Per Sverre Kvammen arbeidde i mange år som ekspeditør på kaia i Lavik. Han var fjerde generasjon ekspeditør i familien Kvammen. Her fortel han korleis han opplevde tida som ekspeditør.
Av: Per Sverre Kvammen – Årbok Høyanger 2015
Trossegut
Dei første båtane som eg hugsa var gamle D/S «Fanaraaken», D/S «Firda». D/S «Gudvangen» og D/S «Nordfjord 1». Desse båtane var svært like kvarandre i utsjånad og vart ekspedert på same måte. Eg hugsar godt kvar gong båten kom, då samla bygdefolket seg på kaia, for å sjå kven som kom, kva last som kom og kva last som skulle sendast. Samtidig fekk dei seg ein koseleg prat med sambygdingane.
Eg var ikkje store «karen» første gongen eg fekk ta i mot trossa. Måtte hale vaieren opp til pollerten, og stod utpå kaikanten med propellskummet like under. Desse båtane hadde vaieren hengande langs med skutesida, frå akterenden til midtskips. Dekksmannen kasta kastelina opp på kaia, då var det viktig å få tak i den straks, for å hale inn vaieren, som vart slept i sjøen frå midtskips. Dette var svært tungt for ein gut i ti – tolv års alderen, og samtidig balansere utpå kai kanten.

Per Sverre Kvammenfedd 1945. På bilde ser vi meg som gutunge på kaien i Lavik. I dag gift med Marit Ragnhild Ramsli fødd 1950. Eg kom tidleg med i arbeid på kaia, og overtok etter kvart som ekspeditør far Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (F.S.F) også ei tid for Firda Billag. Bygde ut lagerkapasiteten, utvida og bygde nytt postkontor i 1980. Overtok garden, men dreiv den ikkje som gardsbruk. Familien kjøpte konkursråka Lavik Fjordpensjonat i 1995, og tok straks til med modernisering og bytte namn til Lavik Hotell i år 2000. Kaia og hotellet vart seld i 2004. Dei siste arbeidsåra var i Høyanger som operatør ved felgfabrikken Fundo. (Foto: Privat eige)
Ekspedisjonen på kaia
Etter at båten var belagt skulle varene i land, og det som skulle sendast bringast om bord. Då båten kom frå Bergen var det varer til dei to butikkane som var på kaiområdet. I tillegg var det ein handelsmann på Lavikdalen. Varene kom på pallar og vi måtte dra dei inn på lageret med pallejekk. Mange gonger var dette svært tungt, for eksempel mjølpallar med 20 sekker på. Det kom og pallevis med kartongar fulle av varer til butikkane, også varer til bøndene, som det var mange av i den tid, like frå Øvre Lavikdalen til og med Torvund. Etter at alt var klart, folk som kom frå Bergen var kommen på land, og dei som skulle reise var gått om bord, kunne båten gå vidare innover Sognefjorden, like til Lærdal og Skjolden.
Då båten kom attende frå Sogn, skulle den ha med folk og varer frå Lavik til Bergen. Eg hugsa vi var på kaia og venta på at båten skulle komme. Fyrst høyrde vi fløyta, lenge før vi såg han. Og etter han hadde fløyta, seig han stille inn til kaia. Eg trur mest det gjekk 10 –15 minutt til han la til kaia.
Av varer som vart sendt til Bergen, hugsar eg best alle dyra. Det var oksar, kyr og hestar som skulle til slaktehuset i Bergen. Bonden kom med dyra på lastebil, gjerne ein time før båten. Det stod gjerne 10 til 20 dyr langs med kaiområdet og venta på at båten skulle komme. Bonden hadde høy med til dei, så dei stod roleg og åt denne tida. Eigarane av dyra var med og leidde dyra ned til båtsida, der vi tredde seglet under magen på dyret. På seglet var det tau til å bitte dyret fast framme og bak. Deretter vart dei heist opp frå kaia og ned i laste rommet. Eitt dyr i kvart hiv.

