Bjørn Johan Hjelmeland har gått i si eiga sleksthistorie om to husmasnnsøner som som vart lærarar. Korleis kom dei i den posisjonen? Denne forteljinga gir eit godt innblikk i skulesoga i Lavik på midten av 1800-talet.
Av:  Bjørn Johan Hjelmeland – Årbok Høyanger 2018

Innleiing

I Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, Band 3, er det eit kapittel om skulesoge for desse to kom­munane. Her kan ein lese litt om utviklinga av skulevesenet generelt og kva skuletilbod som vaks fram i Lavik Prestegjeld og desse to kom­munane etter 1814. Kapittelet handlar mest om Kyrkjebø og mindre om Lavik og lærarane der.

Oldefar min, Rasmus Bertelsen, var omgangs­skulelærar på Lavikdalen i ein mannsalder frå 1850-talet og blei etter kvart berre nemnt som Skule-Rasmus i daglegtalen. I slekta synest ingen ha kjent opphavet hans, men han skulle vere av fattigfolk, busette ved sjøen i Lavik.

Kapittelet i Bygdeboka for Kyrkjebø og Lavik fortel også om omgangsskulelærar Hans Bertel­sen Lavik, som praktiserte i Fuglsetfjorden. Det viser seg at Hans og Rasmus er brør og sønene til strandsitjar og husmann Bertel Rasmussen Næss i Lavik.

Det var noko spesielt at husmannssøner blei lærarar rundt 1850. Framleis var det slik at lærarkandidatar i hovudsak var rekrutterte frå bonde- eller embetsstand. Korleis kunne dette gå til? Kva skulegang eller utdanning hadde dei? Korleis kom dei dei i posisjon for eit slikt yrke? Var det tilfeldigheit, eller blei dei hjelpte fram av slektskap, giftarmål og venskap – eit nettverk som kunne «snakke dei fram»? Arbeidet med å finne svar på desse spørsmåla, har gitt eit innblikk i slektssoge og litt skulesoge i Lavik.

Ein husmannsfamilie i Lavik

Oldefar min var omgangsskulelærar på Lavik­dalen frå 1850-talet til midt på 1880. Eg har undra meg på korleis det gjekk til at han fekk dette yrket. Det er lite som er fortalt om «Sku­le-Rasmus» på Lavikdalen, det vere seg bak­grunn og korleis han var som lærar.

Rasmus Bertelsen, fødd i 1829, var den mel­lomste av tre barn til Bertel Rasmussen Næss og Brita Olsdotter Ladvik. Søstera Oline, er fødd i 1826 og broren Hans, er fødd i 1832.

Bertel og Brita var strandsitjarar i Lavik, og Bertel var husmann under prestegarden i Lavik. Truleg hadde kona Brita også teneste i preste­garden, eller kan ha hatt dette i Kvammen. Dei budde i eit hus ved sjøen. Dette huset kan ha ligge på området til Kvammen, for då Rasmus blei døpt, skreiv presten i dåpsprotokollen «født i Quam». I Ættebok for Lavik er familien nemnt under «Busetnad ved sjøen i Lavik».

Bertel var husmann i Prestegarden. Presten hadde behov for leigd arbeidskraft til alle gjere­måla knytt til garden. Presten sjølv brukte tida si til kyrkjelege og verdslege oppgåver. Han måtte leige folk til gards- og husdrift.

Gamalt postkort med Lavik si strandsone.

Fotografiet øverst viser prestegarden og stranda sett frå Kvammen. Det nærmaste huset ligg på Svarteberget, dette var nytta til post og handel på 1890-talet. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug) Dette foto: Her langs stranda, mellom kyrkja og dampskipskaia, budde husmannsfolket Berthelsen på 1830 talet. (Foto: ukjent)

Bertel fekk leige eit lite jordstykke i Prestemarka på Baset oppe i Dalen. Jordstykket skulle gi fôr til to kyr og fem sauer. Jordlappen var ikkje stor nok til å drive jordbruk, berre eit tilskot til liv­berginga, men jordleiga knytte Bertel sterkare til arbeidskontrakten med presten. I tillegg til årleg leige i pengar, måtte han vere disponibel for ulikt arbeid eit visst tal dagar gjennom året, når pre­sten hadde behov for det. «Dette gjorde at hus­mannen ikkje fekk mykje tid til sin eigen plass, i mange høve var dei meir tenestefolk enn jord­brukarar. Av den grunn må desse husmennene kallast arbeidshusmenn; det var arbeidskrafta deira gardbrukaren var ute etter då han let dei slå seg ned på garden.» (Timberlid 1981, s.11).

Sjølv om Brita og Bertel var fødde som gard­mannsdotter og gardmannsson, måtte dei som vaksne livberge seg som tenar/arbeidar. Bertel hadde eit tilsetjingsforhold og ein arbeidskon­trakt som husmann i Prestegarden, men dette åleine gav ikkje utkomme og nødvendig livber­livber­ging for ein familie. Dei var husmannsfolk og familien måtte klare seg som best dei kunne. Jordlappen gav litt mjølk, smør og kjøt på bor­det. Fjorden og fiske gav truleg eit viktig tilskot til matfatet. Bertel fekk svigerforeldra på kår og to munnar til å mette. Etter kvart som borna vaks til, måtte dei gi ei hand til familien sitt livsopp­hald. Når dei var 7-8 år gamle, var dei modne for ulike arbeidsoppgåver i heimen eller hos andre i bygda. Dei måtte passe dyra på jordlap­pen i Dalen, mjølke, hjelpe faren i Prestegarden eller mor si. Dei fiska, prikkeverte fangsten, gjekk ærend for foreldre og kårfolket, passa yngre søs­ken etc. Så var dei og gamle nok til å begynne i skulen, og gjekk på «Ladvig Faste Skole».

Skulen i Lavik på 1830 og 1840-talet

Soknepresten var ansvarleg for organisering og gjennomføring av skuletilbodet i heile preste­gjeldet. Sidan hovudkyrkja var i Lavik, skulle her, etter den nye skulelova i 1827, vere fast­skule, medan skuletilbodet elles i prestegjeldet var organisert som omgangsskule.

Etter 1814 blei det viktig for eit sjølvstendig Norge å styrke skulen, undervisning og opplæ­ring av barn og ungdom som eit viktig element i nasjonsbygginga og framtida for Norge. Eit aukande krav om å styrke opplæring og utdan­ning førte til at Norge i 1827 fekk ei ny skulelov, «Lov angaaende Almue-Skolevæsenet paa Lan­det». Lova sa at det skulle vere fast skule ved alle hovudkyrkjer (og ved verk eller bruk med minst 30 arbeidarar). Elles skulle det vere omgangs­skular i prestegjelda.

