14 medlemmer var møtt fram til årsmøtet for Høyanger historielag på Høyanger vgs 25. februar 2026.  Årsmelding, rekneskap og budsjett vart einstemming godkjende.

I tilknyting til årsmeldinga vart det litt diskusjon om det planlagte prosjektet i Straumen på Søreide. Den store verdien av både årbøkene og laget si heimeside vart elles framheva. I 2025 vart noko av laget sine innskot plassert på fastrentekonto, som har gitt betre rente, dessutan vart det innvilga moms-refusjon.

Etter framlegg frå styret vart medlemspengar for 2027 sett til 200 kr.

Revisor Morten Torvund hadde meldt inn forslag om at kasseraren i laget burde få ei godtgjersle for den store jobben med å føre rekneskapen. Styret ønskjer ikkje å gå inn for fast godtgjersle for styremedlemene, og føreslo i staden følgjande: «Høyanger historielag kan dekke utgifter i form av godtgjersle til styremedlemmer og andre tillitsvalde i laget mot framvising av dokumenterte utgifter i samband med oppdrag eller arbeid i regi av laget. Til dømes reiseutgifter til styremøter». Styret sitt forslag vart vedteke.

Alle som stod på val for verv til styret tok attval og styret for 2026 vil såleis bestå av:

Leiar: Gaute Ljotebø – attval, for to år.

Nestleiar: Bente Nesse – ikkje på val.

Kasserar: Bjørn Berge – ikkje på val.

Skrivar: Reidar Hjetland – attval, for to år.

Styremedlem: Bente Sæbø Øvreås – attval, for to år.

1. vara: Nina Brekke – attval, for 1 år.

2. vara: Einar Rysjedal – attval, for 1 år.

 

Revisor:

Morten Torvund – ikkje på val.

Geir Ytredal – attval for 2 år.

 

Valnemnd:

Jorun Systad – attval for 1 år.

Jan Anders Timberlid – attval for 1 år.

Det lukkast ikkje å utpeike eit tredje medlem under møtet, og årsmøtet gav styret fullmakt til å finne det. Nemnda konstituerer seg sjølv.