Bygda Lavik var på tidleg 1900-tal oppdelt i fire gardsbruk; Lavik, Prestegarden, samt Kvammen bruk 2 og 3. Driftige gardbrukarar og forretningsmenn har danna grunnlaget for bygda slik ho står fram i dag. I tillegg til gardsdrift har butikkdrift, pensjonat, skipsekspedisjon, post og helseheim – og ikkje minst – ferjesambandet til sørsida, vore med på å forme bygda.
Av: Per Sverre Kvammen og Johannes Instefjord -Årbok Høyanger 2014

Første foto: Lavik rundt 1905. På biletet til venstre ser vi dei fire gardsbruka. Nærmaste er garden Lavik, deretter Prestegarden. Så kjem Kvammen gnr 74 bnr 3 og lengst borte Kvammen gnr 74 bnr 2. Vi ser så vidt i tårnet på Kyrkja, hotellet heilt til høgre. (Foto: Ukjent.) Andre foto: Postkort stempla i Lavik 24. august 1906. Biletet viser strandsona med hotellet. Nedanfor hotellet ligg den gamle steinbryggja med kaihus som inneheldt lager for varer. (Foto: Eneb. Fotograf Gundersen, Lærdal. Eigar: Ove Olsen)
Handel
Hovudferjesambandet over den ytre delen av Sognefjorden har sidan det kom i gang i 1955, hatt Lavik som ferjestad på nordsida av Sognefjorden. Lavik blomstra opp frå ca år 1900. Lenge var Verholmen den einaste handelsstaden i Lavik herad, men kring 1880 tok Otto Midthun til med handel på garden Lavik. Her dreiv han handel åleine til Jens Kvam frå Sogndal kjøpte nabogarden Kvammen og starta med handel der. Kvam bygde seg etter kvart butikk nede ved sjøen (nedanfor dagens tannlegekontor) og overtok i 1890 også som postopnar.
Seinare vart verksemda flytta til ny butikk ved dampskipskaia, og etter mange eigarskifte, overtok Einar Raasholm og Johannes Hellebø forretninga i 1920. Frå 1930 dreiv Raasholm butikken åleine. Omsetninga omfatta på 50-talet mellom anna kolonial, skotøy, jernvarer, manufaktur, steintøy, målarvarer, fiskereiskap og taugverk. Sonen Gunnar Raasholm tok over etter faren, og då han døydde dreiv ektemaken Inga Raasholm butikken til den vart lagd ned i 1981. I dei åra som Inga dreiv, var først Bjarne Gald og deretter Bjarne Hellebø styrarar.

Lavik på 1930-talet. Vi ser at sjukeheimen ikkje er påbygd, og at gamle skulen enno ikkje bygd. Fjellsida viser at her er skog og gras utnytta, truleg hardt beita av dyra på gardsbruka. På den tida var det vanleg med geitehald. Bildet viser bygda som mager, i motsetning til bilda frå nyare tid. (Fotograf/forlag: Einar Raasholm)

Lavik rundt 1950. Båten til Konrad Mjelleli ligg ved kaia til Tomas Kvammen. Vegen frå kaia går rett opp til krossvegen, som er den øvste vegen i dag. Skulebygget er her ikkje påbygd, og vi ser ungdomshuset som det var før det vart ombygd. Huset ved sida av er eit lager som vart nytta av kommunen og vegvesenet. Johannes Hellebø, som dreiv hotellet og laga dei ettertrakta møblane, dreiv også skyssbåt. Denne er så vidt synleg attmed kyrkjetårnet, der han ligg for anker på vika. (Fotograf/forlag: Normann)
I mai 1926 etablerte Tomas Kvammen (1892-1975) seg med eigen butikk i fjøra. Forretninga omsette matmjøl, kolonialvarer, kraftfôr, kunstgjødsel, såvarer, steintøy, skotøy, jernvarer, landbruksmaskiner, syklar og manufaktur, og hadde i tillegg bensinstasjon og bokfilial samt agentur for Voss Skiferbrudd. Forretninga hadde privat kai.
Forretningsdrifta vart i 1962 vidareført av sonen Ivar T. Kvammen, som etablerte Esso bensinstasjon (ca 1963) og nytt butikkbygg (opna i 1970). Ivar pensjonerte seg i 1997 og overlot då butikkdrifta til andre. Butikken vart driven av forskjellige aktørar i same bygget i nær tilknyting til ferjekaien heilt fram til 2014, då butikken flytta i nytt lokale. Det gamle butikkbygget vart rive i samband med utbygging av ferjekaien.
Ivar overlot bensinstasjonsdrifta til Torbjørn Lavik i 1988, og i 1990 bygde Torbjørn Lavik ny Statoil bensinstasjon og forretningsbygg ved europavegen. I 2014 vart bygget utvida og inneheld no i tillegg til bensinstasjon mellom anna ny daglegvarebutikk, gåvebutikk, kafé og utleige av rom.
Kaien, pensjonat og helseheim
Rutebåtane sin stoppestad i Lavik ligg under garden Kvammen, så det var oppsitjarane der som vart dampskipsekspeditørar. Den fyrste ekspeditøren var Peder K. Kvammen (1820 – 1909). Han tok til med dette etter at han kjøpte Kvammen i 1864. Frå 1886 dreiv han bryggja saman med sonen Karl (1848 – 1912). Dei dreiv også butikk og hadde venterom for dei reisande der.
I tillegg til dette etablerte og bygde Karl Kvammen hotellet rundt 1890. Hotellet vart overdrege til dottera Anne Marie. Ho og ektemannen Johannes Hellebø dreiv hotellet vidare frå 1922. Johannes dreiv også med skyssverksemd både til lands og til sjøs, og hadde eigen snikkarverkstad for møblar.