«Skolepligtige ere Børn fra det fyldte 7de, eller, hvor Omstændighederne lægge Hindrin­ger i Veien for at Børnene i denne Alder søge Skolen, fra det fyldte 8de Aar, indtil de confirmeres, naar Sognepræs­ten finner det fornødent, at de søge Skolen saa længe…» (Skulelova 1827, § 15)

I Lavik prestegjeld var skuleåret om lag 8 mnd. Lova la føringar for kva som skulle vere lærestof­fet «Saavel i de faste Skoler, som i Omgangsskolerne, undervises overalt i Læsning, forenet med Forstandsøvel­ser, i Religion og Bibelhistorie, efter de anordnede Lære­bøger, i Sang, efter Psalmebogen, i Skrivning og Regning. [….] Underviisningen begynder og slutter hver dag med Bøn og en Psalme.» Lova foreslo kva bøker sku­len burde ha; «Enhver Skole bør være forsynet med en Bibel, et Nytestamente en Psalmebog, en Postil, et Exem­plar af Kongeriget Norges Grundlov, samt af Loven om Almue-Skolevæsenet og en Regnebog.»

På dette lovgrunnlaget administrerte og orga­niserte soknepresten skuletilbodet ved «Lad­vig Faste Skole» og ved omgangsskulane i dei ulike distrikta i Lavik prestegjeld. Prestegjeldet omfatta bygdene frå Bø (Leirvik) til Måren på nordsida av Sognefjorden og frå Ortnevik til Ikjefjorden på sørsida. Lavik Nordre district, var Lavikdalane som igjen var inndelte i tre rodar; Avedal, Hjelmeland og Mølmesdal (borna i Bosdal høyrde til denne roden).

Til å støtte presten i arbeidet med organisering og gjennomføring av skuleopplæringa var det i kvart prestegjeld ein skulekommisjon: «Skolecom­missionen i hvert Præstegjeld skal bestaae af Stedets Præster, Lensmanden, Medhjælperne og Præstegjeldets Valgmænd, og tiltrædes desuden af Provsten, som Form­and, saa ofte han personlig er tilstede. Forsaavidt Brugs-og Værksskolerne angaaer, overtages Skolecommissionenes Forretninger af Provsten, naar han er personlig tilstede; samt af vedkommende Præster og af Værks- eller Brug­seieren.» (Skulelova 1827, § 23)

Skulekommisjonen sine oppgåver og ansvar

Når skulekommisjonen hadde møter, blei det ført protokoll og såleis er det dokumentert at presten og skolekommisjonen tok oppgåvene sine seriøst. Dei skaffa og tilsette lærarar, vur­derte arbeidet deira, om det var godt eller dår­leg, vedtok løn og arbeidsvilkår, sikra at skulane hadde minimum av anbefalte lærebøker. Kom­misjonen var også opptatt av å styrke almue­biblioteket slik at folk fekk tilgang på bøker og kunnskap. Årleg rapporterer dei om tilvekst av bøker. Folkeopplysning var i vinden og sokne­prestane i Lavik tykkjest vere oppekne av dette.

Ei viktig oppgåve for skulekommisjonen var å sikre økonomi for skuledrifta, skulelokale, løn til lærarane etc. Kommisjonen bestemte kva barna sine føresette skulle betale for barna si opplæ­ring. Dette var ei form for skuleskatt. Hadde du matrikulert jord, skulle du betale for barna si opplæring. Husmenn og andre eigedomslause kunne sleppe unna skulepengar, men dei hadde ikkje plikt til å stille husromrom til rådvelde for omgangsskulen i roden. Bøndene i skulekommi­sjonen var med å skattlegge sin eigen stand Slik blei dei gissel for embets-mennene og skulekom­misjonen si utskriving av «skuleskatt». Bondere­presentantane rettferdiggjorde på denne måten desse ekstrautgiftene som skulehaldet påførte dei.

Skulekommisjonen bestemte kva gardar i rodane som skulle gi «husrom» til omgangsskulen. Dette måtte bonden godta. I 1822 hadde Avsnesbon­den og åtte menn i Ladvig Østre district nekta å ta imot omgangsskulen og læraren. Det blei ned­sett politirett med sorenskrivar og domsmenn. Dei tilstod sin brøde, kraup til krossen, orsaka seg og meinte dette hadde vore ei mistyding «De foregive at blot Enfoldighed havde beveged Dem til det nu paatalte uoverlagte Skritt.» (Leirnes, 1978, s. 224). Dei blei bøtelagde for vrangskapen sin, og måtte betale frå 1 spd og 60 sk til 3 spd i bot. Kvifor dei hadde motsett seg å ta imot omgangsskulen i sitt hus, står det ikkje noko om, men truleg er forklaringa dei ekstra utgiftene søm følgde med å huse elevar og omgangskulelæraren. Om denne plikta sa skulelova av 1827: «Alle, som bruge matri­culeret Jord, eller ere boesatte i Skoledistrictet, ere pligtige til at modtage Skolen, efter saadant Regulativ, som ved­kommende Skolecommission finder passende…. Er der i det Huus, hvor Omgangsskolen holdes, flere end een Stue, bør den ene aldeles overlades til Skolens Bruk.» Kom­misjonen møtte ikkje mykje vrangvilje frå bøn­dene om å huse omgangsskulen og læraren. Det kan sjå ut til at saka mot Avsnesbonden og hans åtte medsvorne levde på folkemunne. Utfallet av saka viste at du kunne tape både pengar og rykte på å gå mot lova.

Første skule i eige bygg

Alt tidleg på 1830-talet drøfta «Ladvig Sko­lecommissjon» å bygge eigen fastskule, slik at ein ikkje var avhengig av å leige husrom for undervisninga. Hovudproblemet syntest vere finansiering av bygget. Møteprotokollane viser at skulehussaka blei drøfta jamleg, om loka­lisering, teikning, bygg og finansiering. I 1836 var skulekommisjonen samde om at fastskulen skulle byggjast på «Furrehougen, Plads under Ladvigs Præstegaard». Dei vedtok teikning og utforming. Finansiering skulle skje gjennom tilskot frå «Oplysningsfondet» som kyrkja administrerte og disponerte, og eit låneopptak. På dette grunn­laget skulle dei bygge eigen fastskule. Dette er tidleg, berre 9 år etter ny skulelov, og før mange andre prestegjeld og sokn klarte å gjere det same.

