Føremiddagen 1. september 1939 naudlanda eit britisk militærfly på fjorden utanfor Kyrkjebø. Morgonen 9. april 1940 overfall tyske styrkar det nøytrale Noreg. Sommaren 1939 var fleire ungdommar frå Høyanger på førstegongsteneste på Bømoen på Voss. I april 1940 vart dei sendt i krigen. Landet var invadert av den tyske krigsmakta. Korleis var situasjonen for Høyanger og folket der dei dramatiske dagane i april og mai 1940?
Foto over: Her ser vi frå venstre Hermod Vik, Arne «Bonden» Sæbø, ukjend, Johannes Svangtun, Sigurd? Strandos og Øystein Rørvik på rekruttskulen på Bømoen på Voss sommaren 1939. (Foto: privat eige)
Av: Gaute Ljotebø
Artikkel første gong publisert i 2020 i Årbok Høyanger 2020 utgjeve av Høyanger historielag
1. september 1939
Tidleg om morgonen 1. september 1939 angreip Tyskland Polen på ordre frå Adolf Hitler. På føremiddagen same dag naudlanda eit britisk militærfly på fjorden utanfor Kyrkjebø. Mannskapet på tre vart berga av rutebåten «Fanaråken» som på veg til stopp på Nordeide. Flyet vart først prøvd teke på slep, men sokk til botn av Sognefjorden (Bergen Arbeiderblad, 1939). På land var det fleire som fekk med seg denne hendinga, mellom anna Eivind Håland.
3. september erklærte Storbritannia og Frankrike Tyskland krig, og storkrigen i Europa var offisielt i gang. Eit britisk militærfly på Sognefjorden i det nøytrale Norge var alvorleg, men kanskje ikkje den store hending i ei elles turbulent verd. For augevitna på Kyrkjebø var dette helst eit lite forvarsel på kva som kom nokre månader seinare. Invasjonen av Polen 1. september 1939 er i ettertid rekna som byrjinga på det som ein seinare nemnde som andre verdskrig.

Høyanger 12. mai 1939. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen Eigar: Fylkesarkivet i Vestland/Høyanger verk)
SFFf-1993360.129783
Nøytralitet
Etter invasjonen av Polen 1. september 1939 melde dei norske styresmaktene at dei ville halde seg fullstendig nøytrale i krigen mellom Tyskland og Polen. Samtidig med den tyske invasjonen i Polen var det britisk marineaktivitet utanfor norskekysten, der det britiske militærflyet var ein del av dette. Utover hausten og vinteren 1939/1940 var det flyaktivitet frå både tysk og britisk side som braut med den norske nøytraliteten (Forsvarsmuseet, 2011). Det norske forsvaret sette inn det dei nemnde som nøytralitetsvakter fleire stader i Noreg. På Åkre og Nessane vart det bemanna flymeldepostar. Det var og nøytralitetsvakter i Høyangerfjella.
I september 1939 vart det sett ned ei eiga luftvernnemnd for Kyrkjebø kommune beståande av tre medlemmer. Direktør Hygen ved NACO, arbeidar og representant for arbeidarsaniteten, Bjarne Fossen og kontorsjef Bonnevie i Kyrkjebø kommune. Sistnemnde var leiar og initiativtakar. Oppgåva til nemnda var at dei saman med lensmannen skulle ta seg av sivilt luftvern og evakueringsspørsmål. 14. desember 1939 vart det avhalde mørkleggingsøving i Høyanger. Nemnda hadde og gjort nokre sonderingar i forhold til ei eventuell evakuering av industristaden Høyanger (Bonnevie, 1941).

Damvakt i Breidalen Guttorm Haaland saman med nøytralitetsvakter ved Hjetlandsbassenget i Høyangerfjella. Biletet er truleg teke vinteren 1940. I følgje son til Guttorm, Eivind Haaland, berga faren livet til ein tysk soldat i fjellet under krigen. For denne dåden fekk han eit diplom av tyskarane. Sjølve utmerking var han nok ikkje var særleg glad i. Men han hadde berga eit liv, og eit liv er trass alt eit liv uansett. (Foto: Privat eige)
Aprildagane 1940
Natt til tysdag 9. april gjekk flyalarmen i Høyanger. Det var kome melding om at tyske fly var på veg mot Sognefjorden. Folk kom seg ut av sengene og var klare for å gå i dekning i kjellarane, men det vart berre med skrekken i denne runden. Om morgonen kom den dramatiske meldinga om at tyske styrkar hadde hærsett dei største byane i Noreg (Byrkjeland og Timberlid, 2015).

Kjelde: Bonnevie, J. (1941) https://www.digitalarkivet.no/db50002683800551

Kjelde: Bonnevie, J. (1941) https://www.digitalarkivet.no/ db50002683800551
Høyanger var ved krigsutbrottet i 1940 med om lag 2500 innbyggjarar den største tettstaden i Sogn og Fjordane fylke. Fabrikken til NACO var rekna for landets største aluminiumsprodusent (Storeide, 2014). Noko som gjorde sitt til at dei tyske okkupantane hadde særskilt interesse for staden. Med redsel for å bli bomba, vart det om kvelden 9. april sett i verk evakuering. Dei som ikkje hadde behov for å vere på staden, var bedne om å reise ut. Evakueringa gjekk i hovudsak føre seg 10. og 11. april. Skyssbåten «Solrenning» gjekk fleire turar til Sørsida og til Nordeide. Om ettermiddagen 10. april gjekk det ein motorbåt innover til Vik og Leikanger med kvinner og born. Mange ordna seg med transport sjølv, med mellom anna private båtar. Fleire for landevegen ut mot Kyrkjebø og vidare utover, nokre for heilt til Sunnfjord. Høyanger sjukhus i vart evakuert og pasientane frakta til sjukeheimen på Kyrkjebø (Byrkjeland og Timberlid, 2015. Mange av dei som budde i Høyanger hadde slekt i bygdene rundt Høyanger i Sogn og Sunnfjord. For dei var det nok naturleg å dra dit. Evakueringa gjekk føre seg jamt og trutt utover april så lenge krigshandlingane gjekk føre seg i Sør-Noreg. Kontorsjef Bonnevie i Kyrkjebø kommune rapporterer at om lag 50 % av innbyggarane i Høyanger var mellombels utflytte dei siste dagane av april. Dei som var igjen på staden var i hovudsak vaksne, vesentleg menn (Bonnevie, 1941). Samla vurdert var nok industristaden Høyanger eit viktig strategisk militærmål under heile den andre verdskrigen 1939-1945.
