Torsdag 27. mars 2025 vil Høyanger historielag arrangere eit fotoseminar i møterommet ved Ortnevik grendahus i tida 18.00-20.00. Det blir enkel servering.

Ortnevik rundt 1910. Rutebåten sentralt i biletet er «Gudvangen». Fotografiet er henta frå Ruth Hustavnes si fotosamling. (Foto: ukjent fotograf/privat eige)
Leiar i Høyanger historielag Gaute Ljotebø vil vise fotografi som er samla inn frå fotoalbum til Ruth Hustavnes, Nora Nielsen og andre frå Ortnevik. Nokre av desse fotografia er, eller vil bli, å finne på nettsida til historielaget under fana fotoalbum. Vi oppfordrar til å ta med fotografi som kan skannast og bli del av dette fotoalbumet. Det vi er interessert i er foto som viser ulike sider av samfunnslivet opp i gjennom åra i Ortnevik.

Nokre karar på startstreken i eit terrengløp i Ortnevik 16. mai 1953. Fotografiet er henta frå Nora Nielsen si fotosamling. (Foto: ukjent fotograf/privat eige)
Fotografia treng og ein informativ bilettekst. Dette må vi ha hjelp til. Kvar er biletet teke? Når er det teke? Kven er på biletet? Kva ser vi elles på biletet? I kva høve er det teke? Dette vil og bli søkt samla inn under seminaret.