Så kom formannskapslova i 1837 og skulekom­misjonen sin beslutning om å bygge og finansiere fastskulen på Furehaugen, måtte handsamast i for­mannskapet og heradstyret som var formelt økono­misk ansvarleg for bygging og finansiering. Referat frå formannskapsprotokollen (Lavik formannskap, 1837- 1862) viser at dei drøfta saka i fleire møter i slutten av 1838 og gjennom 1839. I januar 1839 var dette ei sak: «I anledning af den nye Skolebygning, der ved Skolecommisionsmøte 30te Mai 1836 blev bestemt at skulle opføres paa Pladsen Furruhougen under Ladvigs Præstegaard». Eige skulehus stod ferdig på Furehaug i 1838. Dette er tidleg i høve andre kommunar og prestegjeld. Årsaka var nok kyrkja med aktiv sok­neprest, prost og biskop som ivra for skulevesenet. Samstundes tilbydde kyrkja vesentleg økonomisk tilskot på 250 spd som var 100 spd meir enn det kommunen skulle bidra med. Skuletomta på Fure­haugen var også ei gåve frå Kyrkja sidan dette var eigedom under prestegarden.

Foto av eit gamalt skulehus i Lavik.

Første skulebygget i Lavik og i prestegjeldet frå 1838. Huset står som det blei oppført, men har fått ny kledning. Birger Hellebø eig huset i dag. Storleik 6 x 5 m + bislaget. Eit bustadhus er bygt saman med skulen som blei nytta som snikkarverkstad/-næring. (Foto: Bjørn
Hjelmeland)

Skulekommisjonen sitt byggevedak i 1836 hadde sett i gang prosessen. Nye kommunale medlem­mer i skulekommisjonen etter formannskapslova i 1837, motsette seg ikkje bygginga sjølv om det var eit kommunalt ansvar å innfri lånet på 150 spd. Men heradstyret stemte ned finansieringa med 16 – mot 7 stemmer i januarmøtet i 1839. Saka kom opp att seinare på våren og gjekk gjennom «samstemmigt». Når det kom til styk­ket var det kanskje ikkje så lett å gå imot det som var bestemt og vedtatt av skolekommisjonen, for her sat maktpersonane i samfunnet og dessutan var skulehuset under bygging.

Etter skulelova av 1827 var skulen framleis først og fremst kyrkja sitt ansvar og slik var det fram til 1860. 

Glimt frå «Ladvig Faste Skole» på 1840-talet

Rasmus og søskena gjekk på «Ladvig Faste Skole». Her gjekk borna frå Bekken i vest, Kvammen i aust og Støldal i nord. Elevlis­ter dokumenterer at bondesøner og -døtre og husmannsborn er elevar ved skulen. Møtepro­tokollen i skulekommisjonen fortel at alle «Sko­lepliktige Børn søke Undervisningen». Dersom det budde born av embetsstanden i bygda, gjekk dei ikkje på «Ladvik Faste Skole». Dei fekk nok undervisninga si heime av eigen huslærar eller guvernante. Lærar i fastskulen var kyrkjesongar Christopher Parelius, ein nær og verdsett med­arbeidar for soknepresten.

Vi veit at desse tre borna, og særskilt Rasmus og Hans, var flinke på skulen. Rasmus og Hans kunne tidleg lese og skrive. Dei gjorde det godt. Dette er dokumentert i «Skole og Eksamensprotokoll for perioden 1840 – 1872», penneført av soknepresten. Dei hadde dei beste karakterar. Elevane måtte på den tida gjennom årleg eksamen frå fylte 9 år. «Hvert Aar holdes i de faste Skoler, i Over­værelse af Præsterne og nogle af Skolecommissionens øvrige Medlemmer, offentlig Examen, paa den Tid, Sognepræsten dertil finder beleiligst.» (Skulelova 1827, § 19). Eksa­mensprotokollen opplyser eleven sitt namn, alder, bustad, foreldre/føresette. Så kjem karakterar og vurdering av «Kundskap som var Stavning – Reenlæs­ning og Udenadlæsning av Catekisme; Bibelhistorie – For­klaringen. Skrivning – Regning og Forstandsøvelse». Så kunne presten føre inn vesentlege notat i eit ende­leg merknadsfelt. «Skole og Eksamensprotokoll for 1840 – 1872» har få eller ingen merknader om elevane. Men i eitt tilfelle, der eleven har dår­legaste karakter i alle disiplinar, har presten skrive «meget hyggelig» i merknadsfeltet. Kvifor skreiv han denne eine merknaden? Var det eit behov for å peike på noko positivt for ein elev som ikkje meistra skulen og faga? Eller skreiv han dette fordi eleven hadde foreldre med ein viss status i bygda? Andre elevar som hadde vanskar med fag og læring fekk ikkje nokon kommentar.

Kopi av dokument

Elevar ved Ladvig Faste skole og kva gardar elevane kjem frå 1841. (Soknepresten i Lavik- Skole og eksamensprotokoll 1840 – 1872)

Karakterskalaen dei nytta, var frå 1 til 4. Karak­ter 1 var best. 4 var dårlegast. Det kunne og gje­vast ½-karakterar, som td 2½ eller 3½. Rasmus og Hans sine karakterar var 1 eller 1½. Søstera Oline hadde 2 og 2½. Brørne fekk ikkje karak­terar i Stavning. Dette må bety at dei var flinke lesarar, dokumentert med karakteren 1 både i Reenlæsning og Udenadlæsning. Begge hadde beste karakter i Forstandsøvelse, som betydde at dei for­stod og kunne forklare ord og uttrykk i lesebok, bibel og katekisme og forstod innhald og mei­ning i tekst og fag. Desse tre husmannsungane hadde lese- og skriveføre foreldre. Ein ung onkel som praktiserte som omgangsskulelærar (først i Lavik 18 år gammal, seinare i Kirkebøe Nordre District) øvde seg kanskje på undervisninga og brukte onkelbarna som læreobjekt?