«Nordfjord 1» ved kai i Lavik 2. påskedag. (Foto: Per Sverre Kvammen)
Eg hugsar ein gong Ivar Kvammen skulle sende ein hest. Hesten gjekk fint ned til båtsida, og vi skulle vere raske å tre seglet under magen på hesten. Hesten vart uroleg og snudde seg raskt, han trakka dermed utanfor kai kanten og glei fint ned i sjøen, mellom båten og kaia. Ivar prøvde å halde att, dermed fekk han ubalanse og landa i sjøen han og. Historia ende godt. Begge to, Ivar og hesten, sumde opp til fjøra og vassa i land. Hesten rakk båten.
I 1949 sette Fylkesbaatane inn ei hurtigrute på Sogn, M/S «Sognefjord» og M/S «Sunnfjord». For passasjerane vart dette ein heilt ny måte å reise på. Båtane var store med lugarar og salongar og eigen spisesalong. Dei reisande kunne sitte å sjå utover sjøen og landskapet som dei reiste gjennom. Desse båtane hadde og plass til litt last, og dei kunne ta bilar med. Her i Lavik bygde far min, Karl, den gamle steinkaia ut til betongkai med bilbru som desse båtane kunne nytte. Bilbrua var svært tungvint i bruk. Den måtte heisast opp med taljer, og samtidig sleppe den så langt ut at den vart huka inn på side porten til båten.
Familien Kvammen som bygde opp og dreiv kaia i Lavik
I 1864 kjøpte Peder Karlson (Oppedal) Kvammen (1820–1909) og kona hans, Gjertrud Ivarsdotter (Oppedal) Kvammen (1822–1898), ein del av garden Kvammen. Peder tok straks til med arbeidet for å få rutestopp for Fylkesbåtane i Lavik, og dette lukkast han med. Det første året med fast stoppestad for Fylkesbåtane i Lavik var kring 1870. Truleg kom kaia òg på denne tida.

Karl Pedersson Kvammen (1848-1912) og Ottine Lassedotter Torvund (1849-1928). Karl overtok garden etter faren og dei bygde dampskipskai og hotell. (Foto: Prvat eige)

Ingeleiv Andersen (1870-1956) og Peder Karlsson Kvammen (1873-1949). Peder overtok Kvammen gard og kaia. Han var utdanna bakar og reiste rundt omkring i arbeid. Mellom anna var han ei tid bakar på Maristova Høgfjellshotell og på Haugastøl då Bergensbana vart bygd. (Foto: privat eige)

Mathilde Kvamme (1907-1975) og Karl P. Kvammen (1909-1991). Karl tok tidleg over garden og kaia. I 1940 vart det bestemt at postkontoret skulle leggast til ekspedisjonen og kaia. Den 1. april 1940 vart Karl postopnar. Dei bygde ny kai i 1949 og ferjekai i 1957. Dei bygde nytt kaihus som inneheld postkontor og venterom med toalett, kontor og lager for ekspedisjonen. (Foto: privat eige)
Livet på kaia
Eg hugsa ein gong det var stor fjære. Det vart då ein bratt bakke med knekk innpå båten, og ein bil skulle i land. Eg såg med ein gong at dette ikkje kunne gå bra. Men eigaren av bilen berre smilte og sette seg inn for å køyre. Til mi store undring kunne bilen heve seg opp, det såg mest ut som den gjekk på høge bein med hjul. Eg hadde aldri sett noko slikt før. Bilen kunne utan problem køyre i land. Det viste seg at dette var ein Citroen. Den gongen var vi heldige at det var ein bil som sjølv kunne ordne opp med slike hindringar.
Eg har ein barndoms ven, John Flokenes. Han tok til som dekksgut om bord i M/S «Sognefjord». Eg syntes det var stas når han var på bakken og kasta lina opp til meg, som eg kunne ta imot på kaia. Eg fekk vere med han fram i båten der mannskapet var. Det synest eg var svært spanande. Ein gong M/S «Sognefjord» kom frå Sogn og skulle til Bergen, fekk eg vere med han fram på bakken der eg fekk sjå ned i lasterommet. Der låg det ein diger bjørn over to pallar. Eg hugsa at det var fortald at den var lasta om bord i Lærdal.

