Det var 17 tilstade på årsmøtet til Høyanger historielag på Høyanger vgs 12. februar 2025. Dei godkjende årsmelding, rekneskap og budsjett. Etter framlegg frå styret vart medlemspengane auka frå 150 kr til 200 kr frå 2026. Det framlagde forslaget frå styret om å melde seg inn i Landsorganisasjonen for lokalhistorie vart einstemmig vedteke. Alle som stod på val tok attval og styret for 2025 vil såleis bestå av:
Leiar: Gaute Ljotebø (ikkje på val)
Nestleiar: Bente Nesse (vald for 2 år)
Kasserar: Bjørn Berge (attval, for 2 år)
Skrivar: Reidar Hjetland (ikkje på val)
Styremedlem: Bente Sæbø Øvreås (Ikkje på val)
1. vara: Nina Brekke (attval, for 1 år)
2. vara: Einar Rysjedal (attval, for 1 år)