Gardane Lavik og Kvammen i Lavik var til langt ut på 1800-talet kyrkjegods, drivne av leiglendingar. Georg Frederik Christopher Fasting fekk kongeskøyte på garden Kvammen 4. juli 1860. Han vart såleis den første private eigaren av eit stort område av noverande Lavik sentrum.
Kven var denne Fasting, og kvar kom han frå?
Kvifor valde han å bu i Lavik – og kvar vart det av familien hans?
Av: Marie Løland – Årbok Høyanger 2018
Foto av gardstun på Kvammen i Lavik

Første foto viser Fasting sitt hus korleis det såg ut i 2018. (Foto: Gaute Ljotebø)
Andre foto viser Fasting sitt hus i Lavik i 1910. (Foto: Ludvig Trædal/http://www.kgroenha.net)

Litt om slekta Fasting
På 1600-talet busette mange handelsmenn og næringsdrivande frå Tyskland seg i Bergen. Ein av desse var Lyder Fasting, som vert rekna å vere stamfar for Fasting-slekta i Noreg. Truleg var han av velstandsfolk med gode kontaktar i handelsmiljøet i Bergen, der han straks fekk innpass og snart vart inngifta. (Fasting, 1960, s.10.) Fleire av etterkommarane til Lyder har gjort seg gjeldande på mange område i samfunnslivet, til dømes som kjøpmenn, prestar, forfattarar og ikkje minst offiserar i det militære. Slekta vart talrik og spreidd over store deler av landet. Vi skal her følgje ei grein som heldt til i det som i dag er Høyanger kommune.

Major Georg Frederick Christopher Fasting (1770 -1821)
Brørne Thomas og Georg Frederick Christopher Fasting kom sist på 1700-talet som unge gutar i militær teneste frå Folderøy i Ryfylket til Sogn. Far deira, generalløytnant Johan Jacob von Fasting, hadde der kjøpt heile Folderøy som var i familien si eige til 1793. (Fasting, 1960, s. 44.) Thomas Fasting vart til sist oberstløytnant, busett i Vik. Georg vart innskriven som korporal berre 8 år gammal, og fire år etter vart han sersjant ved Vigske kompani. (Fasting,1960, s. 61) For offisersøner som skulle gjere ei militær karriere, var det ikkje uvanleg med så tidleg start. Georg Frederick Christopher Fasting kjøpte Nedre Tune i Ortnevik frå Knagenhjelm-familien i 1798. (Fasting,1960, s. 82.) Til eigedommen høyrde også eit gjestgiveri som truleg låg der dampskipskaia i Ortnevik seinare vart bygd.

Georg gifta seg først med Elen Friis, men ho døydde i barselseng. I 1804 gifta han seg med Anne Catharine Tuchsen (1765-1842). Dei fekk to søner, Johan Jacob (1805) og Michael (1806). (Fasting, 1960, s.62.)

Grava til Georg Frederick Christopher Fasting og kona, Anne Catharina, ved Kyrkjebø kyrkje. (Foto: Disnorge.no)

På garden hadde dei paktar like til året før major Fasting døydde. Helsa gjorde at han måtte søkje avskjed frå det militære i 1811, berre 41 år gammal. Økonomien vart vanskeleg. Mellom anna trong han pengar til sønene si utdanning. Han prøvde å få eit lån hjå velståande menn. Til sist vart det den gode venen hans, eidsvollsmannen Ole Elias Holck i Alværa, som hjelpte dei to gutane. Georg Frederick Christopher Fasting døydde i 1821 som pensjonert major. Både han og kona, Anne Catharina, er gravlagde ved Kyrkjebø kyrkje. (Fasting, 1960, s. 63.) Sonen, Michael Sundt Tuchsen Fasting, vart prest i Jostedal, så Jølster og til sist i Førde. Johan Jacob valde ei militær karriere, busette seg i Ortnevik og overtok etter kvart farsgarden.

Oberstløytnant Johan Jacob Fasting (1805 – 1879)
Då faren døydde, var Johan Jacob kadett. Ved hjelp av den nemnde støtta frå Holck kunne han halde fram utdanninga. 20 år gammal vart han offiser. Seinare gjekk han gradene til han vart oberstløytnant ved Bergens Bataljon i 1859. Kvar månad måtte han i samband med arbeidet til Bergen. Då vart skyssbåt nytta. I daglegtale vart Johan Jacob berre kalla «Obersten». Han vart riddar av Sverdordenen i 1862.