M/S «Sognefjord» ved kai i Lavik. Vi ser Mathilde Kvamme i framgrunnen med postveska på skuldra. Borna ho står saman med er borna til broren Ragnar Kvamme. Siss på armen og Joril står ved sida av. (Foto: Privat eige)
Må fortelje ei historie som eg hugsa om kapteinen på M/S «Sognefjord» ein gong i 1950-åra. M/S «Sognefjord» låg ved kaia i Lavik, og kapteinen kom i klammeri med ei dame. Begge stod inne på dekket. Eg stod oppe på kaia og såg på, det som var sagt har eg fått referert av far min som stod ved sida av dei. Dama ville vite kva stilling kapteinen hadde om bord, kanskje ho ville klage han til selskapet? Kapteinen bøygde seg djupt framfor dama, tok av seg uniformsluva og sa : «Eg har ein måne og tre stjerner». Utfallet av dette veit eg ikkje, men kaptein Dahl var nok ein snartenkt humorist. Historia har vorte fortald mange gonger i godt lag.
So har eg forteljinga om dama med blått hår. Eg stod på kaia og såg inn på dekket til M/S «Sognefjord» då vart eg merksam på ei dame som stod der, med blått hår. Vi gutane som sto på land vart berre ståande å sjå og sjå. Noko slikt hadde vi aldri sett tidlegare. Mor mi som gjekk ombord med posten stansa og helste på dama, og det syntes som ho kjende ho godt. Eg vart kjend med fru Dahl seinare i livet. Men den første gongen eg såg «Lillemor» gjorde ho eit sterk inntrykk med blått hår.
Må og fortelje kven som kom med båten om våren når frukttrea blomstra. Kan du tenke deg kven som kom, jau, det var tannlege Bøe frå Høyanger. Han skulle sjå over tennene til skuleborna. Ingen slapp unna, tennene var bora og blombert. Då det hadde gått ei tid så var tannlegen gløymd, heilt til frukttrea blomstra neste vår. Då var det same leksa om igjen.
Eg må og fortelje om noko som gjentok seg kvar haust, då skulane skulle starte oppatt etter summarferien. Det kom mange ungdomar som skulle på skule i Dale i Sunnfjord. Dei kom med båten til Lavik og reiste vidare med buss til Dale. Dette var ei aktiv gruppe skuleelevar. Dei fann på det mest utrulege, den stutte stunda dei gjekk av båten til dei var plassert i bussen. Dei klatra i lys og tlf. stolpar. Klatring opp på taket til kaibygget. Eg trur det var 20 – 30 unge gutar og jenter. Dette gjentok seg i mange år.
Ferjetrafikk
I 1955 starta Fylkesbaatane opp med ferjeruta over Sognefjorden med ferja B/F «Vetlefjord». Ei koseleg lita ferje av tre som tok 4 bilar. Dersom vi «hipsa» bilane ut til rekka og dei ikkje var for breie, kunne vi til nød få med 5 bilar. I 1956 bygde far min bilbru til denne ferja, som hadde baukøyring.
I bladet «Amtet», medlemsbladet for Fylkesbaatane nr. 4 frå 1988, intervjuar bladet kaptein Adolf Risøy. Bladet spør han om det er noko samband han særleg minnast. Han svarar då : «Det var noko eige med sambandet Instefjord – Brekke – Lavik. Dei første åra gjekk ferjeruta berre i sommarsesongen, og når vi då i midten av mai kom innetter fjorden, gjekk flagga kring i bygdene til topps. Det var verkeleg feststemning. Alle var glade og hadde god tid».