Dei første dagane etter krigsutbrotet var prega av kaos med mykje folk på reis. Frykta for flyåtak var overhengande. Fly vart observert, og stadig vekk gjekk flyalarmen i Høyanger. Flya som surra over Høyanger og bygdene kring skapte ei uhyggestemning, fortel Gudleik Førde. Han fortel elles at det gjekk mange rykte om spionar, mistenkjelege personar og om fallskjermsoldatar som var slept ned i fjella. Nervane stod i heilspenn hjå folk (Byrkjeland og Timberlid, 2015). I Narvik omkom Joakim Tveterås (1918-1940) frå Vadheim 9. april som mannskap på panserskipet «Eidsvold» då skipet vart senka av tyske krigsskip. I fleire heimar vart unge menn mobiliserte og måtte reise i krigen. Dei fleste herifrå for først til Voss. Fleire av dei vart kommandert austover og hamna i kampar i Valdres.
Evakuerte til Berge
Den næraste grenda til Høyanger er Berge. Sverre Berge har lista opp dei som kom til Berge aprildagane 1940. «Ved evakueringa frå Høyanger i 1940 flytte mange til Berge for kortare tid og folketalet auka dramatisk. Likeså elevtalet i skulen. Kjellaren måtte takast i bruk som klasserom i tillegg til skulestova» (Berge).
Hos Lars Berge (Berge ytre 55/2) budde Magnus Gudvangen og Thomas Lægreid med huslyden.
Hos Lasse Berge (Berge ytre 55/4) budde Astrid Berge, Pernille og Gjertin Bungum med borna Hildur og Snefrid.
Hos Knut Berge (Berge ytre 55/5) budde Øystein, Kirsten og Magnhild Sæbøe. Charles og Eldbjørg Litsheim og dottera Snefrid.
Hos Sjur Berge (Berge ytre 55/3) budde Else Berge, Birger og Karen Johansen, borna Aino og Kjell. Lidvin og Anna Berge og borna Solveig, Kari, Lodve, men dei flytte til Leiv etter eit døgn. Modulf og Hjørdis Lothe og brordottera Gerd. Dei var frå Bergen.
Hos Eystein Berge (Berge ytre 55/1) budde Erling og Gunvor Øyehaug, borna Magnar og Asta. Sverre Johanessen og kona, borna Sonja, Turid, Sven og Norman.
Hos Harald Berge (Berge indre 56/2) budde Olaf og Ragna Berge, borna Anders og Inger. Helgesen og kona, dotter og dotterdotter.
Hos Per Berge (Berge indre 57/1) budde Olav og Johanna Berge, borna Margit, Roar, Svanhild. Reinhart og Olga Nordeide, borna Møyfrid, Anders, Gerda, Solveig. Per Hauge og kona og sonen Magnus.
Hos Leiv Berge (Berge øvre 56/1) budde Johan og Maria Berge, borna Milda, Arne. Lidvin Berge med huslyd.
Hos lærar Glenjen (i skulehuset) budde Ole og Oline Hegg, borna Margit, Hjørdis og Agnar.
Hos Edvard Berge (Berge indre 56/3) budde Gullborg og Alfred Hjelmeland og dottera Berit, Isak og Ovidia, og tidvis sønene og Gunnar Rørvik.
Mobilisering
Dei som opplevde 9. april, kunne nok som regel fortelje kvar dei var og korleis dei fekk melding om invasjonen. Einar Øvrebø frå Ortnevik var på vedaskog på Sande. Han fortel at det var fint og klårt vêr og litt kaldt den føremiddagen, eit framifrå skogsvêr. Han observerte at bonden på garden, Trygve Sande, rodde ut til skyss- og mjølkebåten «Solrenning». Der var Trygve i ein unormalt lang prat med mannskapet. Då Einar seinare gjekk til middagspause fekk han greie på kva samtalen dreia seg om. Det var rystande nyhende Trygve Sande kunne fortelje, tyskarane hadde teke Oslo, Bergen og dei andre store byane. Det vart ikkje meir arbeid på skogen den dagen. Seinare på ettermiddagen fekk Einar beskjed på telefonen om at han var mobilisert (Øvrebø, 1995).
Einar pakka sakene sine og rodde straks heim til Ortnevik. Der fekk han greie på at også broren Anders var mobilisert. Morgonen etter vaknar han av bulder og brak frå fly, truleg tyske fly tenkjer han. Ikkje noko godt varsel for ein som skal ut i krigen. Det var tungt for han og broren å ta farvel med familien, i følgje Einar kjendest det mest ut som ein avskjed. Dei to brørne tok «Solrenning» til Nordeide. Der låg rutebåten «Kommandøren» frå Fylkesbåtane og venta, den var rekvirert for troppetransport i samband med mobiliseringa. Det var mykje folk på kaien. Her var i tillegg til lokale folk frå ytre Sogn og mobiliserte frå Sunnfjord og Nordfjord. Reisemålet for båtreisa var Gudvangen, der dei fleste skulle vidare til Tvildemoen og Bømoen på Voss som var møteplassen. Dei fekk ordre om å ikkje vere på dekk, i tilfelle det kom tyske fly. Tyskarane måtte ikkje sjå kva last båten hadde. Dei norske soldatane var verjelause mot tyske flyåtak (Øvrebø, 1995).
