Fredag 22. november 2024 vart Årbok Høyanger 2024 lansert på Eldresenteret i Høyanger. Her kom historia om «svenskebarna» som for til Sverige i 1945 «førr at eta opp sig» fram i lyset.
I samband med lanseringa heldt artikkelforfattar Bjørn Hjelmeland eit fordrag med utganspunkt i artikkelen; Til Sverige, «førr at eta opp sig». Kort fortalt handlar den om 19 barn i alderen 4-7 år frå Høyanger som reiste til Sverige i 1945. Her var dei fosterbarn i svenske familiar ein periode. 18 kom heim, og ein vart verande i Sverige. Kven er dei, korleis opplevde dei dette, og meir til kan du lese om i artikkelen.
I årets årbok tek denne artikkelen rundt ein tredel av innhaldet, og er ein av dei viktigaste historiane som Høyanger historielag har fått fram. Dett fordi ho i stor grad fram til no lokalt har vore lite kjend. Det var ikkje berre barn frå Høyanger som for til Sverige i 1945, men og frå andre stadar i Norge. Historielaget har i dette arbeidet berre funne ein artikkel i Aftenposten som omhandlar «svenskebarna». Difor er dette nybrottsarbeid, ikkje berre lokalt, men og på nasjonalt plan. All ære til Bjørn Hjelmeland og informantane som har bidrege til dette viktige arbeidet. Hadde ein ikkje teke tak i dette no, kunne denne historia fort ha gått inn i gløymeboka.
I årets utgåve er det og andre viktige historiar kome fram. Her presentart via føreordet til Årbok Høyanger 2024:
«På same måte som jula nærmar seg, ligg det også føre ei ny utgåve av årboka for Høyanger historielag. Den er tydelegvis liv laga, og er vorten viktig del av arbeidet med å ta vare på historia til kommunen.
Den 14. utgåva av årboka inneheld ulike sider ved historia der dei fleste delane av kommunen er omhandla. Den desidert lengste artikkelen i denne årboka er Bjørn Hjelmeland sin om borna som reiste til Sverige hausten 1945, for å feita seg opp. Dette er ei heilt ukjend historie om korleis den første tida var etter freden med matmangel og rasjonering. Historia om «svenskebarna» er ikkje berre nybrotsarbeid i Høyanger, også på nasjonalt nivå har dette vore lite omskrive og forska på.
Elles er dei ulike bygdelaga representerte med artiklar om tømmertransport på Lavikdalen av Oddvar Vassliås, Hermund Kleppa om eit gravminne i Ortnevik, Ragnhild Hansen om oldefaren sin, målaren Gullak Ellingson frå Ullebø og Jan Anders Timberlid som skriv om eit unikt gardsrekneskap frå Berge. Bjørn Berge har henta fram nokre notat etter faren Sverre Berge, om arbeidet med sikring av fjellpartiet Ståpelen på 1930-talet, og skrive ein artikkel bygd på dette. Kristian Kvamme har henta fram minne etter bestefaren, Søren Kvamme frå Vadheim, som har stått på trykk i boka Renhårig slusk. Erindringer fra en anleggsbus. Her fortel Søren om arbeidet på anlegg saman med brørne sine.
Tidlegare i haust hadde historielaget eit pubseminar på Eides hotell om fotografar som hadde vore aktive i området. Ein av dei var Lars Bolstad frå Lånefjorden, som i årboka blir presentert av Rune Sævig. Eides hotell fekk i år nye eigarar og nytt liv etter å ha vore stengd nokre år. I årets utgåve kjem ei kort oppsumering av historia til hotellet i form av ein artikkel, forfatta av Gaute Ljotebø. Han kjem og med ein siste artikkel i serien om stølsbruket til bygdene som kom med i Høyanger kommune i 2020, no med gardane lengst aust; Nokken, Sagi, Tennefos og Tussvik.
I fjor feira Fagforeningens Musikklag 100 år, og i samband med det har Lidvar Berge skrive ein introduksjon til jubileumsboka, som vil kome neste år.
Artiklane i boka viser det spennet av historiar som finst i bygdene våre og vitnar om ei interesse for å ta vare på lokalhistoria. Mesteparten av dette materialet er kjelder som ikkje finst i offentlege arkiv. Vel så viktig er alt det munnlege stoffet som vert samla inn og berga for ettertida Årboknemnda vil såleis takke bidragsytarane for det innsende materialet. Årboknemnda er samansett av Bjørn Johan Hjelmeland, Jan Anders Timberlid og Gaute Ljotebø. Oppsettet av sjølve boka er gjort av Vilde Fimreite Hatlestad i Tell Media.»
God lesnad!
Høyanger 18. oktober 2024
Årboknemnda