Sjur Hansson Berge vart fødd på Ytre Berge 2. november 1848. Han var smed av yrke, men er mest kjend som spelemann. Sjur Berge var ein del av eit lokalt spelemannsmiljø på Berge, der han lærde seg  felekunsten frå eldre spelemenn frå nabohusa i klyngetunet på Ytre Berge. Han var ein populær spelemann i si tid, og det er hevda at han spelte i over 100 bryllaup. Repertoaret hans var stort, med over 100 slåttar, og nokre av desse er tekne vare på for ettertida.

I seinare år har spelemannen Vidar Underseth teke tak i materialet etter Sjur Berge. I tillegg til å spele slåttane sjølv, har han gjeve ut samlinga Slåttar etter Sjur Berge (2021), som òg fortel litt om livshistoria til Sjur og kven som påverka han som spelemann. Denne historia finst òg i Årbok Høyanger 2022, i ein artikkel skriven av Vidar Underseth: Sjur Berge – spelemann og smed 1848–1931.

Sjur Berge flytte til Balestrand i 1878. Der livnærte han seg som smed. Han var ein familiemann, han og kona Hansina Persdotter Berge (1854–1942) fekk til saman åtte born. Fela hadde han med seg, men det er uklart kor aktiv han var. Han heldt spelinga ved like og hadde kontakt med spelemannsvener. I 1916 skreiv spelemann og folketonesamlar Arne Bjørndal ned 17 slåttar etter Sjur Berge. Spelemannen og tradisjonsberaren for den lokale hardingfelemusikken i Ytre Sogn, Sjur Hansson Berge, døydde 23. desember 1931.