Dei første som vart mobiliserte var dei som hadde vore inne til førstegongsteneste i 1937, 1938 og 1939. Dei fleste med møtestad Voss. Etter at dei var innrullert kom dei i aktiv teneste fleire stader. Nokre kom i teneste i området lokalt mellom Voss og Bergen. Men dei fleste vart sendt austover for å stoppe tyskarane som var på veg innover i landet. Nokre mindre avdelingar nemnd som «Dagaligruppa», vart beordra til Numedal. I følgje Sverre Berge var Johan Berge frå Berge der saman med fire andre frå Høyanger. Dette var Arthur Eide, Elton Hansen, Anton Langøen og Lars Larsen. Dei fleste av dei mobiliserte vart oversendt til Valdres og var i kampar mot tyskarane der. Einar Øvrebø og Hermod Vik var blant desse. Seinare vart dei som tenestegjorde 1934, 1935 og 1936 innkalla. Fleire av desse vart mobiliserte til Indre Sogn, men avdelingane dei vart innrullert i vart raskt oppløyste og demobiliserte før tyskarane kom til Sogn.

Handelsbetjent Hermod Vik frå Vadheim si oppleving av mobiliseringa i april 1940. (Kjelde: Privat eige)
Sognefjord sjøforsvarsdistrikt
12. april vart Sognefjord sjøforsvarsdistrikt oppretta med Kvikne hotell i Balestrand som hovudkvarter. Til rådvelde hadde dei åtte marinefartøy og nokre armerte fjordbåtar/vaktbåtar. I følgje Norvald Stedje var det ikkje noko avskrekkande flåte, då fleire av marinefartøya var å rekne for museumsgjenstandar. Dei eldste var frå 1870-1890 åra (Stedje, 1990).
Hovudoppgåva til den vesle marineflåten var å sikre mobiliseringa i Indre Sogn, samt hindre at tyskaren kom i ryggen på dei norske styrkane på Voss og i Valdres. 14. april vart forsvaret av Sognefjorden organisert i to forsvarslinjer. I ei ytre linje, om lag ved Vadheim ,vart dei relativt nyaste marinefartøya jagarane «Garm» (1913) og «Troll» (1910) og torpedobåten «Snøgg» (1920) sett inn. Ei indre linje vart lagt om lag ved Kvamsøy. Her inne var dei eldste fartøya stasjonerte.
Fabrikken i Høyanger var viktig for marinefartøya i aprildagane. I samband med krigshandlingane i aprildagane i Sognefjorden vart ferja «Torfjell» (1939) rekvirert og dirigert til fabrikken i Høyanger for å få på montert minebaner, ferja fungerte som mellombels mineleggar frå 14. april. Den var stasjonert i Fresvik og hadde som oppgåve å minelegge Nærøyfjorden, om tyskarane skulle trenge seg så langt inn.

Jagaren «Troll» bygd 1910, hadde kolfyrt dampmaskin og var på 578 tonn og hadde eit mannskap på 76. Båten fekk mindre skadar under eit tysk flyåtak på Nordeide 26. april 1940. Det vart overteke av den tyske marinen 18. mai 1940 i Florø og seinare opphoggen i 1949 (Foto: HIM-kopi).

Klævoldsnattvikane like ved Furuheimen søkte eit av marinefartøya ly aprildagane 1940. Mannskapet torde ikkje å vere om bord i båten. Ovanfor vegen ved Henrikhildrane ligg ein stor stein, i følgje det som har blitt fortalt låg norske marinegastar i skjul her medan dei låg til land i Nattvikane (Foto: Gaute Ljotebø).
Bombing
20. april kom det første flyåtaket i Sognefjorden. «Garm» vart angripen med mitraljøseeld frå eit tysk fly i Esefjorden medan det lasta kol frå eit dampskip. Det er hevda at luftvernskyts frå
«Garm» råka flyet og at det var observert røyk frå det, og at dette flyet seinare gjekk i fjorden utanfor Høyanger (Steen, 1956).
Den 23. april ligg torpedobåten «Snøgg» ved kai for å fyller brensel ved fabrikkaien i Høyanger. Eit tysk fly går til åtak og slepp minst ei bombe som bommar og går i fjorden om lag 200 m lenger ute, like ved Villabyen. Nokre splintar går i ein husvegg, men ingen kjem til skade (Stedje, 1990) (Steen, 1956). Den 26. april blir ein lekter tilhøyrande NACO forsøkt bomba (Storeide, 2014).
26. april gjekk fem tyske fly til åtak på jagaren «Garm» med bomber og mitraljøser ved Bjordal i Fuglsetfjorden. Båten vart treft, nærast delt i to, og sokk på grunt vatn like ved kaien til butikken. Mannskapet hadde i førevegen forlate skipet og gøymt seg på land og ingen kom til skade. På andre sida av fjorden ved Nordeide låg jagaren «Troll» ved kai.
Mannskapet på «Troll», med unntak av ein, gjekk i land og kom seg i dekning der. Den eine som var att på skipet, var nestkommanderande løytnant Helge Øi. Han hadde nettopp fått greie på at bror hans hadde falle i kamp mot tyskarane. Då flya kom over fjorden og gjekk til åtak på «Troll», fyrte han laus med mitraljøse mot flya. Det verka som Øi ville ta hemn over broren. Det er hevda at hans innsats gjorde til at flya ikkje kom på skikkeleg skothald, og skipet vart berga. Tre bomber fall i sjøen så nær at ammunisjonsrommet blei slått lekk (Stedje, 1990) (Hafsten og Olsen, 2005) (Steen, 1956).
Bombinga på Nordeide
Sverre Berge var berre ein gutunge i 1940 og var augevitne til det som hende. Han og Magnar Øyehaug sat på steingarden mellom bruka Berge ytre 55/5 og 55/4 under Eikegjerde. «Dei var 7 år og forstod ikkje mykje av det som hende, og forundra seg mykje over dei små fuglane under flya. Fuglane var bomber, som vart slepte. Det small kuler i steingarden, og dei to vart jaga opp i kjellaren til Knut (55/5). Heime var dei redde for gutane, men omsider kom dei då heilskinna heim. Hjå Sjur (55/3) var dei fleste av husets folk i kjellaren, sameleis huslyden Birger Johansen. Fru Johansen sprang ut av kjellaren kvar gong det for fly over. Ho skulle sjå. Sjur hadde si fulle hyre med å halda henne inne og å halda døra att.»