Oberst Johan Jakob Fasting og fru Elise f. Teilmann (Foto: Frå boka Slekten Fasting)

Johan Jacob må ha hatt stor arbeidskapasitet. Ved sida av den militære karrieren overtok han etter kvart farsgarden. Mora sat med skøytet til ho døydde i 1842. Saman med eit bruk han hadde kjøpt tidlegare, fekk han då ein rimeleg stor eigedom. Han bygde sagbruk og la opp ei 500 meter lang vassrenne for å få vatn til treskeverket sitt. Ved sjøen hadde han lakseverpe, og i bygda fekk han planta ein bjørkeallè. Det vart sagt at han i tillegg til to arbeidshestar også hadde ridehest. Om Fasting-garden vert det mellom anna fortalt slik i boka Slekten Fasting:

«Gården ligger vakkert til, godt opp for en lun vik på Sognefjordens sydside mellom høge fjell med karakteristiske fjelltopper – «Spenene» – i bakgrunnen. […] Den vakre en-etasjes hovedbygning med høyt pannetak og liknende stildetaljer ble revet for et par år siden og nytt våninghshus  er satt opp. Det er nok mulig at det var løytnant, senere major, Georg Fr. C. Fasting, som fikk satt opp hovudbygningen. Den hadde i 1.etasje gang med trapp opp til 2. etasje, 2 store stuer, 3 sovekamre, stort kjøkken med spisskammer, og i et tilbygg på nordvestgavl en gang foran et par smårom, hvorav ett var postkontor i nyere tid. I andre etasje hadde eierne, som i tre generasjoner var offiserer, sitt kontor i sørøstre gavl, dessutan var det et par soverom og alkover.» (Fasting, 1960, s.82-83.)

Fasting-garden i Ortnevik (Foto: Frå boka Slekten Fasting)

Johan Jacob Fasting vart gift i 1827 med Christiane Elise Teilman (1807 – 1881) frå Laurdal i Jarlsberg. Dei fekk 11 born. Av desse skal vi følgje det tredje barnet deira: Georg Frederik Christopher Fasting, fødd i Ortnevik, 8.desember 1832. (Fasting,1960, s. 65.)

Etter delinga av Lavik kommune i 1853, fekk  den austlegaste delen namnet «Klævold herred», seinare Kyrkjebø kommune, og Johan Jacob Fasting vart den første ordføraren (1853 – 1855). (Starheim, 2010) Med kommunesenter på Kyrkjebø, der kommunestyremøta dei første åra vart haldne hjå gjestgjevaren, vart det trulegmange turar over fjorden for ordføraren.

 

Fasting-garden i Ortnevik. (Foto: Frå boka Slekten Fasting)

Oberstløytnant Georg Frederik Christopher Fasting (1832-1917)
Vi veit ikkje noko om Georg sin barndom, men truleg vaks han opp i eit miljø som fekk mykje å seie for resten av livet hans. På garden Nedre Tune var det visseleg liv og røre. Då han var 14 år, talde syskenflokken 9 born. Mor Elise, som var prestedotter, var nok van til eit standsmessig hushald. Vi må rekne med at der var fleire tenestefolk, både drenger og tenestjenter, i arbeid. Faren hadde kontoret sitt i andre etasje i det staselege våningshuset. Arbeidet hans, både i det militære og i politikken, vart truleg til inspirasjon for Georg. Dessutan var han kalla opp etter bestefaren, major Fasting.

Militær karriere
Hærordninga i Noreg vart endra fleire gonger på 1800-talet, noko som kan gjere det vanskeleg å halde orden på kva inndelingar som til ei kvar tid var gjeldande – og kvar Fasting var plassert. Noreg hadde eigen hær også i union med Sverige.

I 1818 vart landet inndelt i 5 brigadar. Frå 1818- 1866 hadde Den Bergenske Infanterie-Brigade fem korps. To av desse var Sognske nasjonale Jegerkorps og Hardangerske nasjonale Musketérkorps. Hæren hadde 2 «oppbod»: Linjetroppane, som var til vern av landet, men også disponible for Kongen. Landvernet skulle ivareta Noregs sjølvstende innanfor unionen. I 1867 vart brigaden inndelt i 4 bataljonar. Sogn Bataljon og Hardanger Bataljon var to av desse. I 1885 kom landstormen med som eit tredje «oppbod». Den var til lokalforsvar, men også til støtte for linje og landvern. (Hæren. https://lokalhistoriewiki.no/ wiki/H%C3%A6ren)

Soldatane vart utskrivne når dei var 22 år. Førstegangstenesta var kort, men seinare kom som regel årlege øvingar. Verneplikta varde i 13 år: 5 år i linjetroppane, 4 år i landvernet og til slutt 4 år i landstormen. I 1899 vart tenestetida utvida til 16 år. No vart det 6 år i linjetroppane og landvernet. (Nåvik ,1997, s. 233) Fasting er m.a. nemnd i samband med Brigaden, Sogns Batallion, Hardangerske landvernbataljon og Sogn landstormbataljon.

Fana til Sogns Landværnsbatallion. (Foto: Ill. til artikkelen Sogns bataljoner
i Allkunne, Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane)

Georg Frederik Christopher Fasting vart offiser i 1853, 21 år gammal. (Nedrebø, 2017.) Dette tyder på at han då hadde avslutta utdanninga sipå Krigsskulen.

