Fredag 21. november vart Årbok Høyanger 2025 lansert under eit arrangement på Nordeide-Bua.
Om lag 40 personar fann vegen til Nordeide-Bua i snøværet denne dagen. Der fekk dei høyre ein av artikkelforfattarane, Sissel Tove Litzheim (på bilete over), fortelje om den 100 år lange historia til Kyrkjebø sanitetslag.
Årboka er i sal hjå Høyanger Bok og Papir, Nordeide-Bua, Joker Kyrkjebø, Joker Vadheim, Joker Bjordal, Bunnpris Lavik og Ortnevik Nærbutikk frå 22. november. Boka kan òg tingast på denne nettsida.
Ordinær pris er 250 kroner, 200 kroner for medlemmar.

Folket strøymer på til lansering på Nordeide-Bua.
Årets innhald er attgjeve her i form av føreordet til boka:
«Si vane tru ligg Årbok Høyanger føre, den 15. i rekka. Også denne gongen er spennet breitt, både når det gjeld tema, tidsperiode og geografisk spreiing.
Bjørn Hjelmeland har teke føre seg kulturminna i fjella mellom Høyanger og Gaular. Her finst det mange når ein veit kva ein skal leite etter, både frå svært gamal tid med stølar og andre tufter, men også nyare i samband med kraftutbygging og minne etter siste verdskrigen.
Nina Brekke og Geir Sørebø har teke tak i ein gamal tradisjon med heimedåp, eit emne dei kom borti då dei arbeidde med festskriftet til kyrkja i Ortnevik som i år feirar 100 år. Like gammalt er også Kyrkjebø sanitetslag, og dette laget får ein presentasjon av Sissel Tove Litzheim.
Eit jubileum vert også omtala i samband med at det er 80 år sidan 2. verdskrigen slutta. Her er to artiklar: Gaute Ljotebø med ein om senkinga av det tyske lasteskipet «Oldenburg» i Vadheim på slutten av krigen, og Jan Anders Timberlid som tek føre seg bombinga av to skip i Bjordal, eit i aprildagane i 1940 og det siste i januar 1945. Meir dramatisk var dei bombene som kom over Høyanger på årsdagen for invasjonen 9. april.
Skysstrafikken på Sognefjorden har vore omhandla i tidlegare årgangar, mellom anna av Frank Østevold som skreiv om bygderuta mellom Bjordal og Høyanger. I dette nummeret har han teke føre seg båten Venemøy og den betydninga den hadde for å binde saman dei ulike delane i ein kommune med vanskeleg geografi. Distriktslege Dagfinn Astor opplevde også Sognefjorden som eit stort hinder når han skulle besøke pasientar på sørsida i all slags vêr.Nemnde Timberlid har omtala legegjerninga hans i dei vel 50 åra han stod i stillinga.
Forsamlingshusa har vore omtala i årboka tidlegare. Det gjeld Valhall og Folkets Hus som har fått presentasjonar. I dette nummeret tek Marit Aven føre seg grendehuset på Torvund og den betydninga det hadde for grenda.
Som i tidlegare år er artiklane ein stor dugnad frå frivillige. Dei viser det spennet av historie som finst i bygdene våre og vitnar om ei interesse for å ta vare på denne lokalhistoria. Mesteparten av dette materialet er kjelder som ikkje finst i offentlege arkiv (eks. brev, notatar etc.) og vert med dette formidla til eit større publikum. Vel så viktig er alt det muntlege stoffet som med dette arbeidet vert samla inn og berga for ettertida. Årboknemnda vil såleis takke bidragsytarane for det innsende materialet. Nemnda er samansett av Bjørn Johan Hjelmeland, Jan Anders Timberlid og Gaute Ljotebø. Oppsettet av sjølve boka er gjort av Vilde Fimreite Hatlestad i Tell Media.»

Folk i prat og lesing på Nordeide-Bua under lanseringa av Årbok Høyanger 2025. (Alle foto Gaute Ljotebø)