«Medan bombinga sto på, gjekk Gunnhild Berge fram og attende i Kvia med niesa Snefrid i barnevogn. Ho forstod nok ikkje kor farleg det var, så broren Olav måtte ut for å få ho i hus. Dei fleste sat i kjellarane rundt omkring.»
«Hjå Lasse (55/4) og Knut (55/5) samla dei seg i kjellaren hjå Knut. Der var mykje folk, mellom anna huslyden Øystein Sæbø. Magnhild, dottera til Øystein, skulle stå ved glaset heile tida og sjå. Olav måtte fleire gonger jaga ho derifrå. Under bombinga kom fleire fly lågt over Berge. Dei for opp over Veitane. Eit var svært lågt. Det såg ut som det naudlanda i Veitane.»
«Lasse og Lars tok då kvar si øks og for til fjells for å gjere det av med overlevande. Dei fann heldigvis ikkje noko fly. Hadde det vore ei naudlanding med overlevande ville dei nok ha hatt pistolar og gevær,- og korleis det då hadde gått er det ikkje vanskeleg å tenkje seg.»
Sverre Berge fortel og om hendingar nede på Nordeide:
«Knut Berge var på Nordeide då bombinga tok til. Heime var dei redde for korleis det gjekk med han. Han trefte Johan Thue og dei søkte livd i ei stikkrenne. Knut høyrde dårlig og fekk nok ikkje rette inntrykket av fåren og ville ut av stikkrenna. Johan Thue måtte halde han med makt der inne til det heile var over.»
«Birgje Håland, av alle kalla berre Birgje, var på Nordeide under bombinga. Han var svært tunghøyrd og gjekk i vegen medan kulene small i vegen kring han. Mange frå MTB’ane, vaktstyrken og andre hadde søkt opp under Eikjehammaren. Sjefen for eine MTB’en sa til Eiliv at dei måtte rope til han mannen, som gjekk og moverte på vegen, at han måtte komme seg vekk. Eiliv svara at Birgje ikkje høyrde så det hjelpte ikkje å rope. Marinemannen svara då at om han ikkje høyrde så vart han ikkje treft heller. Då dei etterpå fortalde han om kva, som hadde hendt svara han at han tykte det var løye at det spruta slik i vegen» (Berge).
Kampane i Valdres
Etter mobiliseringa på Voss vart det meste av styrkane frå Brigade 4 Infanteriregiment 10 (IR 10) med to Bataljonar, BN I og BN II, overført til Valdres for å avlaste dei norske styrkane som var i kamp der. Avdelingane frå IR 10 var i aktive i kamp 19-30. april. BN I/IR 10 med Kp. 1, Kp. 2, Kp. 3 og Kp. 4 var i utgangspunktet sett opp i Bagn for å stoppe dei tyske styrkane der. BN II/IR 10 med Kp. 5, Kp. 6, Kp. 7 og Kp. 8 var i sett opp i området ved Dokka for å stoppe framrykkinga der. Fleire av dei mobiliserte frå Høyanger var i open strid mot tyske styrkar. Ein av desse var Einar Øvrebø frå Ortnevik som tenestegjorde i Kompani 3 (Kp. 3) BN I / IR 10. Han har sjølv detaljert skildra desse krigshandlingane i ei bok utgjeve på eige forlag. Hermod Vik frå Vadheim var lagførar for eit lag i same kompaniet. Hans skildringar kamphandlingane på fjellgarden Bagnsbergatn (Bergan gard) er ein viktig del av krigshistoria, mellom anna i major og krigshistorikaren Andreas Hauge sine beskrivingar av kampane i Bagn. Både Einar Øvrebø og Hermod Vik er og delaktige i dokumentarfilmen Bagn 1940 (1989), som Hauge var ein pådrivar til og delaktig i produksjonen av. Filmen er regissert av Jahn Pedersen, der fleire av krigshandlingane er dramatiserte.
Bagn 1940 – Gråbeinhølet og Bergatten
I dokumentaren fortel Hermod Vik om korleis han opplevde å hamne i krig i Valdres: «Det var ein rar følelse å komme her på Austlandet i den tette granskogen og drive krig. Eg får sei for min del at eg var redd, kolossalt redd og nervøs, at ein viste ikkje om ein skulle leve neste dag. Og komme hit å slost mot tyskarane som var inne i skogen, du viste dei var der, men du viste ikkje kor dei var, og du skulle gå i mot dei til dess du trefte dei. Det var ein voldsom følelse i allfall» (Pedersen, 1989).
I Valdres gjorde Hermod Vik, Einar Øvrebø og dei andre frå Høyanger i Kompani 3 seg særleg bemerka i kampane ved Bagn dagane 20-22. april. I Bagn var BN I/IR 10 sett opp for å stoppe framrykkinga til den tyske hæren. I desse trefningane var Kompani 3 særs sentrale. Dei var sendt ut i oppdrag på ein av flankane. På veg dit kom dei i kamp med ei tysk hæreining, Kompani 9/IR 236. Trefningane som i ettertid er omtalt som «Kampane i Gråbeinhølet og på Bagnsbergatn gard». Den 20. april, under kampane i Gråbeinhølet, vart Sigurd Eldegard frå Vadheim, Arnold Aven, Arnold Kvammen og Bjarne Bosdal frå Lavik såra.
Dagen etter, den 21. april, kom det til ei trefning som har blitt skildra som kanskje den mest blodige under kampane i Valdres, kampen om småbruket Bagnsbergatn (Bergan gard). Det er hevda at dette var første gongen ei tyske hæreining vart direkte overmanna og slegne ut i kamp under det tyske felttoget i Sør-Noreg. Mange tyske soldatar fall og vart såra, og enda fleire vart tekne til fange. I denne trefninga hadde eit stormlag med soldatar hovudsakleg frå Høyanger leia av Hermod Vik, ei særs viktig rolle.