Krigsskulen er den eldste institusjonen for høgare utdanning i Noreg. Der skulle ein utdanne offiserar til den norske hæren. Elevane fekk frå 1805 ei femårig utdanning. Svært mange av kadettane var offisersøner eller søner
av sivile embetsmenn. Ein kunne takast opp som elev i alderen 12-18 år. I nokre høve vart også yngre elevar tekne inn. «[…]Skolen skulle gi innsikt i militær teknologi, allmenndannelse i boklige, estetiske og kroppsøvende disipliner og militær oppdragelse innen eksersis, taktikk, strategi, organisasjon og logistikk[…]» (Krigsskolen. I Wikipedia.)

4. august 1854 vart Fasting premierløytnant i Brigaden, og i ein notis i Norske Rigstidende frå mars 1867 kan ein lese: «Premierlieutnant i Brigaden Georg Frederik Christopher Fasting udnævnes til Captain og Qvartermester ved Sogns Batallion.»

Fram til 1874 var Lærdal ekserserplass for Sogns Bataljoner. Seinare vart Viksmoen i Vik teken i bruk. I øvingsvekene kunne det vere opptil 900 soldatar samla i Vik. I Vadheim var der også fram til om lag 1880 militær ekserserplass på dei flate jordene på garden Hovland.

Seinare vart Tvildemoen ved Voss nytta. (Starheim, 2011, Sogns Bataljoner) Det er mogelegat Fasting hadde teneste på ein eller fleire avdesse stadane.

Som kaptein fekk Fasting ulike oppgåver. Det ser ut for at han etter kvart vart nærare knytt til Bergensområdet. Mellom anna var han gjennom mange år sjef for 1.kompani av Hardangerske landvernbataljon. (Nedrebø, 2017.)

Hardanger bataljon, skipa i 1867, var stadig på flyttefot og ville gjerna ha ein fast øvingsplass. Bergens bataljon hadde i 1876 fått Ulven som ekserserplass, og det vart også ein mellombels øvingsplass for Hardanger bataljon. Frå 1883 vart Tvildemoen teken i bruk som ekserserplass, og var i flittig bruk, både til rekruttopplæring og «bataljonsexersitie». I innkallinga til øvingane i 1890 er det m.a. sagt at «[…] Mandskaberne medbringer, foruden sine lodtrækningssedler, ogsaa salmebog, en liden væske med sysager, børster, sæbe, kam. kniv, gaffel og ske […]». Vidare er sagt at «[…] Mandskaberne
maa fremmøde renvaskede og med kortklippet haar […]». (Tysklandsbrigaden, 2008, s. 14, 15.)

Kanskje gjev utklippet under frå avisa Hordaland eit bilete av korleis tilhøva kunne vere når Fasting var på øving.

Georg Frederik Christopher Fasting med medalje som viser at han er riddar av Svensk Sverdorden (Foto: Frå art. i bladet Helgestunder
10.11.1937)

Hordaland 3. mai 1899: «Vaabenøvelserne på Tvildemoen tar sin begynnelse i disse dage. Sogns bataljon ankom med ekstratog sidste mandag og Hardanger bataljon skal møde i dag. Under rekruttskolen benyttes Tvildemoen for begge bataljoner, da Bøjarmoen ikke endnu er gjort saapas brugbar, at den kan benyttes til  øvelseplads; under bataljonssamlingen maa den imidlertid tages i brug. Soldaterne av de Sognske bataljoner maa da indkvarteres paa gaardene opover Tykkebygden, hvor bønderne har utleiet sine løer til kaserner. Officersmessen blir paa Hydle, hvor en af opsidderne har utleiet alle sine huse paa stabburet nær til militært brug under bataljonssamlingen». (Tysklandsbrigaden, 2008, s. 14, 15.)

Fasting var i 1897 fungerande krigskommissær for Molde krigskommissariat. Nordre Bergenhus amt høyrde til dette kommissariatet. Dette året gjekk oppgåvene med utskriving til militærteneste over til landvernsbataljonsjefane i infanteriet. Overgangen gjekk ikkje så lett. Mange hadde ikkje naudsynt kompetanse til det nye arbeidet. Der måtte difor setjast inn hjelp. «[…] Av arkivene ser vi blant annet at oberstløytnant Fasting etter anmodning bisto sjefene for Sogns- og Fjordenes landvernsbataljoner under sesjonene i henholdsvis utskrivingsdistriktene 15 og 16 i juli og august 1898[…]» (Nåvik, 1997, s. 128.)

