Der den står framfor det gamle posthuset, der naziordføraren og postmeisteren Johan Arntzen heldt til. Støtta står tett inntil verksområdet, om lag hundre meter frå den gamle fabrikkporten. Under krigen hadde dei tyske okkupantane kontroll med fabrikken, som produserte aluminium for den tyske krigsindustrien. Eit par hundre meter mot vest, i Messa i Parken, heldt Gestapo til. Der vart fleire frå Høyanger og resten av Sogn og Fjordane utsette for grov tortur. Like i nærleiken, ved gamle Låven, samla heimefronten seg 8. mai 1945.
Det er tradisjon å ha markering ved minnestøtta kvar 17. mai. Dei seinare åra har barnetoget 17. mai hatt program med kransenedlegging og tale med 7. klasse. Hovudtoget 17. mai og 1. mai går forbi minnestøtta frå kaien og opp Storgata.
Ny bruk av posthuset
Etter at posten vart flytta i 1984. Var det ei tid strid om kva huset skulle nyttast til. Mellom anna ønskte Televerket som heldt til i nabohuset å kjøpe huset for å rive det i 1984-85. Dette vart det ikkje noko av etter at kommunen i eit møte ønskte å behalde huset i si opphavlege form. Etter kvart vart huset lagt ut for sal. Son til tidlegare postsjef Einar Skodvin (1954-1966), Trygve Skodvin, kjøpte huset i 1988. Han restaurerte huset, for dette arbeidet fekk han i 1995 Bygningsmiljøprisen frå Høyanger kommune. Skodvin budde då sjølv i huset. Postkontordelen i første høgda vart ombygd til eit kontorfellesskap nytta av fleire verksemder i Høyanger på 1990-talet. Her heldt mellom anna av Høyanger næringsutvikling (HNU) og Sogn og Fjordane Bustadbyggelag hus. Her var og forsikringselskap, regnskapsfirma og ingeniørfirma leigetakarar. Deler av interiøret frå det gamle postkontoret inkludert skranken er framleis å finne i huset.
Skodvin selde huset vidare til Helle Invest i 1998. Helle Invest selde så vidare til Ytredal Frank AS i 2010. Desse to veksla på eigarskapet nokre år, inntil Ytredal selde det då til Hydro Aluminium AS i 2016. I åra etter at Skodvin selde huset har det gradvis forfalle. Det har ikkje vore næringsaktivitet i huset sidan slutten av 1990-talet. Deler av huset har i periodar vore nytta som utleigebustad etter dette.
Riving eller nytt bruksområde?
I Ytre Sogn 17. juli 2024 kunne ein lese at Hydro Høyanger har vedteke å rive det gamle posthuset. Hovudargumentet deira er at magnetfelt frå fabrikken, som ligg tett ved bygningen, gjer det farleg for enkeltpersonar å opphalde seg der.
Etter at Hydro hadde motteke ein varsla rapport med oppdaterte målingar av magnetfeltet, kom det eit nytt utspel frå fabrikksjef Ann Synnøve Ødegård i Ytre Sogn 18. mars. Der held dei fast ved planane om riving. I avisa kjem det vidare fram at magnetfeltet ikkje er farleg for «folk flest». Dette gjeld også for personar som brukar moderne medisinsk utstyr. I denne samanhengen er det særleg pacemaker og insulinpumpe som har vore nemnde som sårbare for påverknad frå magnetfelt. Samtidig blir det presisert at «det er likevel ein viss risiko for at slikt utstyr kan slutte å fungere som det skal».
Vidare går det fram i artikkelen at Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit ikkje er særleg uroa for magnetfeltet i området, men dei har likevel tilrådd Hydro å setje opp skilting og vurdere inngjerding for «å minimere sjansane for helsefarlege hendingar».
Som eit alternativ til riving har stiftinga Lenken kome med eit forslag om ny bruk av det gamle posthuset – som Høyanger Fredssenter. Dette blei presentert i eit oppslag i Ytre Sogn 1. april 2025. Stiftinga Lenken, som i dag driftar Espeland fangeleir og Gestapomuseet i Bergen, har i fleire år arbeidd med planar om å etablere eit kunnskaps- og formidlingssenter for fredsarbeid og behandling av fangar i det tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Dei har valt Høyanger som lokaliseringsstad på grunn av den rike og interessante krigshistoria på staden. I dette arbeidet har dei mellom anna utarbeidd ei konseptskisse.
