Høyanger historielag har gleda av å invitere alle historieinteresserte til eit pubseminar på Joss Pub kl. 18.00 fredag 6. september 2024. Der temaet er by- og bygdefotografar.
Foto: Ei gruppe på tur på Håland med utsikt over Høyanger i september 1919. (Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)
I over 150 år har fotografar dokumentert folk, hus, landskap, familieliv, arbeidsliv og fritidsliv i Høyanger kommune. Dei første 100 åra var ikkje fotografiapparatet allemannseige. Ein var då ofte avhengig av at profesjonelle fotografar eller amatør fotografar dokumenterte ulike sider ved livet. Fotografia gir oss eit kikhol inn i fortida, og er såleis viktige historiske kjelder.
I Høyanger kommune har vi hatt fleire dyktige fotografar som har etterlete seg innhaldsrike samlingar. Nokre av desse er i seinare år samla og digitaliserte. I denne samanheng blir tre av dei presentert på pubseminaret på Joss. Eugen Nordahl-Olsen senior og Anders Fimreite frå Høyanger samt Lars Bolstad frå Lånefjorden.
Eugen Nordahl-Olsen senior kom til Høyanger med familien sin i 1919. Han var teknisk teiknar ved NACo, Fotografiet var eit viktig reiskap i jobben hans, der han dokumenterte det som kom fram på teiknebrettet med foto etter kvart som det var bygd opp. Som del av jobben overtok han ansvaret for eit alt innhaldsrikt fotoarkiv frå oppstarten av utbygginga i 1916. Han vidareførte dette arbeidet fram til han døydde i 1956. På denne måten kan ein hevde at Eugen Nordahl-Olsen senior dokumenterte utviklinga av Høyanger frå bygd til by. Som kjent er Høyanger sentrum bygd rundt fabrikken og var frå byrjinga av planlagt og teikna av arkitektar og har ein klar bystruktur. På fabrikken fotoapparatet han han arbeidslivet med folk og tekniske installasjonar.
Som familiemann var naturleg nok familien mykje fotografert. Dei budde i Villabyen, difor er Villabyen frå han si side godt dokumentert med både folk og hus. Han portretterte vaksne og born i ulike samanhengar. Han var og aktiv i lag- og organisasjonsliv, herifrå finn ein mange flotte gruppebilete. Denne sida av samfunnslivet er og godt dokumentert via linsa hans. På byrjinga av 1990-talet vart store deler av negativane til fotoarkivet til Høyanger verk levert inn til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Desse vart etterkvart digitalisert, og er i dag å finne på nettet i webarkivet til Fylkesarkivet i Vestland. I samband med seminaret vil Eugen Nordahl-Olsen senior sin aktivitet som fotograf bli presenterte av Gaute Ljotebø.
Anders Fimreite var tilsett ved Høyanger verk på slutten av 1940-talet, der han arbeidde som merkantil funksjonær i ei årrekke. Han var ein periode og ein viktig bidragsytar til verket sitt fotarkiv og til bedriftsavisa Høyang-Nytt. Men hans viktigaste bidrag var det han leverte i privat regi. Han var aktiv i Høyanger fotoklubb, og hadde eit særs godt blikk for gode motiv. Han var ein særs dyktig portrettfotograf. Han var mest aktiv som fotograf på 1950-talet. Anders Fimreite si fotosamling har dei seinare åra blitt teke vare på av og er digitalisert i regi av Torfinn Fimreite. Fleire av fotografia hans har blitt vist fram i fleire samanhengar dei seinare åra, nokre av dei er mellom anna å finne på Facebook. På seminaret vil fotografia til Anders Fimreite bli presenterte av Jan Anders Timberlid.
Lars Bolstad var bonde, postopnar, telefonbestyrar og dampskipsekspeditør i Lånefjorden. Han fatta tidleg interesse for fotografering. På 1920- og 1930-talet dokumenterte han fleire sider av samfunnslivet i Lånefjorden. Han tok og bilete andre stader, mellom anna på Nessane. Nokre av fotografia hans er å finne på Fylkesarkivet i Vestland. Fotograf i Bergens Tidende Rune Sævig, har digitalisert fleire av fotografia, og det er han som skal presentere bileta til Lars Bolstad under seminaret.