Frå 1. oktober 1897 vart Fasting utnemnd til oberstløytnant og sjef for Sogn Landstormbataljon (Nedrebø, 2017). I følgje boka om Fastingslekta skal han ha søkt avskjed frå militæret i 1905 ved unionsoppløysinga. Han hadde avlagt eid som offiser til kong Oscar II. Men i folketeljinga for Bergen kjøpstad 1900 bur Fasting i Harald Hårfagresgate og er alt då «oberstløitnant (pensionist)». I 1910 bur han framleis i Bergen, men har no flytta til Hans Holmboesgate. Fasting var riddar av Svenske Sverdorden. Denne utmerkinga hadde også faren, Johan Jacob Fasting, og mellom anna eidsvollsmannen Ole Elias Holck. «Sverdordenen er en svensk orden innstiftet av kong Fredrik I i 1748 for belønning av militær tapperhet og fortjenester for forsvaret. Kongen er ordenens stormester, men Sverdordenen er hvilende siden 1975.» (Sverdordenen, i Wikipedia)

På oppdrag til Nord-Noreg: I 1854, 22 år gammal, vart Fasting send til Nord-Noreg med eit krigsskip som leiar for ein vaktstyrke (Flood, 1953). Etter sameopprøret i Kautokeino i 1852 var to av opprørarane dømde til døden. Dei skulle no avrettast, og det var truleg trong for godt vakthald.

«[…] Hele 32 mennesker sto tiltalt da rettssaken ble innledet i 1852. Fem av dem ble dømt til døden, selv om tre av domfellelsene ble endret til livsvarig tvangsarbeid. Andre involverte fikk alt fra livsvarig tvangsarbeid til noen dagers fengsel. Aslak Jacobsen Hætta var 28 år og ble dømt for drap, brannstiftelse og ran. Mons Aslaksen Somby var ett år yngre og ble dømt for delaktighet i drap, brannstiftelse og ran. Begge de dødsdømte samene ble henrettet ved halshugging 14. oktober 1854. Kroppene ble gravlagt på kirkegården i Kåfjord, men de avhogde hodeskallene ble ført til anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo for å bli brukt i rasehygienisk forskning. Først i 1997 – etter krav fra samer og folk i området – ble hodeskallene gjenforent med de for lengst begravde kroppene til Aslak Hætta og Mons Somby, to av mange involverte i Kautokeino-opprøret». (Lundgren, Åke, 2015.)

Eit viktig møte
Under dette opphaldet møtte Fasting i Hammerfest Elise Dorothea Robertson. Ho var 18 år og kjøpmannsdotter. Faren, som kom frå Skottland, var også britisk konsul i byen (Flood, 1953). Dette var nok eit høveleg gifte for den unge Fasting, og tre år etter (1857) sto bryllaupet i Hammerfest. Familien Robertson budde på Fuglenes, ei landtunge ved Hammerfest. Fuglenes var sentralt i høve handel med Russland om sommaren. I tillegg var fiskarar og fangstmenn gode kundar.

Charles Robertson (Foto henta frå Brynjulv Langballe sitt slektstre.)

Robertson snakka alltid engelsk med kona, men «gebrokkent» norsk med borna og andre i nærmiljøet. Då borna ein gong skulle visast fram for ein gjest, spurde han: «Du Dorothea, hvor mange børner har vi nu?» Men han lærde seg russisk, noko som var viktig for handelsverksemda.

Av barneflokken på 10 levde 8 opp – 7 døtre og ein son. Elise var eldst. Borna vart lærde nøysemd og fekk elles oppseding nærast etter engelsk mønster. Som små måtte dei ligge på kne for faren når dei bad «Fadervår». Dei måtte stå til bords og seie De til foreldra.

Både oppseding og opplæring var viktig. Borna hadde ei flink guvernante, og når dei vart eldre, vart dei sende bort for å lære meir. To av dei reiste til ei tante i Hamburg. Dei yngste vart sende på jenteskule i Bergen. Kvar Elise fekk opplæring, er ikkje kjent, men ho lærde seg i alle høve å fotografere.

Huset på Fuglenes vart for lite og upraktisk etter kvart som den store barneflokken vaks til. I mangel av loftstrapp vart borna langa opp og ned gjennom ei luke. Eit nytt rom vart bygd til for kvart barn som kom, og huset fekk ein så underleg utsjånad at kapteinen på rutebåten brukte å vise det til passasjerane!

I 1870 vart huset rive, og det gjekk slik til: Den vaksne sonen i huset fekk mora til å ta med seg faren til Lavik for å vere der om vinteren. Straks båten glei ut vågen, starta rivinga av huset. Då dei gamle kom attende, stod eit nytt og større hus ferdig. Robertson var ein fåmælt mann og sa ikkje så mykje i høve saka! (Flood, 1953.)

Så attende til det nygifte paret, Elise Dorothea og Georg Frederik. Etter bryllaupet i Hammerfest drog dei sørover. Truleg budde dei ei tid på garden Ramsli på Kyrkjebø. I alle høve var adressa Ramsli då dei to eldste borna, Carl og Johan Jacob, vert døypte i 1858 og 1860. (Lavik sokneprestembete, Ministerialbok nr. A3 ,1843-1863, s.158)

Dorothea Ulrikke Robertson, mor til Elise (Foto henta frå Brynjulv Langballe sitt slektstre.)