Lavik rundt 1960. Den nye vegen gjennom Lavik er nettopp bygd. Ved enden av hurtigrutekaia, mellom det gamle post- og ekspedisjonshuset og Raasholm-butikken, er det bygd bilbru for ferja. Inne på kaiplassen står det offentlege toalettet som på folkemunne vart kalla «Tomaskyrkja», av di det var Tomas Kvammen som var ordførar då den vart sett opp. (Fotograf/forlag: Ukjent)
Hotellet vart overteke av sonen Leiv Hellebø i 1950 åra. Saman med kona Anna bygde dei ut hotellet i 1969. Etter denne utbygginga fekk hotellet namnet Hellebø Pensjonat. Anna og Leiv selde hotellet i 1985 til Unni Tveito og Astrid Hovland. Namnet vart endra til Lavik Fjordpensjonat. Omkring 1990 vart pensjonatet seldt til Fam. Rambjørg, som dreiv pensjonatet nokre år.
I 1995 kjøpte fam. Per Sverre Kvammen pensjonatet. Namnet vart då endra til Kvammen Fjordpensjonat. I åra 1995 – 2000 vart det omfattande ombyggingar og restaurering. Og den 1. januar 2000 sto pensjonatet fram som nytt. Namnet vart då endra til Lavik Hotell.
I samband med resepsjonen, vart det bygd ei avdeling som inneheldt frisørsalong. Denne tilbaud og sal av selskapskle, samt smykke av gull og sølv. Fam. Per Sverre Kvammen dreiv hotellet fram til 2004, då dei selde det til Laurentius Theodorus Maria Brock og Trijetje Nienke Cupido. Dei driv hotellet framleis under namnet Lavik Fjord Hotell.
Familien Kvammen heldt fram med å driva post og ekspedisjon på kaien, i nyare tid av Karl Kvammen og sonen Per Sverre. Ekspedisjonen for Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane (F.S.F.) vart driven av Fam. Kvammen heilt fram til 2004.
I 1940 vart Posten lagt til ekspedisjonen på kaia. Karl Kvammen vart då postopnar. I 1949 vart det klart at F.S.F. kom til å sette inn nye hurtigrutebåtar på Sogn og Nordfjord. For at Lavik skulle få anløp av desse båtane, måtte kaia byggast om. Karl Kvammen tok straks til med å bygge ut den gamle steinkaia til betongkai. Bilbru vart bygd slik at M/S «Sognefjord» kunne nytte den.
I denne tida var det eit svært godt samarbeid mellom kommunen og dei næringsdrivande i bygda. Ordførarane på denne tida, kjøpmann Tomas Kvammen (frå 1948 til 1955) og gardbrukar Einar Lavik (frå 1956 til 1964) skal ha mykje av æra for den store veksten i bygda på denne tida. Kommunen var såleis hjelpsam med å lage til haldeplass med god tilkomst til kaia. I 1955 var det og Karl Kvammen som sto for mottak av ferja. Første året nytta ferja sliskar for å køyre bilar i land og om bord. Men alt året etter bygde Karl Kvammen ferjelem. Han kunne då ekspedere både Hurtigruta og ferja på same tid.
Sonen Per Sverre Kvammen overtok den gamle kaia og det nye kaihuset i 1975, og han overtok vidare som poststyrar i 1977. Kaihuset inneheldt på denne tida postlokale, venterom for dei reisande med toalett, samt kontor og lager for varetransport.
Etter som tida endra seg, vart deler av kaihuset ombygd. Det inneheldt ei stund frisørsalong, men den vart flytta i 1985. Lokala vart då ein periode nytta som kontor for Gjensidige Forsikring.
Lavik Helseheim var i mange år ei av bygdas hjørnesteinar. Helseheimen var opphaveleg etablert som tuberkulosesjukehus, då mange lækjarar på den tida meinte at sjøluft var sunt og viktig for å bli frisk av sjukdomen. Lavik Helseheim vart soleis opna for drift 1. juli 1916.
I 1938 vart det gjort vedtak om å byggje ut med 35 senger. Men krig og ufred kom i vegen, og nybygget kom ikkje i bruk før ved juletider 1940.
Med dei nye medisinane som kom, gjekk talet på pasientar ned. I 1969 vart difor heimen godkjent som sjukeheim med 26 plassar. Namnet vart endra til Lavik Sjukeheim. Dei siste åra vart heimen driven som aldersheim.
Etter fleire års kamp og strid blei heimen til slutt lagt ned og riven i 2003.
Kaien i Lavik har blitt utvida i fleire trinn. I 1949 vart – som nevnt ovanfor – ny kai etablert av Karl Kvammen. Statens vegvesen bygde deretter ny ferjekai ca 1964, dette av di myndigheitene bestemte at Staten skulle overta ansvaret for all ferjedrift på riksvegar. Den nye kaien vart bygd i fortsettelsen på Kvammen si kai, og på syttitalet vart det etablert heilt ny ferjekai nedanfor Svarteberget.