Prestegardsmiljøet kunne inspirere til læring

Ungane var tett på miljøet i prestegarden frå tid­lege barneår, for far deira hadde arbeidet sitt der. Dei var nok ofte i prestegarden anten dei hadde gjeremål eller ikkje. Her møtte dei og blei kjend med læraren og kyrkjesongaren Parelius. I pre­stegarden var det eit spennande og litt «framandt miljø» som pirra nyfikne barn. Dei kom i kontakt med personar knytt til prestegarden og prestens familie. Dette miljøet kunne påverke lærelysta hos barn, men det påverka nok foreldra meir. Gjennom arbeidet sitt og i møte med ulike folk i prestegarden, forstod dei kor viktig lærdom og skulegang kunne vere for å komme seg opp og fram. Som husmannsfolk stod dei med lua i handa når dei møtte bøndene eller embets­mennene. Her var spelereglar for framferd og korleis du møtte folket av høgare stand. Det er grunnleggande at foreldre ønskjer barna ei trygg framtid. I prestegarden erfarte foreldra at lær­dom og kunnskap var viktige element for barna si framtid. Kan det tenkjast at foreldra på denne bakgrunnen motiverer og følgjer opp barna både før og etter at dei begynte i skulen?

Flinke jenter og gutar

Eksamensprotokollane viser at mange av jentene er skuleflinke, men det var få eller ingen høve for desse jentene å bygge ei framtid på bokleg lær­dom. Fleire av jentene får beste karakter i fleire fag og disiplinar. I konfirmasjonsprotokollen kan ­ein sjå at dei same jentene får gode attestar av presten som følgje av at dei var bokleg sterke. Då Oline stod konfirmant skreiv presten om henne «fortrinnlige Evner, god Kundskab og Flid». Sjølv om Oline hadde vore meir enn middels flink på skulen og presten meinte ho var evnerik, var framtidsutsiktene for jenter svært avgrensa. Dei kunne få teneste på ein gard, eller søke lykka i Bergen. Eit heldig giftarmål kunne gi eit sosialt løft, eller dei blei verande i husmannstanden. For nokre jenter blei framtida eit liv i eit lågare sosialt lag. Oline levde heile livet som strandsit­jar, gifte seg med ein inderst og fødde seks born. Etter eit liv i slit og armod blei ho sine siste leveår forsørga av fattigvesenet som fattiglem hos ein familie på Lavikstranda.

Ut frå denne eksamensprotokollen kan det sjå ut til at Rasmus og Hans avsluttar skulegangen kring 13 år gamle. Presten kunne bestemme og la dei slutte om dei var «utlærte». Dei kunne lese, skrive og rekne betre enn mange. Men som husmanns­born var det ikkje utsikter til meir skulegang sjølv om dei hadde anlegg for bokleg lærdom og aka­demisk talent. Då dei var konfirmerte, måtte dei få seg arbeid eller teneste slik at dei kunne bidra til livsopphaldet, sitt eige og familien.

Ungdomsåra

Lite veit ein om kva Rasmus og Hans gjorde for å livberge seg og familien etter at dei avslutta almueskulen og fram til dei blei tilsette som omgangsskulelærarar. Frå tidleg barneår hadde dei sine plikter – alt etter alder og kroppsleg styrke. Barnearbeid var vanleg på den tida. Dei hadde oppgåver for eigen familie, eller dei kunne hjelpe mor eller far i deira arbeid. Slik kunne dei bidra i livberginga. Etter kvart fekk dei truleg arbeidsoppgåver hos naboar krin­gom på gardane, og truleg har dei hatt arbeid og oppgåver i prestegarden. Fiske på sjøen gav mat, dei kunne ro og tente kanskje nokre skillin­gar som skysskarar?

Tilknytinga til prestegarden var naturleg fordi faren arbeidde der, og dei hadde gått der sidan tidlege barneår. Dei kjende presten, familien hans og dei som arbeidde i prestegarden. Kyrkjesangar og lærar Christopher Parelius hadde dei kjent frå dei var små. Parelius kjente gutane som skule­flinke, og kanskje fekk dei av den grunn gjeremål hos han med oppgåver som han hadde ansvar for.

Vi veit gutane kunne lese tidleg og dei blei mot­iverte og oppmuntra til å skaffe seg kunnskap både heime, i skulen og i prestegardsmiljøet. Truleg har dei brukt tilbodet i Almuebibliote­ket. som presten, læraren og skulekommisjo­nen bygde opp for å styrke folkeopplysninga og kunnskapen – ei nasjonal satsing etter 1814. Kontakten deira med prestegardsfolket og lærar kunne gi tilgang på bøker og tidsskrift. I preste­garden var det jamt besøk av ulike gjester og ulike inntrykk å hente. Her møtte dei truleg og blei kjende med mange av soknepresten sine medarbeidarar, medhjelparar og folk med til­litsverv i verdslege og kyrkjelege oppgåver. Mel­lom desse var det skyldfolk og slektsbanda var det viktig å ta vare på. Ein spurte høfleg om helsa var god, om familie, om nytt, bar fram helsingar frå seg og sine etc. Dei viste interesse og gjorde best mogeleg inntrykk. Dei var opp­lærte til å føre seg overfor folk dei møtte. Slikt kunne betale seg ein gong det var behov for det.

Miljøet og banda inn i prestegarden og til embetsverket gav kanskje gutane ulike føre­moner og tilgang til læring og kunnskap som husmannsungar elles ikkje var i nærleiken av. Kontakt med det styrande og bestemmande sosiale laget lærte dei å opptre høvisk, men kjenne sin plass som husmannsfolk når dette var rett, Slik lærte dei å navigere sosialt mellom husmenn, bønder og embetsmenn i det vesle Laviksamfunnet.

Mykje tyder på at foreldra var bevisste på kor verdfullt det kunne vere å ha kontakt med det styrande og bestemmande sosiale laget, som dei sjølve ein gong hadde tilhøyrt. Teikn på dette er fadderlistene til Oline, Rasmus og Hans, og slekta brukte dei som fadrar. Hans står innskriven som fadder 20 år gamal for eit uekte barn, der barne­faren er bondeson på garden Lavik. Dei andre fadrane var av bondestanden frå Lavik og Kvam­men. Bertel og Brita oppmuntra nok sønene til å pleie kontakten «oppover» og framsnakka sikkert verdien av kunnskap og kontaktnett for å skape seg ei framtid som anna enn tenestefolk.

Fadderoppgåvene var teikn på at foreldra – hus­mannsfolket – heldt på og dyrka slektsbanda til bondestanden. Slik kontakt og nettverk var viktig for å klare seg i kvardagen og kunne vere nyttig for å sikre barna arbeid og eit livs­grunnlag i framtida. Når Rasmus og Hans blei brukte som fadrar som unge og ugifte menn, kan det vere teikn på at dei var rekna som folk ein kunne stole på, folk det stod respekt av, sosi­alt og moralsk. Dei hadde bygd seg ein positiv sosial status gjennom ungdomsåra.