4 av systrene til Elise Dorothea. Nina bak til høgre. (Foto henta
frå Brynjulv Langballe sitt slektstre.)

Fasting kjøper gard i Lavik
Eivindvik prestebol var tidlegare eigar av gardane Lavik og Kvammen. Jordeigedommane skulle sikre inntekter for presten og drift av kyrkjene.

Garden Lavik: Alt i 1725 var Lavik kyrkje, som var annekskyrkje til Eivindvik, kommen i privat eige. (Lavik sokn. 1937) Ein del av garden Lavik (bnr.4) følgde med i salet til fogden Leganger i Sogn. Holck-familien i Alværa vart eigarar av både kyrkja og eigedommen ved arv og giftarmål. Svigersonen til Holck, kaptein Hartwig, selde kyrkja til allmugen i 1856. Lavik vart eige prestegjeld i 1807, og ny prestegard vart skild ut frå Lavik-garden. Først i 1867 vart resten av Lavik-garden (bnr.2) seld med kongeskøyte til lærar og kyrkjesongar Apollonius Liljedahl frå Vik. (Ytre Sogn sorenskr. Panteregister nr. II.A.a.32.) Med dette var det slutt på tida då kyrkja var den største jordeigaren i Lavik sentrum.

Garden Kvammen: Kvammen grensa til prestegarden, og var enkesete i Lavik prestegjeld. Enkeseta skulle sikre eventuelle «geistliges enker» levekår. Lova om sal av enkeseta kom i 1845. Bønder kunne no bli sjølveigarar av desse eigedommane. Av dei innkomne pengane vart Pensjonsfondet for geistlege sine enker oppretta. Renteavkastninga vart dels brukt til pensjonering av enker etter geistlege, dels som gåve til trengande presteenker. Fondet vart i 1963 teke inn i Opplysningsvesenets fond. (Rasmussen, 2014.)

I 1859 vart skrive i Kallsboka for Lavik: «Ved hoieste Resoletion af 24d December 1859 er «Enkesædet» Quammen solgt til Premierleutnant Georg Fredrik Fasting for 2400 Spd[…]» Når kyrkjer og prestebolsgods vart selt til private eigarar, vart det utskrive
kongeskøyte. Fasting får slikt skøyte på Kvammen den 4.juli 1860. (Ytre Sogn sorenskr. Pantebok nr. II.B.14b 1860 – 1863.)

Fasting valde altså å kjøpe gard i Lavik og busetje seg der. Vi veit ikkje kvifor, men kan tenkje oss fleire mogelege grunnar. I Lavik var der ein høveleg gard til sals. Fasting greidde å finansiere kjøpet, noko mange andre ikkje hadde høve til. Garden skulle sikre inntekter ved sida av den militære karrieren. Kvammen var sentralt plassert i høve til fjorden, som var ein viktig ferdselsveg på denne tida. Det var også tradisjon for «offisersgardar» i mange bygder. Desse gardane fekk ein viss status, og skilde seg ofte ut med til dømes romslege og velutrusta hus og mange tenarar.

Men korleis var det i Lavik på denne tida? Nokre svar kan vi finne ved å samanstille opplysningar frå ulike kjelder.

Litt om Lavik siste del av 1800-talet
I dag har vi eit Lavik sentrum. Slik var det nok ikkje før fram mot 1900-talet, sjølv om Lavik har vore kyrkjestad i lange tider. Ivar Aasen skreiv etter ei vekes opphald i Lavik i 1843 følgjande:
«Befolkningen lever meget adspredt paa smaa Gaarde og Pladser imellem bratte, nøgne og ufrugtbare Strande. Ladevigs Omegn er især meget øde og ensformig[…]» (Koht, (Red) 1917.)

Værholmen vest for Lavik var handels- og gjestgjevarstad. Der var også skysstasjon der ein skifte rorskarar. Værholmen kom med som stoppestad på dei første rutene som Fylkesbaatane sette inn på Sogn i 1858. Den første tida vart båten borda ved Bordvikhammaren på Hellebø. På slutten av 1870-talet vart båtstoppen flytta til Lavik (Kvammen), og handelen i Værholmen vart lagd ned i 1898. (Starheim, 2009, Handelsstaden Værholmen)

Fastskulen held til på Furehaugen, vest for Lavik, frå 1838 til 1939. (Starheim, 2011. Skular i Høyanger.) Vi veit ikkje om Fasting sine born gjekk der. Det kan vere at dei fekk undervisning heime.

