Sverre Berge gjorde ein stor innsats med å samle fotografi frå Kyrkjebø. Desse kopierte han og samla i fleire fotoalbum. Sonen Bjørn Berge har desse albuma i dag. Nokre av bileta er lagt inn på Høyanger historielag si nettside.
Fredag 29. november klokka 18.00 arrangerer Høyanger historielag eit fotoseminar i sanitetslokala på Joker Kyrkjebø, der nokre av desse bileta vil bli vist fram. I tillegg vil det bli sal av Årbok Høyanger 2024.
Velkomen til fotoseminar – sjåast der.