Foreldra og slekta

Bertel Rasmussen Næss (1794 – 1871) var gard­mannsson frå Nes ved Espelandsvatnet i Hyl­lestad, ein gammal gard, i si tid krongods og seinare eigd av Knagenhjelm-slekta. Nes-folka var gamal bondestand.

Bertel var ikkje arving til garden og måtte søkje seg livberging annan stad. Han flytte til Lavik og fekk seg teneste som tenar og husmann i preste­garden. I folketeljing for Lavik i 1825 er Bertel og kona registrerte som husmannsfolk i preste­garden. Det er ikkje kjent kva tid Bertel kom til Lavik, men han tykkjest vere etablert som strandsitjar og husmann når han i 1824 gifte seg med Brita Arnesdatter Værholm (1786 – 1857). Strandsitjarar var eigedomslause og kunne vere mellom dei fattigaste og lågast rekna i ei bygd. Bertel og Brita budde i eit hus i Lavikbukta.

Bertel var innflyttar i laviksamfunnet, men Brita Olsdatter var gardmannsdattar med slekts­røtene i Lavik og i Værholmen. Far var Ole Taraldsson Ladvig og mor var Brita Arnesdat­ter Værholm. Berthel og Brita var begge fødde i bondestand. Bondeguten måtte bli husmann for å sikre seg arbeid og livnæring. Gardmannsdot­ter Brita gifte seg såleis «nedover» sidan ektefol­ket måtte leve og livnære seg som «husmand og husmandskone» med teneste og arbeidsplikt til Lavik Prestegard.

Bertel og Brita hadde nok kjent kvarandre ei tid for bondeslektene. Bøndene i Lavik og Hyl­lestad og i prestegjeldet var rimeleg godt kjende med kvarandre gjennom giftarmål og slektskap og samarbeid i ymse offentlege verv. Saman med embetsmennene hadde bøndene makta i styre og stell – i kyrkjeleg eller verdsleg politikk og administrasjon.

Folkeauke og fleire husmenn

På byrjinga av 1800-talet vaks folketalet sterkt også i Ytre Sogn. Folkeauken førte til at det også i Lavik prestegjeld blei fleire husmenn. Eldste son arva garden og ein yngre bror kunne bli husmann under eldste bror, få seg eit jord­stykke som kunne dyrkast opp som grunnlag for livnæring. Geografi og topografi i vårt distrikt tvinga fram nyrydningar og nye buplassar tett på eksisterande gardsbruk og busetnad. Nær slektskap og avgrensa buområde vil i små byg­der som Lavik minske standsforskjellen mellom husmann og bonde i motsetnad til slik det t.d. var på Austlandet. Gunhild Systad seier i artik­kelen «Gardbrukaren og Plassmannen hadde ofte gjestebod i lag»: «Me veit frå før at standsskil­naden ikkje var iaugnefallande på Vestlandet, særleg om me jamfører med husmannsvesenet austpå. Samfunna og gardane her var helst små, og det var berre få plassar det var mogeleg for bonde og husmann å leve i kvar si verd utan anna kontakt enn det pliktsystemet skapte. Attpå var det både titt og ofte slik at dei to var nære slektningar, brør kan hende, og blod var nok tjukkare enn vatn i dei fall når yngstemann vart sitjande som husmann under storebroren. Å kaste vrak på slekta var slett ikkje god takt og tone i bondesamfunnet». (Timberlid 1981, s.161).

Lavik på 1800 talet og nabobygdene var slike små samfunn der giftarmål og slektskap mellom bønder og husmannsfolket blei vanleg. Slekts­banda som husmannsfolket hadde til fødegar­den sin, kunne vere sterke, og ein stod saman om det blei nødvendig. Om Bertel og Brita var blitt husmannsfolk, så visste dei kven dei ætta frå og kven dei skulle kunne lite på om dei hadde trong for hjelp. Med det bakteppet kunne dei tru på ei framtid for seg og familien som husmenn i Lavik.

Barna sine dåpsvitne

Når foreldre skulle ha dåpsvitne til borna sine, var det dette viktige val, og det kunne vere bevisste val. Dåpsvitna skulle sikre barna ei kristen oppfostring, men skulle og følgje opp barna og hjelpe dei dersom foreldra ikkje makta dette. Dåpsvitna kunne bli viktige hjelparar og kontaktpersonar når barna stod framfor vak­senlivet og yrkesval, vere viktige nettverk som kunne hjelpe dåpsbarnet fram. Når dåpsvitna blei kunngjorde i kyrkja og stod synlege under dåpsseremonien, fekk kyrkjelyden sjå stand og slektskap. Desse vitna representerte og signali­serte sosial status og kontaktnett. Kyrkjelyden merka seg nok dette.

Kven finn vi som dåpsvitne til husmannsborna Oline, Rasmus og Hans? Dåpsvitna for Oline i 1826 var L. L. Daae, Daniel Hansson, Peder Nielsson, Barbra Edvardsdtr, Barbra Lassesdtr Ladvig, står det å lese i kyrkjeboka. L. L. Daae er Ludvig Ludvigson Daae, son til soknepresten Ludvig Daae. At prestesonen er dåpsvitne for ei husmannsdotter, er unekteleg spesielt. Bertel kjenner sjølvsagt prestesonen fordi Berthel er husmann på prestegarden. Men fortel det at Ber­tel og Ludvig også har ei meir personleg forhold enn den formelle standsforskjellen skulle tilseie? Dessutan fortel det oss at soknepresten godkjen­ner sin eigen son som dåpsvitne for ei husmann­sjente. Kan dette seie noko om sokneprest Ludvig Daae sitt syn på stand og sosial status generelt,  eller kjenner han husmannsfolket sitt som verdige eit slikt dåpsvitne? Eller er det Bertel som er så bevisst opphavet sitt som bondeson frå Nes, at han freidig spør prestesonen om denne tenesta? Mange spørsmål som vanskeleg kan svarast på, men kanskje var det ikkje den store standsforskjel­len i det vesle laviksamfunnet, der dei levde tett og møttest i arbeid og sparsom fritid?

Dei andre dåpsvitna kom frå bondestanden i bygda. Peder Nielsson var rett nok «søn til Niels Anfinson, kriegsoldat og pladsmann, Svalhammeren», gift med Lukris Lassedtr Ladvik, søster til eit av dåp­svitna. Soldattenesta til Niels Anfinsson løfta nok den sosiale statusen til denne familien i bygda.