Det var ikkje kvar tur det var bilar med, desse fyrste sumrane då ferjeruta starta. Eg minnest foreldra mine sat utanfor huset og drakk kaffi om ettermiddagane, då det var godt vær. Dei hadde med seg kikkert, for å sjå over til Brekke der ferja kom ut Risnefjorden. Eg synest enno eg høyrer dei seier: «Jammen har ho ein bil i dag».
Den første bilen som vart frakta over fjorden med B/F «Vetlefjord» var den 3. juli 1955 var ein med registreringsnummer R 362 .

B/F «Vetlefjord», den første ferja som trafikkerte Lavik-Brekke-Instefjord. (Foto: Fjord1)
Det var ein gong B/F «Vetlefjord» skulle ta om bord ein lastebil. Men då vart det ikkje plass til den siste bilen. Sjåføren på lastebilen visste råd. Han rygga bort til den bratte bakken til vegen som kom ned på kaia. Den siste bilen kunne då køyre opp i karmen på lastebilen. Deretter køyrde lastebilen om bord med personbilen på karmen. Alle bilane fekk plass, og var vel nøgde.Truleg tre personbilar og ein lastebil.
Etter som tida og åra gjekk, vart B/F «Vetlefjord» for lita, og det vart sett inn større ferjer. Eg kan ikkje hugse alle, men eg hugsa godt båten M/B «Sandøy» som gjekk ein sommar. Ein gamal trebåt som sikkert hadde frakta mykje krøter. Eg synest eg kjenner lukta av dekket enno. Eg trur denne ferja tok 8 – 10 bilar, og dei vart køyrde om bord på same bilbrua som M/S «Sognefjord» nytta. Det ligg ute ein filmsnutt av denne ferja på nettsida «Gamle Lavik» på Facebook.
I 1964 var det vedteke i departementet at staten skulle overta alle ferjesamband langs riksvegnettet. Det vart slik i Lavik og. Staten bygde ny ferjekai og ferja skulle nytte denne. Det tapet som då vart påførd ekspeditøren, skulle han få att ved å selje billettar til ferja. Dette arbeidet besto ikkje berre av billettsal, men også ta mot plasstingingar. Og til slutt kontrollere at dei som hadde tinga plass kom med. For dette arbeidet skulle ekspeditøren få 4 % av billettsalet. Eg tok på meg dette. Og første sommaren syntes eg dette gjekk ganske bra i forhold til arbeidet. Trafikken vart dobla kvart år i denne tida. Den andre sommaren med billettsal, vart det ei endring av billettprisen. Staten skulle då gi tilskot til frakta av bilar og folk som reiste med ferja. Prisen på billettane vart 50 % mindre enn året før. Dermed sto inntekta mi med det same som året før, sjølv om trafikken auka med 100 %. Eg trudde dette skulle bli bra likevel året etter. Men nei, då vart det bestemt at alle lastebilar og andre som nytta klippkort, skulle kjøpast på kontoret i Bergen. Dermed sto inntekta mi med det same. Dette kunne eg ikkje fortsette med. Fylkesbaatane og eg kom til ei ordning der eg fekk timesbetaling.

Ferjekaia i Lavik rundt midten på 1960-talet. M/S «Sognefjord» ved kai. (Foto: privat eige)
Det var og ei hending som eg synest var utruleg morosam. Ein dag eg stod og selde billettar, kom det ein bil i full fart ned på kaia, og ville køyre direkte om bord utan billett. Eg stoppa han og han skrudde ned ruta, han var svært sint. Eg spurde kva han var sint for. Etter ei lang utgreiing oppfatta eg at han var på søndagstur frå Bergen. Han og kona ville køyre rundt til Brekke og via Gulen og så attende til Bergen. Då han kom til Brekke trudde han at han var kommen til Duesund. Tok så ferja over til Lavik og trudde han var kommen til Sævråsvåg. Han i god tru køyrde vidare til Vadheim, her oppfatta han at dette bar i feil retning. I raseri snudde han i Vadheim og kom attende til Lavik. No beskulda han ferja og billettøren for ikkje å ha opplyst han om forholdet. Har i ettertid hatt ein god latter av dette.