Det var fleire soldatar en dei som var med i kompani 3 som var med i Valdres frå vårt område. Diverre finnest det førebels ikkje ei komplett utarbeid oversikt over desse. Her var det soldatar tilhøyrande BN I/IR 10 som kjempa i området ved Bagn soldatar som var med BN II/IR 10 i kampar i området rundt Dokka og oppover Etnedalen.
Kompani 3
Fleire av soldatane som var i BN I/IR 10 kompani 3 var frå Kyrkjebø kommune, Lavik kommune og frå bygdene Lånefjorden og Nessane i dåverande Vik kommune. Einar Øvrebø frå Ortnevik var ein av desse. Han har lista opp følgjande soldatar (Øvrebø, 1995):
Kyrkjebø kommune:
Arne Austrheim, Alfred Berge, Sigurd Eldegard, Johan Heggenes, Lars Ramsli, Øystein Rørvik, Sigurd Strandos, Erling Svangtun, Johannes Svangtun, Arne Sæbø, Arne Tveit, Hermod Vik, Harald Ytredal, Olav Østerbø, Anders Øvrebø og Einar Øvrebø.
Lavik kommune:
Arnold Aven, Bjarne Bosdal og Arnold Kvammen.
Lånefjorden og Nessane:
Håkon Dagfinn Baug, Gunnar Koldingsnes, Johan Måren, Per Nesse og Bjarne Linde.
Stormlaget til Hermod Vik
Kampen om Bangsbergatn (Bergan gard) er rekna ei av dei blodigaste trefningane i Valdres. Kampen gjekk føre seg ut på kvelden 21. april 1940. Ein sentral aktør her var Hermod Vik frå Vadheim, som var lagførar for Lag 1 Tropp 3 i Kompani 3/IR10. Han leia stormlaget som angreip husa på garden der dei visste det var tyske soldatar. Stormlaget bestod elles av; nestlagførar Erling Svangtun, Norevikane, skarpskyttar Arne Sæbø, Høyanger, Mg-skyttar 1 Nils Thue, Kvamsøy, Mg-skyttar 2 Per Nesse, Nessane, Mg-skyttar 3 Øystein Rørvik, Høyanger, ammunisjonsberar Sigurd Strandos, Høyanger, geværmann Olav Østerbø, Høyanger og geværmann Alfred Berge, Høyanger (Øvrebø, 1995). I tillegg melde Peter Skjeldal frå Voss seg som frivillig til å delta i storminga. Hermod Vik noterte ned i dagbokform hendingane han var med på i Valdres medan han sat i fangenskap på Hønefoss. I ei maskinskrive skildring, sendt til Andreas Hauge i 1985, beskriv han hendingane på Bagnsbergatn slik:
Kampen på Bergan 21/4-1940
«Me er komen saman att med resten av kompaniet, og har gått opp lia der me hadde kampar med tyskarane dagen før. Me hadde sett oss å kvile litt. Eg ser troppssjefen vår snakka med kapteinen, Rieber-Mohn, og litt etter kjem det ordre at lagføraren for 1. lag skal kome fram, og det er altså meg. Eg snakka med kapteinen som seier at eg skal ta laget mitt og undersøkje eit hus som ligg bak skogkanten, ca. 150 m lenger framme. Det er fjellgarden Bergan. Vi ser ikkje husa derifrå
som vi er. Dei hadde høyrt at det var folk der, det kunne vere ei kone som gjekk i fjøset, det kunne vere norske soldatar, eller det kunne vere tyske soldatar som var der, og i tilfelle so var, (hadde han sett i stilling eit par maskingevær til å verne oss.)
Eg gjekk attende og henta dei andre i laget mitt. Det er best å få dette unnan i ein fart. Eg gjekk så langt fram at eg godt kunne sjå husa, der stod to tyskarar vakt, og uheldigvis hadde dei sett meg og, og eg såg dei springe om hjørnet på huset. Eg kraup litt lenger fram og såg eit skilt der det stod noko med 9. komp. på. Eg sprang attende og melde frå om det eg hadde sett.
Gjekk so fram att, og no låg heile laget framme, flate i snøen. Låg slik ei stund, og skaut nokre skot mot huset med maskingeværet vårt. Det byrja no å dimmast. Det vart kaldt å ligge slik i snøen lenge, og ein soldat var attende å snakka med kapteinen kva me skulle gjere. Eg var tilbake i same ærend, og kapteinen sa då at om me ville storme garden, skulle han skaffe mitraljøse til å verne oss. Me hadde då valget, å storme eller bli liggande i stilling om natta. Det viste seg at det tok tid før mitraljøsen kom.
Me hadde ikkje sove på fleire næter, hadde leie ute natta før og, og hadde lite lyst å bli liggande der om natta. Me bestemte oss då for å storme, og det vart sett opp maskingeværstilling for å dekke oss. Det kom også ein og melde seg friviljug til å vere med oss.
No vert det mykje skyting mot husa. Midt i verste skytinga spring me fram. Vi prøver å spreie oss, men det er vanskeleg i den djupe snøen å springe fram. Eg ser ein tyskar i eit glas. Ein i stormlaget legg seg på kne og skyt, og borte er han.
Vi kjem fram til det første huset, hovedbygningen, spring langsmed veggen og rundt hjørnet. Berre nokre få meter derifrå står eit mindre stovehus. Best det er ser me logar i glaset der, og eit tysk maskingevær sender sine seriar mot oss. Vi slengjer oss ned og kjenner berre vinden av kulene. I ein fart krabbar vi om hjørnet att. Underet og lukka er med oss. Vi er uskadde alle. Me var truleg 4-5 mann framom hjørnet. Maskingeværskyttaren vår spring so framatt om hjørnet og sender ein serie mot tyskarane i glaset, og dermed er det slutt der.