Det kan sjå ut til at Bertel og Brita var bevisste og ambisiøse i valet av dåpsvitne og valet spegla kva røter Bertel og Brita hadde. Fødde som dei er i bondestanden og frå relativt rike gardar etter tidas målestokk. Hadde dei gjort vala sine ut frå tanken at «blod er tjukkare enn vatn», samtidig som vala fortalte at det i bygda ikkje var dei store standsforskjellane mellom bonde og husmann, slik Gunhild Systad peika på i artikkelen sin?

Dåpsvitna til Hans og Rasmus var alle av ætta frå Nes i Hyllestad, Værholmen, Lavik og Kvammen, gardmenn og gardkoner, -søner eller -døtre. Dåpsvitna hadde alle sosial status høgare enn husmenn. Fleire av dei mannlege dåpsvitna hadde verv og oppgåver i kyrkjeleg og verdsleg styre og stell. Ein kan seie at vitna hadde sosial posisjon og status i bygda og i prestegjeldet som kunne vere nyttige når borna vaks til og skulle søkje seg livberging.

Rasmus og Hans Bertelsen tilsette som lærarar på 1850-talet

Bygdeboka for Kyrkjebø og Lavik, band 3, for­tel at desse to blei tilsette som lærarar frå tidleg 1850-tal. Hans blir tilsett som lærar i 1852. Han er då 20 år. Tilsetjinga er mellombels som vikar­lærar i Fuglsetfjorden. I møteprotokollen er det ikkje sagt noko spesielt om tilsetjinga. Han får 10 spd løn. I 1853 skriv sokneprest Thomas Erichsen om Hans Bertelsen som lærar: «Ny skolelærer, Hans Bertelsen Ladvig, Constitueret 1852. Løn 12 spd. Anlæg og dygtighed: En begynder. Flid og indhold: Godt. Skoletid: 8 mnd» Fast tilsetjing fekk i 1854. Då blei løna 16 spd.» (Leirnes,1978).

Rasmus blir mellombels tilsett som lærar i 1853 som vikarlærar i Torvund og Aven. Løn 10 spd. Om tilsetjinga fortel ikkje møteprotokol­len noko meir. Rasmus blir året etter omgangs­skulelærar på Lavikdalen og får fast tilsetjing. Løna er framleis 10 spd. I Lavikdalen er det tre omgangsskular og elevtalet i 1855 var 52.

Skulekommisjonen har tilsett to husmannssøner som lærarar i prestegjeldet. Den første husmanns­sonen som fekk lærarstilling var truleg Hans Danielsen Hovland i 1847. Han var lærar i Kir­kebøe Nordre District og heldt skule for barna frå Ullebøgardane til Nordeide. Hans var ein gåve­rik person og dyktig lærar slik prest og prost skriv om han: «Han stod fremst på kirkegolvet og seinare fekk han undervisning av presten». Læraren som arbeidde i Vadheimsfjorden før Hans Danielsen Hovland, var Mons Rasmussen Næss, onkel til Rasmus og Hans Bertelsen. Han blei første gong tilsett som vikarlærar i Lavik 18 år gamal, før han fekk lærar­stilling i Nordre Kirkebø District i 1838.

Andre som arbeidde som lærarar i Lavik preste­gjeld sidan skulelova av 1827, er lokale bon­desøner eller tilflytte personar av bonde- eller embetslekt. Skulekommisjonen hadde som ei hovudoppgåve å sikre at almueskulen gav elev­ane så god undervisning som mogeleg og skulle finne dugelege lærarar. Før den nye skulelova i 1827 hadde det ikkje alltid vore så nøye med kvalifikasjonane til læraren. I dei verste tilfella nytta dei lærararbeidet som naudsarbeid eller ei retrettstilling. Men det skulle gå mange år før skulekommisjonen kunne tilsette lærar som hadde gått «lærarskule». Den første var Edvard Appoloniusen Liliedahl, som fekk lærar- og klokkarstilling i Kyrkjebø hausten 1866. Edvard Liliedal arbeidde fram første skulebygget i Kyrkjebø i 1868. 30 år etter at Lavik fekk sin fastskule i eige bygg. Liliedal blei seinare stor­tingsmann og statsråd.

For å sikre ein viss standard og kvalitet på læra­rane vurderte og drøfta skulekommisjonen evnerike menn i prestegjeldet og tilsette mellom desse. Desse var i all hovudsak lokale, evnerike bondesøner som kunne lese, skrive og rekne, hadde god attest frå konfirmasjonen og truleg eit moralsk godt rykte.

Då Hans og Rasmus fekk tilsetjing som læra­rar tidleg 1850-tal, var dei mellom dei første tre husmannsungane i prestegjeldet som fekk slik stilling. Begge gutane var kjende i lavik-samfun­net hos prest og medhjelparar som evnerike og skuleflinke. Dei var husmannsfolk, men av god ætt, og sikkert framsnakka av fadrar og skyld­folk når spørsmål om dei kunne vere skikka for lærargjerninga, blei drøfta. Ætt, skuleresultat, konfirmasjonsattest, fadrar, oppvekst og arbeid i prestegarden og miljøet der, har vege positivt for skulekommisjonen si vurdering av desse to husmannssønene som lærarkandidatar.

Kyrkjesongaren  underviser lærarkandidatar

Sidan lærarane i Lavik prestegjeld ikkje hadde «lærarseminar» som grunnlag, fekk nye lærar­kandidatar opplæring av kyrkjesongaren og læraren ved hovudkyrkja. Kyrkjesongar og lærar Christopher Parelius kan såleis ha fått oppgåve å skulere to tidlegare elevar for framtidig lærar­gjerning, slik det er sagt i skulelova av 1827: «De som ville blive omgaaende Skoleholdere, oplæres af Hove­dsognets Kirkesanger, under Tilsyn af Sognepræsten, der tillige, om han dertil er villig, deeltager i Underviisningen. Kirkesangeren nyder af Skoleclassen et, efter Forslag af Sognepræsten i Skolecommissionen bestemt, Honorarium for enhver Lærling, som af Provsten, efter aflagt Prøve, er befunden dygtig til omgaaende Skoleholder.»

Kyrkjesongar Parelius kunne få eit ekstra honorar for kvar lærarkandidat som bestod eksamen hos prosten. Parelius kjente nok Rasmus og Hans Bertelsen sine «akademiske talent» frå dei gjekk i almueskulen. Truleg hadde han nytta desse to elevane som hjelpe­lærarar gjennom skuleåra, slik det var vanleg at læraren brukte flinke elevar til å hjelpe dei mindre flinke gjennom skuledagen. Parelius visste difor at desse to gutane ville bestå «Prov­stens prøve». Etter bestått eksamen kunne sko­lekommisjonen tilsette desse «befunden dygtig til omgaaende Skoleholder», og Parelius kunne innkassere velkomne, ekstra skillingar som honorar for innsatsen sin.

