Fredag 22. november kl. 18.00 blir det lansering av Årbok Høyanger 2024 på Eldresenteret i Høyanger.
I Årbok Høyanger 2024 vil du finne ein artikkel om «svenskebarna» som reiste frå Høyanger til Sverige hausten 1945 «förr at eta opp sig». Bjørn Johan Hjelmeland vil fortelje denne for mange ukjende historia frå Høyanger i samband med lanseringa. Boka kostar kr 250 kr (kr 200 for medlemmer).
Alle er velkomne til utpakking av den 14. årboka i rekka frå Høyanger historielag. Det vil bli sal av boka og enkel servering.
Årboka kjem for sal i på Høyanger Bok og papir, Joker Kyrkjebø, Joker Vadheim, Joker Bjordal, Bunnpris Lavik og Ortnevik Nærbutikk frå laurdag 23. november. Boka kan du og bestile frå denne nettsida.
(Artikkel oppdatert 17.11.2024)