Fredag 19. september klokka 18.00 arrangerer Høyanger historielag pubseminar på Eides Hotel med tema utvandring til Amerika. Her vil Rasmus Sunde halde eit foredrag.

Rasmus Sunde (1944) er ein norsk historikar og forfattar. Han er fødd i Vik, oppvaksen i Jølster og busett i Balestrand. Sunde har doktorgrad i migrasjonshistorie. Han var førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, frå 1991 til han vart pensjonist i 2011.

I år er det 200 år sidan skuta «Restauration» la ut frå Stavanger i 1825. Dette er rekna for den første organiserte utvandringa frå Norge til Amerika. Rasmus Sunde er ein av dei fremste ekspertane på denne utvandinga. 

Foredraget vil omhandle korleis det heile starta med den opposjonelle gruppa med kvekarar og haugianarar som drog ut frå Stavanger med skuta Restauration i 1825. Om korleis dei kom seg over til Amerika, og korleis dei klarde seg der. Organisatoren bak utfarten, Cleng Peerson, vil naturleg nok bli ei viktig brikke her. Elles vil det med hjelp av diagram bli vist og forklart korleis og kvifor utvandringa  gjekk i bølgjer og var så ulik frå dei ymse distrikta i landet vårt. Der Sogn var eit av dei distrikta med mest utvandring. 

Det vil bli gitt opning for å stille spørsmål. I etterkant av foredraget vil det bli vist kjelder på internett der ein kan søke etter utvandrarar frå Norge.

Gratis inngang.