Skulekommisjonen  – kommunalt og kyrkjeleg ansvar

Lærartilsetjingane skjedde gjennom skulekom­misjonen og kyrkjeleg kontroll sjølv om Lavik og Kyrkjebø kommunar hadde eit formelt ansvar for skulevesenet etter formannskapslova av 1837. Framleis var det slik at prost og sok­neprest følgde opp ansvaret som hadde ligge til kyrkja for opplæring og undervisning av «almuens børn» Soknepresten sine protokollar viser korleis dei kontrollerer, vurderer og følgjer lærarar og undervisninga tett gjennom årlege rapportar. Desse rapportane gjekk til kommu­neleiing, til prost og biskop.

I 1850 gav sokneprest Thomas Erichsen desse ekstra opplysningane i skulerapporten frå Lavik prestegjeld til biskopen:

  1. Øvelse i den konstmæssige Sang efter det saakaldte Psalmodicon er meget sjælden: Psalmesang i Almindelig­hed øves alle Skolepliktige Børn uden Undtagelse.
  2. Hver af Lærerne have – enhver for sit District ved­kommende – opgived nogle enkelte Elever der skulde være videre komne saasom til Historie, Geographi. Siden ved de aarlige Eksamener imidlertid (utydeleg)… været til­strekkelig til at videresøge Børnenes Fremdrift i de nød­vendigste (Utydeleg) … gjenstande
  3. Alle Skolepliktige Børn indenfor Bondestanden søge Skolen
  4. Man har hidintil ikke været i Forlegenhed for at erholde de fornødne Lærare Lønninger haver af Skolekassen
  5. Ingen Ukonfirmered her i Prestegjeldet er over 19 Aar gamle
  6. Almue Bibliotheket tæller for Tiden 305 Bind

I etterfølgande år var dette ein mal for ekstra opplysningar om skulevesenet i skulerapporten Her blei det og understreka at det ikkje hadde vore noko problem å fylle «de fornødne Lære­rstillinger», men ingen av desse lærarane har utdanning frå lærarskule eller lærarseminar før Edvard Liljedal i 1866.

Presten var særleg oppteken av at barna lærte om det kyrkjelege og skriv m.a. i 1855: «I Sang efter Psalmodicon gives ikke stadig Undervisning i alle Dis­tricter, men meest der hvor Læreren selv har Øre og tact for Sang og Tonekunst. I intet District er den almindelige Psal­mesang forsømt, men indøves hverdag i Skoletiden Morgen og Aften.» Presten opplyste elles at «Almue-Biblioteket har undergaaet en Revisjon» og viser til særskilt rapport om dette til biskopen frå prosten i Ytre Sogn».

Vidare heitte det i denne årsmeldinga: «Nuværende Dokument er Bilagt foruden med Prøveskrifter for enhver af Skolelærerne tillige med omtrent 60 Prøveskifter fra lige­saamange skolepliktige Børn (Drenge og Piger) som øver i Skrivning». Dette skulle dokumentere korleis det lokale skulestyret vurderte og kontrollerte læraren si skjønnskrift og elevane sin skrivedugleik fordi dei oftast kopierte læraren si skrift. Dei ansvarlege for skulevesenet, kontrollerte og forlangte doku­mentasjon på arbeidet og resultatet i kvar skule.

Utdrag frå skulerapport i 1855

«Skolecommissjon for Ladvig» vurderte kvart år den enkelte lærar sitt arbeid og utvikling, kor mange elevar dei hadde og kva elevane fekk undervis­ning i. I 1855 rapporterte soknepresten i «Skole­væsenets og Oplysninger Tilstand i Ladviks Præstegjeld» kven som var lærarar, kvar dei skula og vur­derte arbeidet deira etter Anleg og Dygtighed, Flid og Indhold: «Christopher Parelius, Ladvig Faste skole, Rasmus Bertelsen, Nordre Ladvig District, Christian Olaus Stabell, Søndre Ladvig District,.Ole Jenssen Bøe, Bøe District, Hans Danielsen Hovland, Kirkebøe Nor­dre District, Hans Bertelsen, Kirkebøe Søndre District, Elling Pedersen Østrem, Kirkebøe Østre district.» Alle fekk vurderinga Vel for Anleg og Dyktighed og det same for Flid og Indhold, med unntak av Hans Danielsen Hovland som fekk karakterane Meget godt og Fortrinligt. Rapporten manglar opplysnin­gar om Lavik Østre District som omfattar Rin­gereide, Alværn, Raa, Aven, Torvund og Norevik.

Lærar og lønn

Lærarane si løn var 20 spd med unntak for Hans og Rasmus Bertelsen. Hans fekk 16 spd. Rasmus si løn var 10 spd. Det er ikkje sagt noko om kvifor dei hadde lågare løn, men dei var nye omgangsskulelærarar. Ansiennitet kan ha spelt ei rolle i lønsfastsettinga, Elevtalet dei hadde i distriktet sitt, var mykje likt dei andre omgangs­skulane, om dette skulle ha vore eit lønskrite­rium. Men skilnaden i løna til Hans og Rasmus og dei andre lærarane er likevel litt underleg. Desse to blei i fleire år løna lågare enn andre lærarar i prestegjeldet. Så kan ein spørje seg om løna deira spegla kva samfunnslag dei kjem frå? Ein kunne kanskje ikkje likestille bondesonen og husmannssonen lønnsmessig, sjølv om arbeidet og oppgåvene var like? Og gjorde skulekommi­sjonen unntak for husmannsguten Hans Daniel­sen Hovland fordi han var «fortrinligt dugelig» som lærar, ein som presten hadde tatt «under sin vinge» og gitt særleg undervisning? Kom­misjonen grunngav ikkje vedtaka sine om løn, men kommisjonen ønskte å halde skulekostna­dene lågast mogeleg for bøndene, og sparing på lærarløna, kunne vere eit slikt tiltak.

Etter eit par års praksis blei både Rasmus og Hans vurderte som gode lærarar og fekk «meget godt» for både for dugleik, flid og innhald. Elevane deira fekk vel så gode eksamensresul­tat som andre. Men heiderleg omtale gav ikkje automatisk lønnsopprykk og i nokre rapportar uttrykte kommisjonen bekymring for læraren sin økonomiske situasjon utan at det førte til auka løn. I 1856 fekk Hans auka løna til 20 spd for året. Rasmus fekk auka løna til 16 spd to år etter. I 1860 søkte «Skoleformandskabet om lønsfor­bedring og alderstillæg til velfortjente lærere» og hadde innstilt Hans Danielsen Hovland, Hans Bertel­sen Ladvig, Rasmus Bertelsen Ladvig og Lasse Ellingsen (klokkar i Lavik) til å få alderstillegg for 1859, 1860 og 1861. Vi veit ikkje kor mykje dei fekk av den vesle summen som lærarane i heile prostiet skulle dele.