Lavik rundt 1967. Ferjekai nr 3 er enno ikkje er bygd. Midt i biletet Statens Vegvesen sin kai nr 2, som vart bygd i 1964. Same året sette postopnar og ekspeditør Karl Kvammen opp nytt kaihus. (Foto: Per Sverre Kvammen)

Lavik i 1970. Bygda hadde på denne tida stor utvikling, og folk hadde stor tru på at framtida ville verte god. Vi ser at hotellet har bygd på med 10 nye rom og stor matsal med nytt kjøkken. Til venstre det nye butikkbygget til Ivar T. Kvammen. (Foto: Per Sverre Kvammen)
Siste utbygging, som i realiteten er ei fullstendig omlegging av Lavik sentrum, inneber ny dobbel ferjekai med ny vegtrasé langs sjøen innover mot Kvamsneset. Første byggetrinn skal være ferdig rundt årsskiftet 2014/15, og siste byggetrinn høsten 2015.
Ferjesambandet over Sognefjorden har hatt stor innverknad på Lavik. På kaiområdet har det alltid vore stor aktivitet, mest grunna den aukande trafikken frå år til år.
Då ferjesambandet vart opna 2. juli 1955, brukte ferja Vetlefjord ein time på overfarten mellom Lavik og Instefjord. Vetlefjord tok 4 til 5 bilar alt etter størrelsen, og turen frå Lavik til Bergen inneheldt då tre ferjestrekningar og tok sju og ein halv time.
I 1964 vart ferja Sandøy, med kapasitet på ni bilar, sett inn i sambandet. Etter opninga av nye kaien i 2015 vil tre ferjer, kvar med kapasitet på over 120 bilar, trafikkere sambandet.

Eit vakkert bilde av Lavik ca 1997. Skogen er voksen opp og bygda framstår som ei frodig bygd. Det er komne til mange nye hus. I bakgrunnen kan ein sjå det nye helsesenteret og den nye bensinstasjonen. (Foto: Per Sverre Kvammen)

Lavik 6. oktober 2014. Året 2014 har vore prega av omlegging av ferjekaien – Lavik i endring i praksis. (Foto: Jon Mølmesdal)
Literatur/kjelder:
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane – http://fylkesarkiv.no/
NRK’s Fylkesleksikon – http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Hovudside
Ættebok for Lavik – Anders O. Torvund (1983).
Sogn og Fjordane Fylkesleksikon 1953
(Artikkel stod opphavleg på trykk i Årbok Høyanger 2014. I samband med publisering på nettstad er det gjort to rettingar på årstal. Kai vart ombygd til betongkai i 1949. Helseheimen vart riven i 2003)