Lavik fekk postopneri i 1836. Klokkar Christopher Parelius, som budde på Hellebø, var også postopnar. Han flytta «posten» frå prestegarden og til Værholmen i 1839. Der vart den verande til 1877. (Starheim, 2015.Post i Høyanger)

Lensmannen i 1860 held til på Indre Torvund og heitte Thomas Fasting Daae. Seinare vart Lasse Ellingsen ordførar i tida 1863-1873, og lensmann 1873-1905. Han budde i Nedre Værholmen. (Engesæter, 1944, s.70 og 71)

Kyrkjelyden i Lavik kjøpte kyrkja av Hartwig 1856. Den var då over 260 år gammal. I fleire år vart det arbeidd med førebuingar til den nye kyrkja som sto ferdig i 1865. Fasting gav i 1895 det første orglet til kyrkja. Familien hans hadde sin faste plass på galeriet saman med kaptein Hartwig, sjef for Vigske kompani og ordførar i Lavik 1858-1862 og 1873-1877. (Lavik sokn. 1937.)

I prestegarden budde Thomas Erichsen, prest frå 1839 –1872. Thomas Erichsen var ungkar, men i hushaldet var der ved folketeljinga i 1865 husjomfru, hushalderske, budeie og tenestejenter og -gutar, i alt 10 personar.

Lavik og Brekke utgjorde ein kommune frå 1863 til 1904, noko som ikkje alltid fungerte like godt. Det er rimeleg å tru at innbyggarane engasjerte seg i debatten om deling av heradet som vart vedteke i 1888, men ikkje tilrådd av amtstinget den gongen. (Engesæter, 1944,s. 57.)

Familien Fastting
Det er ein ung familie med to små gutar som kjem flyttande til Kvammen i Lavik kring 1860. Etter kvart kjem der fire barn til. Men Fasting vart truleg ikkje nokon drivande bonde. Etter 4 år (29.06.1864) sel han halve garden (bnr.2) til oppedalingen Peder Karlsen Mjøs og kona hans, Gjertrud. (Ytre Sogn sorenskr. Panteregister nr. II.A.a.32) Dette var driftige og framsynte folk. Sonen deira, Karl, og kona hans, Ottine, bygde mellom anna hotellet og fekk flytta båtstoppen til Kvammen. Familien dreiv også handel. Ei ny tid var i emning i bygda.

Ved folketeljinga i 1865 er Fasting premierløytnant, gardbrukar og sjølveigar. Sjølv om garden no er halvert og har 1 hest, 10 kyr , 20 sauer og 2 griser, er der trong for fire tenarar. Etter at familien flytta til Lavik, har dei fått borna Christiane Elisa, f. 1861, Ulrikka Dorothea, f. 1862 og Georg Fredrik Christoffer, f.1864. Frå før hadde dei Carl Robertson, f.1858, og Johan Jacob, f. 1859. Men Carl er ikkje å finne på lista over husstandsmedlemmer. Derimot finn vi han i Hammerfest som pleieson hjå besteforeldra. (Folketeljingar frå Lavik 1865 og Hammerfest1865) Seinare vart han konfirmert der og arbeidde som butikkbetjent. Kan det vere at han alt som 8 åring var send nordover med dette for auga? I 1866 får Fasting og kona sonen Arthur. Han var svært musikalsk og var flink i turn.

Trass lange avstandar hende det at Else fekk besøk frå Hammerfest. Ein gong kom ei yngre syster, Nicoline (kalla Nina), til Lavik. Der møtte ho Johannes Mauritz Brandt‑Rantzau (Thorsen), som var distriktslækjar i Ytre Sogn. Han skal ha sagt: «Mitt liv har vært så godt som en uavbrutt seilas i åpen båt». Han reiste 600–800 mil årleg på sjøen. Det vert fortalt at han fridde telegrafisk til Nina og fekk ja. Dei gifta seg i Lavik i 1871 (Flood, 1953). Men Nicoline fekk tæring og vart berre 31 år gammal. Ho er gravlagd på kyrkjegarden i Lavik saman med sonen Thorbjørn, som berre vart nokre månader gammal.

Ombygging av huset i «Lensmannsgarden» i Lavik (Foto: Privat)

Fasting-familien høyrde nok til «dei kondisjonerte» i bygda. Det var viktig å helse når ein møtte dei. Hadde ein lue på hovudet, måtte den takast av. Fasting lika heller ikkje at gutungar gjekk med hendene i bukselommene. Dette i følgje Tomas Kvammen, nabo med Fasting (Kvammen, Tomas, 1967). I boka om Fasting-slekta står det at «Oberstløytnanten skildres som en meget streng herre, men hans frue var et fint og yndig menneske».

Etter kvart vart Bergen opphaldstad for familien Fasting. Dei har truleg flytta dit i 1877. Dottera, Christiane Elise, vart konfirmert i Lavik dette året med merknad «nesten udmærket godt». Sønene, Georg Fredrik Christoffer og Arthur, er seinare på året elevar ved Bergen katedralskole. Arthur var då 11 år.