No høyrer me litt støy og nokon som snakkar rett over hovudet på oss, og me skjønar at det må vere tyskarar. Me knusar glasa med bajonettane og skyt inni rommet. Glaset er litt høgt og me hoppar opp og skyt inn alt me kan, då me er redd tyskarane kan hive ut handgranatar. Me høyrer det er tyskarar i andre høgda, og me skyt inn glaset og opp gjennom golvet til andre høgda. Det skjønar me gjer mest virkning. Vi ropar på meir folk og nokre kjem til. Samstundes ropar me til tyskarane at dei må overgje seg. Inne i huset høyrer me dei ankar seg og ropar på ambulanse. Då vi har ropa og skote ei stund , overgjev tyskarane seg og kjem ut or huset med hendene over hovudet. Mange av dei er såra og blodute og fæle å sjå til. Fangane vert stilt opp 2 og 2, og der er 25 mann.
Eg går inn i huset for å hente att bajonetten min som eg miste inn glaset. Utover heile golvet ligg der såra tyskarar, 11 stk. i alt. Eg går bort å henta bajonetten som ligg i ei seng attved glaset. Der ligg og ein såra tyskar. Her var eit forferdeleg rot og ein frykteleg stank. Blod var der overalt, på golvet, på kleda og overalt. I andre høgda ser det og fælt ut. Den eine av tyskarane her er fallen.
Det syner seg no at i minste stovehuset, derifrå som det tyske maskingeværet skaut på oss, er ikkje mindre enn 28 sivilpersonar, der mellom andre kona til presten og to døtrer. Sivilfolka si glede over frigjeringa kan vanskeleg tolkast. Dei hadde ikkje fått gått langt utan vakt. Medan kampen stod på hadde dei lege flate på golvet i kammerset. Merkeleg nok var ingen av desse skadde. Det høvde seg slik at dei kom attom peisen i stova. Men det hadde vore ei fæl stund. Kulene susa rundt dei, og eg høyrde om eit barn som hadde fått mat av flaske, då det kom ei kule og reiv smokken av. I stova finn me no dei to tyskarane som skaut på oss. Ein er død den andre hardt såra. I ei seng i same rommet ligg to gamle menn. Den eine er død, den andre såra.
Før vi kom hadde 10 tyskarar reist til bygda etter mat, og best det er høyrer me skot. Det de dei som kjem att no. Det vert litt forvirring med det same, og fangane spring inn til husveggen. Kapteinen vår gjev ordre til den tyske sjefen, at han skal rope at han er teken til fange saman med resten av kompaniet, så dei må berre overgje seg, men dei kjem ikkje.
Så vart fangane førd ned til hovudvegen, og nordover med lastebil. Dei såra vart lagde på kjelkar som tyskarane hadde brukt til å dra proviant til Bergan på, og førde ned til vegen. (Hovedvegen). Åtte andre tyskarar som fall i går, har lege halvt nedgravne i snøen. Dei vert no tekne oppatt. To tyskarar som hadde eit maskingevær i løa fann me og falne.
Dette er vel dei viktigaste hendingane frå angrepet på Bergan» (Vik, 1985).
Stormlaget leia av Hermod Vik stormar Bangsbergatn. Stova nærmast er hovudhuset. Til venstre ligg den minste stova der dei sivile heldt hus. Husa på garden Bangsbergatn er tekne vare på og er i dag eit nasjonalt krigsminne. (Teikning: Andreas Hauge 1986)
Offisielle tal:
Dei offisielle tyske tapstala frå kampane i Gråbeinhølet og Bagnsbergatn gard 20-21 april er oppgjevne til 13 tyske falne, der 5 fall på Bagnsbergatn. Det vart teke til fange 46 usåra og 19 såra tyske fangar på Bergsbergatn kvelden 21. april (Brakstad, 1996). Dei 10 tyske soldatane som Hermod Vik omtalar kom attende om natta var i realiteten truleg 9, og er rekna inn blant dei som var tekne til fange. Hauge (1986) opererer med totalt 17 falne tyskarar desse to dagane, der 6 fall på Bangsbergatn.
Dei norske styrkane var ikkje klar over at det var norske sivile på garden, og var difor overraska når desse kom ut av det eine huset. Både Hauge (1986) og Bragstad (1996) opererer med 25 sivile i den minste stova, ikkje 28 som Hermod Vik skriv. Her var ikkje berre gardens folk, dei fleste var flykta frå krigshandlingar nede i bygda Bagn og andre stader. Av dei sivile vart ein eldre mann drepen, han i senga som og Hermod Vik opplyser om. Den andre eldre karen var såra med ei kule gjennom eine låret. Av dei sivile hadde to jenter fått mindre skadar av streifskot (Hauge, 1986). Det som truleg berga dei sivile, var at dei låg på golvet, og at ein issvull framfor huset på nordsida tok av for mitraljøseelden frå den kanten. Av dei norske militære tapa, er det ikkje meldt nokon drepne eller såra 21. april. Med til historia høyrer og med at Kompani 3 dagen etter, 22. april 1940, tok til fange det som var igjen av det tyske Kompani 9 ved garden Gubberud eit lite stykke frå Bagnsbergatn. Her vart i følgje Hauge (1986) 33 tyskarar tekne til fange utan direkte kamp. Bragstad (1996) opererer her med 38 tyske fangar. Med denne innsatsen hadde Kompani 3 frå IR 10 dagane 20-22. april overmanna eliminert eit heilt tysk kompani.