Til Ytre Sogn fortel dagleg leiar i Lenken, Tor Dishington Johansen, at det gamle posthuset står fram som ideelt for deira føremål, både med tanke på storleik og historisk verdi. Samstundes understrekar han at ein må ta fleire atterhald: Dei er avhengige av at Hydro stiller bygget til disposisjon, og det må kome klåre avklaringar om bygget kan nyttast som formidlingslokale med tanke på magnetfeltet. Tilstanden til bygget må vurderast, og det må utarbeidast ein eventuell plan for opprusting. Til slutt må heile prosjektet finansierast. Som ein ser, er det mykje arbeid som må til før Høyanger Fredssenter eventuelt kan bli realisert.
(Denne artikkel avspeglar situasjonen i april 2025. Den vil bli oppdatert etter kvart som det kjem til relevant informasjon om noverande status eller planar om framtidig bruk for postbygget og/eller minnestøtta.)
Artikkel første gong publisert 19.juli 2024.
Oppdatert 05.04.2025; med nytt kapittel om Minnestøtta og revidert kapittel Riving eller nytt bruksområde?
Litteratur
Eithun, G., Berge, K.-M., & Kleppa, H. (2005). Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Førde: Selja Forlag AS.
Kvam, J. (2015). Høyanger. Makter og menneske. Ei reise gjennom eit hundre år. Skald.
NACo. (2012). «Stiftingsmøte» Høyanger. Årbok Høyanger 2012, ss. 30-33.
Nielsen, M. (1984). «Med Hjem skal landet bygges». Egne hjem og hagebybevegelsen i Norge. Utdrag fra boligsakens historie. Bergen: Hovedfagsoppgave i kunsthistorie, Universitetet i Bergen.
Wåge, A. (1999). Forord. Høyanger Spesial 2-99, s. 2.
Kjelder
Sogn Dagblad:
- 15. desember 1984: Sogn Dagblad, lørdag 15. desember 1984 (nb.no)
- 16. februar 1985: Sogn Dagblad, lørdag 16. februar 1985 (nb.no)
- 22. juni 1995: Sogn Dagblad, torsdag 22. juni 1995 (nb.no)
Sogn Folkeblad:
- 20. mai 1946: Sogn Folkeblad, mandag 20. mai 1946 (nb.no)
- 16. januar 1947: Sogn Folkeblad, torsdag 16. januar 1947 (nb.no)
- 23. januar 1947: Sogn Folkeblad, torsdag 23. januar 1947 (nb.no)
- 5. mai 1947: Sogn Folkeblad, mandag 5. mai 1947 (nb.no)
- 5. juni 1947: Sogn Folkeblad, torsdag 5. juni 1947 (nb.no)
- 9. juni 1947: Sogn Folkeblad, mandag 9. juni 1947 (nb.no)
Ytre Sogn:
- 16. juli 2024: Eit spørsmål om tid før det gamle posthuset i Høyanger blir rive (ytresogn.no)
- 18. mars 2025: Ønsker framleis riving av det gamle posthuset (ytresogn.no)
- 1. april 2025: Kan dette bli Høyanger Fredssenter (ytresogn.no)
Statsarkivet i Bergen:
Ytre Sogn tingrett, SAB/A-2601/1/G/Gba/L0031: Pantebok nr. II.B.31, 1925-1930, s. 178-179: https://www.digitalarkivet.no/tl20071008831237
Riksantikvaren:
NB! Register: https://riksantikvaren.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=43a25b7d4d474f36ade60f9a69e620f0
Høyanger kommune:
Lokal kulturminneplan strategiplan 2021-25: https://www.hoyanger.kommune.no/tenester/prosjekt-og-overordna-planar/planar/temaplanar/kulturminneplan/
Lenken:
Nettavisen:
Eiendomspriser: https://www.eiendomspriser.no/