Største trafikkhelga var alltid 2. påskedag. Då stod det bilar i kø heile dagen, bilar som hadde vore på påskeferie og skulle attende til Bergen. I tillegg til ferja, sette Fylkesbaatane inn M/S «Nordfjord 1», som gjekk direkte til Bergen med bilar. Denne båten tok over 60 bilar på 2 dekk. På øverste dekk vart bilane heisa opp ein og ein. Dette tok tid, men desse påskehelgane hugsa eg som svært hyggelege og syntest det var kjekt med mange bilar og solbrune fjes.
Det var ikkje berre F.S.F. som anløpte kaia. Det kom og frakteskuter med sand, og asfalt, gjødsel og kraftfòr. I 1950- og 60-åra kom her og frakteskuter med høy. Det var handelsmannen på Lavikdalen, Lasse Bruås, som handla med høy til bøndene. Lasse Bruås var ein stor, blid og hyggeleg handelsmann slik eg hugsar han. Han fekk så mykje høy at det låg høyballar stabla like opp til mønet på kaihuset. Det var sjølvsagt moro for oss ungane å klatre i desse store høyhaugane. Lasse Bruås tok sjølv imot høyet, og bøndene som trengde meir fòr til dyra sine kom og henta. Handelsmann Ivar Kvammen handla og med bøndene, det var med gjødsel og kraftfôr.
Ei dramatisk hending
Den mest dramatiske opplevinga som eg har hatt på kaia var i 1967. Tysdag i påskeveka. Vi hadde anløp av M/S «Kommandøren» om kvelden. I rute Bergen – Sogn. Etterpå kom B/F «Gudvangen» med bilar og last. B/F «Gudvangen» gjekk i supplering til M/S «Kommandøren», av di det var så mange bilar og mykje last at «Kommandøren» ikkje klarte å få med seg alt.
Eg hadde ekspedert M/S «Kommandøren» og båten gjekk vidare innover Sogn. Straks båten hadde gått, la «Gudvangen» til bilbrua og lossa bilar som skulle i land. Straks deretter gjekk vi i gang med å ta imot last. Eg hugsa det kom ei mengd mjølpallar. Sikkert 10 – 20. Dette var før vi hadde truck, dermed hadde vi mykje arbeid til å hale pallane inn på lageret med ei jekktralle.
Av passasjerane som kom med M/S «Kommandøren», skulle dei fleste reise vidare med buss til Vadheim, Sande og vidare nordover. Då bussen var køyrd, vart det ståande att 4 – 5 personar. Nokre av desse var i svært godt humør, det var tydeleg at dei kom frå byen.
Eg var nettopp inne på lageret med ein palle, då Bjørn Landås kom springande og sa at det datt noko ut frå båten. Eg skunda meg bort til kaikanten. Der eg ser ein person ligg i sjøen. Han hadde frakk og denne heldt han litt flytande. Eg tenkte at eg rakk han kanskje dersom eg klatra ned på fenderverket på kaia.
Det hadde vore sterk sørvestleg storm tidlegare på dagen, og sjøen var svært uroleg framfor baugen på «Gudvangen». I tillegg regna det, derfor hadde eg på meg regnjakke og støvlar. Eg kom meg ned på nedste fender, men då var personen kommen langt ut. Han var kommen så langt ut at eg såg han i lyset frå kaia. Og eg synest han var minst ein meter nede i sjøen. Eg tenkte då at dersom vi ikkje får tak i han straks, vil det vere uråd å redde han i live. Eg såg meg ikkje tid til å klatre opp på kaia for å ta av meg støvlar og jakka. Derfor hoppa eg etter slik eg var. Etter nokre symjetak med armane var eg ute til han, og rakk ned til han. Eg hugsa ikkje om eg var under for å rekke han, men eg drog han til overflata. Eg var heldig som fekk tak i han så snart, for mens eg prøvde å baksle han inn til kaia, tok han til å puste att. Då vi kom inn til kaia fekk eg hjelp av Bjørn og nokre andre karar som kom til, og vi fekk mannen opp på kaia att.