Sjølv om dei norske styrkane vann enkelte sigrar og stoppa den tyske framrykkinga mellombels ved Bagn, vart dei tyske styrkane for sterke. Dei norske soldatane måtte gradvis trekke seg lenger oppover dalføret Valdres. IR10 med BN I og BN II hadde 29. april trekt seg attende til Strandefjorden i Vestre Slidre. Natt til 30. november låg det som var att av Kompani 3 i forlegning på Steinde gard. Mange hadde falle frå i striden. Nokre var drepne, fleire var såra og ein del hadde og falle vekk på grunn av sjukdom. Under kampane denne dagen går kompaniet i oppløysing. Bjarne Linde frå Nessane var ein av dei som vart såra i kamp denne dagen. Dei norske styrkane i Valdres måtte gje tapt for den tyske overmakta. Ut på ettermiddagen 30. april kapitulerte dei norske styrkane i Valdres. Dei fleste soldatane frå IR10 vart tekne til fange og internerte i ein fangeleiren på Hvalsmoen ved Hønefoss. Offiserane vart internert på Grini ved Oslo.
To av dei som vart tekne til fange var Einar Strandos og Egil Solheim frå Lavikdalen. Etter at dei var slept fri frå fangenskap tok dei toget til Voss. Der overnatta dei hos slektningar av Egil. For å komme seg heimover til Sogn gjekk dei på ski over fjellet til Vik (Strandos).
Det var ikkje alle som vart tekne til fange. Georg Strandos, bror til Einar Strandos frå Lavikdalen, hadde vore med i kampar ved Dokka. Georg var ein av dei som rømde unna tyskarane. Det var nok viktig å unngå tyske soldatar. Difor var det ikkje berre å ta raskaste vegen over Filefjell til Lærdal. Saman med to andre tok han vegen heim over mot Sogn, truleg via Sognefjellet på ski. Dei enda til slutt opp nede ved Lustrafjorden. Då dei kom fram til folk, fekk dei tak i sivile klede, slik at dei kunne ta av seg uniformene. Det var nok tryggast om dei skulle møte på tyskarar. Frå Luster ordna dei seg skyss med ei skøyte utover Sognefjorden og heim.
Kapitulasjon og demobilisering
Tysdag 30. april kapitulerer dei norske styrkane i Valdres. Den norske hærstyrkane i Indre Sogn vart same dato flytta ut til Vadheim og vidare til Førde. I morgongryet natt til 1. mai gjekk «Snøgg» og «Troll» ut frå Vadheim med ordre om å hindre tysk minelegging ved inngangen til Sognefjorden. Etter dette fekk dei ordre om å gå nordover til Sunnfjord (Steen, 1956), der dei seinare vart overtekne av tyske styrkar. 1. mai 1940 blir Sognefjord sjøforsvarsdistrikt oppløyst og hærstyrkane i Sogn og Fjordane demobilisert, og soldatane dimittert (Eithun, 2005). Forsvaret av Sogn og Fjordane og resten av Sør-Noreg var oppgitt.
Senka marinefartøy i Høyangsfjorden
Torpedobåten/Minsveiparen «Dristig» (1898) vart 11. april kommandert til Sogn for å slutte seg til styrkane der, men vart undervegs utsett for eit flyåtak som kosta rormannen livet, og skipet vart skadd. Ikkje verre enn at det vart slept inn til Høyanger, der planen var at den skulle reparerast. Men då dette ikkje let seg gjere vart den slept ut til ei vik om lag 1000 m frå Høyanger. Der vart den kamuflert for å ligge der til krigshandlingane tok slutt. I følgje krigslitteraturen skal denne båten vere søkkt av eige mannskap på djupt vatn utanfor Kvamsøy 2. mai 1940 (Steen, 1956).
I Høyanger kunne folk fortelje om norske krigsskip som vart senka i Høyangesfjorden våren 1940. Norvald Stedje hevdar med den bakgrunn at «Dristig» vart senka i Høyangsfjorden (Stedje, 1990).
Torpedobåten/minesveipar «Dristig» sjøsett 1898. Skipet hadde kolfyrt dampmaskin og var 66 tonn og hadde eit mannskap på 14. (Foto: HIM-kopi)
Etter kapitulasjonen i Sør-Noreg flytte mange av dei evakuerte frå Høyanger heim. Dei mobiliserte soldatane kom etter kvart heim. For nokre tok det litt tid, særleg dei som hadde vore i Valdres. Mange av desse var tekne i tysk fangenskap etter at dei kapitulerte, blant desse var Hermod Vik og Einar Øvrebø. Einar Øvrebø vart sett fri 15. mai. Etter å ha teke toget til Voss 16. mai overnatta han og fleire der til 17. mai. Einar Øvrebø tek i veg på turen langs landevegen mot Gudvangen. I Gudvangen får han og fleire andre skyss med motorbåten «Sandøy» ut fjorden. Dei får «Sandøy» til å gå inn under Nessane. Her låner Einar og fire andre ein robåt og ror langs land mot Lånefjorden. På Kvist går Håkon Baug av båten. Dei ror ut til Koldingsnes der Gunnar Koldingsnes held hus. Johan Måren ror vidare inn fjorden heim til Lånefjorden. Einar Øvrebø og Arne Tveit låner seg ein robåt på Koldingsnes, og ror over fjorden til Ortnevik. Slik beskriv Einar Øvrebø denne turen: «Sognefjorden ligg still og blank i vårkvelden då vi ror over til sørsida. Vi dreg godt på årane, og eg kjenner korleis gleda strøymer gjennom meg. Slik er det sikkert med kameraten og. Jammen er det høgtidsamt å sjå att den fine heimbygda vår! Ho er verkeleg fin, særleg i kveld» (Øvrebø, 1995, s. 74). Litt før midnatt fredag 17. mai 1940 kom Einar Øvrebø og Arne tveit endeleg heim til Ortnevik.
Soldatane som hadde vore i strid kom nok heim med vonde minner. Hermod Vik fortel om ekstrem redsle og nervøsitet for å gå kamp med tyskarane. Fleire opplevd krigens grusomheiter med død og lemlesta kroppar. Nokre var nok og medvitne om at dei hadde vore med å teke liv. Sjølv om det var krig, var nok ikkje dette like lett å bere for alle. Mange av dei som var med i Valdres fortalde lite om det dei var med på. Det var nok den tid sin måte å takle dette på, ved å bite det i seg og søke og gløyme. I dag veit ein at det å snakke om traumatiske hendingar, er med på bearbeide og lindre slike opplevingane. Dei seinare år har slike reaksjonar etter traumatiske krigsopplevingar diagnostisert og nemnd som Posttraumatisk stressliding (PTSD). Om dette gjaldt dei som var i krigen frå vårt område er ukjent.