Georg vert konfirmert først i 1881, 17 år gammal. Han er då ferdig på Middelskulen og er klar for gymnaset. «Best. Middelsk. Afg.examen 1880 med karakteren Meget godt. Udmeldt ved Hovedexamen 1883 for å underkaste sig Examen Artium.» (Bergen katedralskole)

Han utdanna seg til ingeniør i Tyskland, gifta seg og drog over til Amerika. Der arbeidde han i Argentina og Brasil. Ei tid var han også på Cuba. Han døydde i New York i 1930. Sonen hans, fødd i Buenos Aires og oppkalla etter bestefaren, vart ein respektert professor og overlege i bakteriologi i New Orleans. (Fasting,1960, s. 74.)

Fasting var truleg som militær mykje borte frå heimen. Kanskje var dette årsaka til at han i 1877 selde den andre halvparten av garden til Jens J. Qvam frå Sogndal. Berre huset, hagen og «lyststedet Støytet» vert halde att. (Ytre Sogn sorenskr. Panteregister nr. II.A.a.32) Fasting tek unna kår. Kårbrev frå Qvam til Fasting finn vi i referat frå Høsttinget i Lavik den 5., 6. og 7. November 1877. (Ytre Sogn sorenskr. Pantebok nr. II.B.17a 1875 – 1879, s.146)

Kaarbrev
«Undertegnede Jens Jakobsen erkjender herved i anledning
av at have kjøbt Gaarden Kvammen, Mtr. 103,
lnr.157c av skyld 2 Dlr. 2 Ort i Ladvig, at have vedtaget
at svare Kaptein G. Fasting og hans kone Elise følgende
livsvarige Levekår:
1. Levere ham eller dem som bor på Hovedbygningen af
det før samlede brug Kvammen dagligen 3 – tre Potter
ublandet nysilt Melk. Skulde ingen bebo Hovedbygningen,
besørger jeg 3 Potter melk lavet til Smør […] samt
sende Kårtagerne på deres Bekostning.
2. Leverer dem årligen 7- syv- Kjærrelass Gjødsel, hvor af
mindst Halvdelen Faare- og Hestegjødsel.
3. Skal have fuld Afbenyttelse av den i Ladens vestlige
Endes værende Sval med Vandhus, Adgang lige som
meg til Ildhus, Bådnøst, Søvei og Brygge.
4. Forpligter jeg meg til ikke at oppføre nogen Bygning,
som kan borttage noget af Udsigten fra Vinduene på
Hovedbygningens forside, og at de ved Havegjærdet
på den sydlige Side af Ildhusbakken værende Asketrær
ikke skal nedhugges eller naves. Dog skal jeg have lov at
rispe Løvet.
5. Dette Kaar som er ansat til 5aarig værd 600 kroner
skal udredes af og hvile med Panteræt på min overnævnde
Gaard, i viss Eie eller Brug den enn måtte komme.
Værholm den 5. november 1877 Jens J. Qvam»

For Arthur gjekk det truleg ikkje så greitt. Han har avbrot i skulegangen, kanskje på grunn av sjukdom. I det heile ser det ut for at det vart tunge tider for familien dei første åra i Bergen.

Eldste sonen, Carl, er kommen til Bergen frå Hammerfest. Han døyr der i 1878. Christiane Elise døyr i 1881. Ho er då trulova. Med Arhur sin bortgang i 1885 er halve barneflokken borte.

Ved folketeljinga for Bergen i 1885 bur foreldra med borna, Ulrikke Dorothea og Johan Jacob, i Allegade 30. Sonen Johan Jacob er då styrmann. På 1890-talet dreiv Elise saman med Marie Kahrs fotograf-firmaet «Kahrs & Fasting». Ho skal ha fotografert både i Sogn og Bergen på 1890-talet. Eit portrett i Gamle Bergen Museum er signert Elise Fasting. (Bonge & Sollied, 1980.)

Fasting og familien har truleg opphalde seg i Lavik i periodar fram til 1908. Då vart Fasting sin eigedom i Lavik seld til lensmann Jens Husabø. (Ytre Sogn sorenskr. Panteregister nr. II.A.a.32.) I hans tid vart huset i «Lensmannsgarden» utvida og påbygd. Bilete frå 1937/38 viser snekkarar i arbeid på huset. Husabø skøytte eigedommen vidare til hushalderska si, Haldis Bekken, i 1948. (Ytre Sogn sorenskr. Panteregister nr. II.A.a.32) Ho let eigedommen gå vidare til niesa, Astrid, og mannen hennar, Lars Finden. I dag er dottera deira, Alvhild g. Øren, sin familie eigarar.