Så er det eit poeng i søknaden at desse fire læra­rane frå Lavik Prestegjeld, alle var husmannsgu­tar. Lasse Ellingsen var frå Gulen, ein gåverik gut som presten underviste og han fekk lærarstilling 17 år gamal. Han blei fastlærar i Brekke, seinare klokkar i Brekke og klokkar og lærar i Lavik. Så blei han ordførar, og då han blei lensmann, slutta han som ordførar, lærar og klokkar. Husmanns­sonen toppa klassereisa si ved å ende opp som stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus amt.

Avslutning

Dei to husmannsgutane Rasmus og Hans Ber­telsen Ladvig fekk på 1850-talet arbeid som lærarar i Lavik prestegjeld i ei tid med nasjonal satsing på skulen og lokale myndigheiter og kyrkja hadde ansvar for utviklinga av skulevese­net og undervisninga til «Almuens Børn». Dei var mellom dei første husmannssønene i pre­stegjeldet som fekk slik stilling. Dette er spesi­elt sidan lærarar i hovudsak blei rekrutterte frå bondestand eller embetsstand.

Nasjonsbygginga etter 1814 auka behovet for opplæring og undervisning. Utdanning av fol­ket blei viktig og kyrkja fekk ansvar for å auke kvaliteten på lærarar og undervisninga av «Almuens Børn» gjennom ny skulelov i 1827. I Lavik prestegjeld hadde ein ikkje lærarar med utdanning frå lærarskule, og skulekommisjonen rekrutterte omgangsskulelærarane mellom lese-, skrive-, og rekneføre søner av bondestand. Dette var naturleg politikk. Dei styrande valde pri­mært sine eigne i viktige posisjonar og stillingar. Men når prest og skulekommisjon tok ansvaret sitt på alvor, sette dei krav til kvalitet og «duge­lighed som lærer» for å styrke undervisninga i almueskulen. Dei leitte difor etter dei kvikkaste og flinkaste hovuda i prestegjeldet. Dei fann kandidatar i bondestanden og nokre mellom husmannsfolket, skulerte og eksaminerte dei. Dei som blei «befunden dygtig til omgaaende Skole­holder», kunne få lærararbeid. Samfunnsend­ringane og nasjonal satsing på skulevesenet og opplæring for Almuens Børn» opna muleghei­tene for husmannss-søner i læraryrket. Slik fekk husmanns-sønene Rasmus og Hans Bertelsen sjansen til å bruke evnene sine.

Hans Bertelsen praktiserte som omgangsskule­lærar i Kirkebøe Søndre District fram til slutten av 1860-talet. Han gifte seg til gard i Dyrdal og fekk ein son. Hans døyr ung i ei drukningsulukke på fjorden i 1872.

Rasmus Bertelsen var omgangsskulelærar i ein mannsalder i skulekrinsane Avedal, Hjelmeland og Mølmesdal på Lavikdalen. Diverre har eg ikkje funne skuleprotokollar frå desse krinsane som kunne ha fortalt meir om elevar og lærar den tida Skule-Rasmus praktiserte. Såleis har eg ikkje fått eit klart bilete av korleis han var som lærar. Slike gamle protokollar kunne ha utfylt biletet og nyansert skulekommisjonen sin vurde­ring av flid, dugleik og innhald i Skule-Rasmus si lærargjerning. Då kunne ein fått stadfest noko av det vesle som er fortalt om at han var ein respektert lærar som viste omsorg for elevane sine og var interessert i skulen og skulefaga. Ei god helse gjorde at han knapt hadde ein dag fråver gjennom 30 års liv i skulen.

Husmannssonen Rasmus blei lærar, men dette arbeidet og løna åleine gav ikkje livberging for familien. For å kunne brødfø seg og familien på åtte, foreldra på kår og ei tenestejente, gav nok husmannsplassen Slettene, under indre Hjelmeland, på austsida av Bogsvatnet, mel­lom Bruhaug og Espevik, viktigaste livberginga for Skolelærer og Husmand Rasmus Bertelsen Hjelmeland.

Litteratur- og kjeldeliste

Leirnes, Leif (red). (1978). Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik – Band III. Bygdesoga. Boktrykk Bergen

Kelmer, Inger og Førsund, Finn Borgen (red), (1993). Hyllestad bygdebok, Bind 2

Ljotebø, Gaute (red) (2014). Frå Holck til Heggø. Interface Media as

Timberlid, Jan Anders (red.) (1981). «For Pladsen skal han slide» Husmannskipnaden i Sogn og Fjordane. Tiden Norsk Forlag

Kjelder:

Fylkesarkivet Sogn og Fjordane:

– Skolekommisjon for Ladvig Prestegjeld 1821 – 1859, Forhandlingsprotokoll,

– Fattigkommisjon Lavik kommune

 

Statsarkivet i Bergen:

– Soknepresten i Lavik- Skole og eksamenspro­tokoll 1840 – 1872

– Soknepresten i Lavik- Ekstraktprotokoll av skulejournal for Laviks sokn 1847-1862

– Journal for Laviks skolestyre 1890 – 1926

-Lavik Fattigkommisjon 1849 – 1861, møteprotokoll

– Folkemanntal i Lavik prestegjeld 1825

– Lavik formannskap, 1837- 1862, møteprotokoll

 

Internett:

http://arkivverket.no/arkivverket/

Digitalarkivet:

– Folketellingar Lavik åra: 1815, 1825, 1865, 1875, 1900 og 1910

– Soknepresten i Lavik, Ministerialbok nr A, 21

– Soknepresten i Lavik, Ministerialbok nr A-4 1864-1881

– Ytre Sogn Sorenskriveri, Pantebok 1821- 1833, fol. 281b

 

http://www.fagsider.org/kirkehistorie/ lover/1827_skole.htm#pp4

– Skolelova 1827

(Artikkel har stått på trykk i Årbok Høyanger 2018. Ingressen først i artikkel er ny, og er skriven av historielaget. Det første biletet er og nytt, og viser strandlina frå Svarteberget på Kvammen og nedom prestegarden. Fotografiet er teke av Karl Ludvig Trædal i 1907)