Lensmann Johannes Instefjord skreiv eit stykke i avisa om hendinga. For redningsdåden fekk eg tildelt Carnegiens Heltefond, det synest eg er stas. Og er svært glad for at hendinga enda så godt.
Nye tider og nye krav
I 70-åra vart reisetilbodet omlagt. Passasjerane og gods skulle skiljast på forskjellige båtar. Folk skulle komme raskar fram. Den tid M/S «Sognefjord» brukte frå Bergen til Lavik var fem timar. No vart det krevd at reisetida skulle halverast til to og ein halv time. Det måtte settast inn skip som var spesielt egna til passasjertransport.
Den første hurtigbåten var M/S «Fjordprins». Dette var ein båt med stor motorkraft som kunne oppnå stor fart. Reisetida vart halvert. Billettane skulle seljast i land, slik at alt var klart til båten kom. Som ved billettsalet på ferja skulle ekspeditøren få 4 % av kontantsalet. For veksling av reisebyråkupongar 2 %.

Prøvekøyring av ny truck. Ivar Kvammen på trucken. Til venstre Bjarne Hellebø og Magnar Torvund til høgre. (Foto: Per Sverre Kvammen)
I førstninga gjekk dette greitt. Alle var innstilt på at rutinane var slik, og folk innordna seg etter dette. Ekspeditøren stilte med ein ekstra person for å selje billettar. Det kom buss frå Førde med passasjerar til båten. Billettane vart selde i full fart. Slik gjekk dette greitt i nokre år, men så tok vanskane til. Firda Billag endra bussrutene slik at bussen kom når båten skulle gå. Det vart ikkje tid til å selje billettar, folk gjekk direkte om bord og billettane vart ordna om bord, Dermed dalte inntekta og interessa atter ein gong for ekspeditøren. Billettsal vart uråd å fortsette med.
Godstrafikken vart ført over til båtar som var meir eigna til godstransport. For desse båtane var det heller ikkje krav til å halde rutetidene, slik som det var med passasjerbåtane. Godsbåtane var nattbåtar opp til 2 til 3 timar forseinka etter ruta. Dette var eit stort problem for ekspeditøren, inntil vi fekk ei ordning der båten ringde 10 minutt før han anløp Lavik. Dermed trengde ikkje ekspeditøren tenke på båten før den kom.
I 1970- og 80 -åra var dei mest hektiske trafikkåra som ekspedisjonen i Lavik hadde. Det var mykje folk og gods som vart omlasta til båtane. Det var gjerne over 30 pallar møblar til kvar båt, frå møbelfabrikkane på Møre og Trøndelag. Møblane var sende til møbelhandlarane innover Sogn. Dette varte like fram til godskrigen i starten av 1990-åra.
I 1990-åra vart godstransporten frå Bergen overført til trailertransport. Det vart ei ny tid, og nye måtar å få fram varene. Eg vil og nemne vegen mellom Sogndal og Skei, som og vart opna på den tid. Møblane som vi hadde til sending, vart køyrd direkte fram til mottakar i indre Sogn.
Dette skjedde også med passasjertransporten. Det vart sett opp bussruter mellom Førde og Bergen. Dermed vart det lettare for passasjerar å berre sitte på bussen heilt fram. Men litt passasjerar har nok båten enno, den går i rute framleis.
Dette er ei utvikling som måtte komme. Vegane er betre, dermed kjem folk og gods mykje raskare fram. Eg synest det er rart å sjå attende på opplevingar som skjedde på kaia, no når alt er i endring. I dag er alt som var, borte, og det er att berre bilde og minne.
(Artikkel stod opphavleg på trykk i Årbok Høyanger 2015. I samband med publisering på nettstad er det lagt til ein ingress og informasjon om Peder K. Kvammen (1820-1909).