Fasting og kona skal etter 1908 ha budd ei tid i Bodø. Dottera, Ulrikke Dorothea, var busett der. Ho var medlem av bystyret i fleire periodar. Ei lang tid var ho engasjert som sanitetskvinne. Ho var heidra med Kongens fortenestmedalje i gull. I 1910 (folketeljinga) bur Fasting, «fhv.oberstløytnant i hæren, militærpensjonist», og kona i Hans Holmboesgate i Bergen.

Elise Dorothea og Georg Frederik Christopher Fasting rakk å feire diamantbryllaup i februar 1917. Men i desember 1917 er Fasting å finne i ein privat sjukeheim i Theresegate 44 i Kristiania. Der døydde han 19. desember 1917. Han vart gravlagd på Vestre gravlund 24.12.1917. (Oslo, Gamle Aker prestekontor, Ministerialbok nr.14, 1909-1924, side 401)

Elise Dorothea reiste etter det til Harstad, der sonen, Johan Jacob, sin familie budde. Han var kaptein til sjøs før han vart dampskipsekspeditør i Harstad. Elise Dorothea døydde i 1919, 82 år gammal, og vart gravlagd ved Trondenes Kyrkje. (Harstad, Trondenes sokneprestkontor, Ministerialbok nr.19, 1919-1928, side 493) I dag legg folk merke til det staselege, eldre huset i Lavik, men soga om menneska som levde der for lenge sidan, er gløymd.

Litteratur og kjelder
Litteratur
Bonge, Susanna & Sollied, Ragna. (1980).
Eldre norske fotografer. Bergen. https://www.
nb.no/search?mediatype=bøker

Engesæter, Ludvig. (1944). Brekke herred -1.bind.
Bergen.

Fasting, Georg Fr. Fasting. (1960). Slekten Fasting
300 år i Norge. Steinkjer. https://www.nb.no/
search?mediatype=bøker

Førsund, Adolf og Førsund, Sigurd.
(1963). Bygdebok for Kyrjebø – band II Gardssoga.
Høyanger. https://www.nb.no/
search?mediatype=bøker

Koht, Halvdan. (Red) (1917). Ivar Aasen.
Reiseerindringer og reiseberetninger 1842-
1847. Trondhjem. https://www.nb.no/
search?mediatype=bøker

Familien Fasting i Lavik
Nåvik, Ørnulf. (1997). Vernepliktens historie. Oslo.
https://www.nb.no/search?mediatype=bøker

Publikasjonar:
R (signatur). 1937. Lavik sokn. Helgestunder.

Informant:
Nedrebø, Yngve. 2017. Informasjon henta frå
Adelskalenderen for Norge.

Internett:
https://slektogdata.no/nb/
folketellinger-og-kirkeboker-i-digitalarkivet/Folketeljingar frå Lavik 1865, Bergen 1885,
1900, 1910 og Hammerfest 1865.

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/H%C3%A6ren
Hæren

https://no.wikipedia.org/wiki/Krigsskolen
Krigsskolen. I Wikipedia.

https://no.wikipedia.org/wiki/Sverdordenen
Sverdordenen. I Wikipedia.

https://www.facebook.com/gamlelavik/
Kvammen, Tomas.1967. Kåseri.

https://gw.geneanet.org/
brynjulf?lang=no&m=NOTES
Flood, Ingeborg. 1953. Slekten Robertson.
Henta frå Langballe, Brynjulf. Slektstre.

http://norgesteinpastein.blogspot.com/2015/01/
finnmark.html Lundgren, Åke. 2015. Kautokeino-opprøret.

https://slektogdata.no/nb/
folketellinger-og-kirkeboker-i-digitalarkivet/
Ministerialbøker frå Lavik, Hammerfest,
Domkirken, og Johanneskirken sokneprestembete,
Gamle Aker prestekontor og Trondenes
sokneprestkontor.

https://snl.no/enkesete
Rasmussen, Tarald. 2014. Enkesete. I Store
norske leksikon.

https://www.allkunne.no/framside/
fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/558/0/
Starheim,Ottar. 2011. Sogns Bataljoner.
Starheim,Ottar. 2010. Fasting-garden i
Ortnevik.
Starheim, Ottar. 2009. Handelsstaden
Værholmen.
Starheim,Ottar. 2011. Skular i Høyanger.
Starheim,Ottar. 2015.Post i Høyanger.

https://www.tysklandsbrigaden.no/publikasjonar/
bok_web.pdf
Tysklandsbrigaden, 2008. Veteranforening for
Voss og omland, MMVIII. Bømoen og Tvildemoen.
Voss

https://media.digitalarkivet.no/
Ytre Sogn sorenskr. Panteregister nr.
II.A.a.32.; Lavik tinglag, Brekke tinglag 1800
– 1950
Ytre Sogn sorenskr. Pantebok nr. II.B.14b
1860 – 1863
Ytre Sogn sorenskr. Pantebok nr. II.B.17a
1875 – 1879

(Artikkel har stått på trykk i Årbok Høyanger 2018)