Okkupasjon
Det tok noko tid før dei tyske styrkane kom til Høyanger. Det første dei tyske okkupantane gjorde var å sikre seg kontroll med NACO i Høyanger. Alt 19. april var konsernleiinga til NACO i samtaler med tyskarane i Oslo. Ein av dei leiinga møtte der, var direktøren i den tyske flyfabrikken Junker, Heinrich Koppenberg. Han var i Noreg på oppdrag frå leiaren i det tyske flyvåpenet, Hermann Göring, om å sikre kontroll over norsk aluminiumsindustri. Om kvelden 6. mai 1940 kom eit tysk reisefølgje med representerer frå tyske rustningsinteresser med oberstløytnant Thein i spissen til Høyanger. Her var dei i møte med fabrikkleiinga ved NACO med direktør Hans Hygen i spissen. På dette tidspunktet var det stopp i produksjonen på fabrikken. Eit viktig punkt var difor få i gang aluminiumsproduksjonen så raskt som råd. Utover mai føregjekk det ein del møteverksemd mellom dei tyske okkupantane, NACO og norsk industri. Det vart diskutert samarbeid med tysk aluminiumsindustri og avtalt oppkjøp av aluminium. NACO i Høyanger fekk tilgang til råstoff og produksjonen kunne takast opp igjen (Storeide, 2014).
I samband med møtet 6. og 7. mai i Høyanger vart det og tid til eit bedriftsbesøk hos Vadheim Elektrochemiske fabrikker (Storeide, 2014, s. 45). Det var viktig for okkupasjonsmakta å få oversikt over og sikre seg kontroll over den lokale industrien i Høyanger. Som kjent er det mykje aluminium i fly. Langt på veg kan ein hevde at frå mai 1940 var NACO i Høyanger ein del av den tyske rustningsindustrien.

Tyske soldatar går i land på Nordeide i mai 1940. Fotografen er høgst truleg ein tysk soldat frå IR 236. (www.krigsbilder.net)
Tyske soldatar
I følgje kontorsjef Bonnevie i Kyrkjebø kommune kom den tyske vernemakta til kommunen 7. mai 1940 (Bonnevie, 1941). Truleg dreia det seg om 200-300 soldatar som kom her i mai månad 1940. Hovudstyrken kom med skip frå indre Sogn til Nordeide. Dette var soldatar som hadde vore i kamp i Valdres. Det viktigaste var nok å sikre aluminiumsfabrikken i Høyanger og samferdselsknutepunktet Vadheim. Området var no fysisk okkupert av den tyske krigsmakta.
Ei ny og vanskeleg tid tok til, okkupasjonstida. Livet gjekk vidare. Kyrne måtte mjølkast. Fabrikken i Høyanger kom i normal drift igjen. Hermod Vik arbeidde vidare som handelsbetjent i faren si foretetning i Vadheim. Ungane byrja på skulen att om hausten. Men alt var ikkje som før. Noko vesentleg var endra. Demokratiet og sjølvråderetten var tapt. Ei framand makt var komen til landet og hadde teke over styringa. Korleis skulle ein forhalda seg til dette? Det var mange vanskeleg val som stod føre. Val som kunne få alvorlege konsekvensar.

Tyske soldatar i Vadheim 1940. (www.krigsbilder.net)
Litteratur og kjelder
Brakstad, J. (1996). Fjordane Infanteriregiment nr 10. I gamal og ny tid. Oslo: Elanders Forlag.
Byrkjeland, M., og Timberlid, J. A. (2015). Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år – 1915-2015. Bind 1. Bergen: Fagbokforlaget.
Eithun, G., Berge, K. R. og Kleppa, H. (2005). Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940- 1945. Førde: Selja Forlag AS.
Hafsten, B., og Olsen, B. (2005). Flyalarm: luftkrigen over Norge 1939-1945. 2005: Sem & Stenersen.
Hauge, A. (1986). Kampen i Gråbeinhølet, på Bagnsbergene Gard og Breidablikk i 1940. Oslo: Forsvarsmuseet.
Ortnevik skule. (2005). Daglegliv i Ortnevik under krigen. Ortnevik skule (Elevarbeid).
Steen, E. A. (1956). Norges sjøkrig 1940 – 1945 Bd. 3 Sjøforsvarets kamper og virke pa Vestlandet og i Trøndelag i 1940.
Storeide, A. (2014). Norske krigsprofitører: Nazi- Tysklands velvillige medløpere. Oslo: Gylendal.
Øvrebø, E. (1995). Krigshistorie 1940-1945. Med 3. kompani i Valdres. Dagbok frå 9. april til 17. mai 1940. Eige forlag.
Ikkje utgjeve materiale
Berge, S. (u.d.). Berge historier.
Vik, H. (1985). Brev til Hauge.
Informanter:
Eivind Håland og Synnva Strandos.
Aviser
Bergen Arbeiderblad . (1939, september 01).
Stedje, N. (1990, april 07). Marinen mot Luftwaffe. Sogn Dagblad, ss. 14-15.
Internett:
Forsvarsmuseet. (2011, mars 15). Norsk nøytralitetspolitikk. Henta frå: http://www.forsvaretsmuseer.no
Digitalarkivet:
Bonnevie, J. (1941) RA, Forsvaret, Forsvarets krigshistoriske avdeling, Y/Ya/L0015: II-C-11- 31 – Fylkesmenn. Rapporter om krigsbegivenhetene 1940., 1940, s. 539. Sogn og Fjordane, Kyrkjebø kommune. Henta frå: https://www. digitalarkivet.no/db50002683800539
https://www.digitalarkivet.no/ db50002683800539
Youtube:
Pedersen, J. (Regissør). (1989). Bagn 1940 [Film].
https://www.youtube.com