I etterkant av at Årbok Høyanger 2024 kom i trykken, har årboknemnda fått inn ny informasjon til artikkelen Til Sverige, «förr at eta opp sig».
I årboka står det at ei av dei som følgde «svenskebarna» frå Høyanger var Borghild Kjos. Det var ikkje ho, men søstera Claudia Kjos.
Claudia blei hyra til denne turen kort tid før avreise fordi ho som skulle følgje med, var blitt sjuk. Denne dama var frå Hafslo. Claudia meiner å hugse at ho hadde etternamn Grøtting. Claudia fortel at ho var med på denne reisa fram til Flåm. Då dei kom dit, dukka Grøtting opp og følgde med på reisa til Sverige. Claudia måtte returnere til Høyanger, men det skjedde først etter tre- fire dagar. Ho blei verande i Flåm, og måtte bu på hotell før retur. Claudia var 19 år i 1945, (f. 4.mai 1926), og er i 2024 98 år.
Vi har og fått informasjon om at borna frå Høyanger ikkje var dei einaste frå Sogn og Fjordane. Det var og 5-6 born frå Svelgen som blei sende til Sverige i 1945. I Svelgen var det Sanitetskvinnene som organiserte turen. Dei for via Bergen, fekk vaksine og legeundersøking på Florida-sjukehuset i Bergen før dei drog derfrå. Dei var visst også i Boråstraktene. Dei kom heim att medio mars 1946.
Vi har og fått ny informasjon om identifisering på nokre av dei som er med på bileta frå avreisa. Her er dei korrigerte bilettekstane.
Som det går fram av biletteksten er fleire av namna markert med «?» , dette fordi identiteten er noko usikker. Det er fint om nokon kan gi tilbakemelding til oss for bekrefte eller eventuelt avkrefte namn til post@hoyangerhistorielag.no.