Kjem du til Lavik sjøvegen, ser du straks ein større bygning ovanfor ekspressbåtkaien. Austlege delen av bygget er oppført i sveitserstil, noko som gjer at vi kan tidfeste den til slutten av 1800 talet. Mot vest er eit tilbygg av nyare dato. Slik ser Lavik Fjord Hotell ut i dag. «Hotellet» har gjennomgått fleire store endringar gjennom tida.
Av Oddvar Løland

1864

I 1864 kom eit driftig ektepar (Peder Karlson Oppedal/Njøs og Gjertrud Iversdotter Oppedal) flyttande til Lavik etter å ha kjøpt ein del av Kvammen gard. Peder starta straks arbeidet med å få flytta Fylkesbåtane sin båtstopp frå Værholm til Kvammen.  Då stopp var sikra, blei det bygging av kai. Sonen, Karl Pederson Kvammen saman med kona Ottine Larsdotter Torvund, bygde «Hotellet». Huset, i tre etasjar, var større enn det familien trong. Då det etter kvart  vart  spurnad etter rom  for overnatting i bygda, byrja familien Kvammen med utleigeverksemd. I skifte etter Karl og Ottina fekk eldste sonen, Peder Karlson,  garden. Johannes Hellebø fekk i 1919 skøyte på ”Hotellet”. Han var gift med Anna Marie, dotter til Karl og Ottina.  Syster henna, Gjertrud, fekk rett til å bu på ”Hotellet” så lenge ho ikkje var gift.

«Hotellet» i Lavik ikkje lenge etter det var bygd. (Kanskje rundt 1900). (Foto: Privat eige).

 

Grunnlaget for overnattingsplassar i Lavik tidleg på 1900 talet

Fram til 1904 var Brekke og Lavik ein kommune. Med dei kommunikasjonar som var den tida, var det ikkje lett å ta seg fram mellom bygdene på ein dag.  Med Lavik som kommunesenter følgde vitjing av folk frå fylkesadministrasjonen  og politimeisterembetet. Her budde ”offentlege” personar som lækjar, prest, lensmann og sakførar. Desse hadde kontaktar som kom på vitjing. Elles var det ein del handelskarar som stoppa i Lavik, spesielt krøterhandlarar frå Indre Sogn som kjøpte geiter. Etter kvart vart det vanleg at «byfolk» innlosjerte seg på «landet». Enkelte gav seg til i fleire veker kvar sommar. Det vert fortalt at for gjester som hadde overnatta på huset fleire gonger tidlegare, blei det  berre sett ein namnelapp på døra slik at dei fann rommet sjølve dersom dei kom om natta. Ytterdøra var aldri låst.

«Hotellet» i Lavik. (Usikker datering) (Foto: Privat eige)

Hellebø pensjonat etablert i 1922

Trafikken tok seg opp, og i 1922 blei Hellebø pensjonat etablert. I første etasje var to stover der familien og gjestene brukte den vestlege. Gjesteromma var i andre etasje, utan vatn og elektrisk straum. Tredje etasje blei mellom anna brukte til soverom for ungane i familien. Pensjonatdrifta tok i det vesentlege Anna Marie og Gjertrud seg av, medan Johannes på anna vis skaffa inntekter til familien. Trongen for overnattingplassar auka, og det blei lagt planar for utviding av pensjonatet. Teikningar var ferdige i 1939, men på grunn av krigen, blei dei ikkje gjennomførde.

Johannes Hellebø

Portrett av ung mann.

Johannes Hellebø (Foto: Privat eige)

Johannes var fødd på garden Hellebø, nokre km vest for Lavik. I sine yngre år hadde Johannes vore i Amerika og arbeidd på farm og med skogsdrift. Johannes var flink med mange slag arbeid. Som ungdom gjekk han på treskjerarskule i Hardanger. På skulen betalte dei ikkje skulepengar, men produkta elevane laga, tilfall skulen som kunne selje dei og såleis skaffe seg inntekter. Då Johannes busette seg i Lavik, bygde han snikkarverkstad aust for pensjonatbygningen. Her arbeidde han møblar etter tinging. Kringom i lokalområdet finst det ei rekkje  møblar Johannes har lag. Mange har nok sett dei fint dekorerte stolane i drakestil og med skinnsete. Teikningar hadde han med frå skulen i Hardanger, eller han laga dei sjølv.

Første bilen tiltenkt persontransport

I 1932 kjøpte Johannes  ein Ford 31 modell personbil. Dette var første bilen tiltenkt persontransport i vårt område. Standarden på vegnettet var skral etter våre forhold, men det gjekk å komme fram med bil til Leirvik, Lifjorden, Øvrås og Alværa. Ein del køyre -oppdrag  hadde samanheng med pensjonatdrifta.  Elles utgjorde  lækjarskyssen ein vesentleg del av drosjekøyringa. Skyssoppdrag på sjøen kunne også Johannes ta på seg etter å ha kjøpt båten «Tjelden» saman med Einar Raasholm. Også her var det lækjarskyssen som var viktig. Når lækjaren var i sjukevitjing, kunne det ta tid. For å nytte ventetida, hadde Johannes gjerne med seg emne som skulle dekorerast med treskjering. Båten blei og nytta til sjuketransport, då helst til Klævold  der pasienten kunne hentast med bil og køyrast til sjukehuset i Høyanger.

Gamal bil med førar og passasjerar.

Bilen til Johannes Hellebø med eigar bak rattet. (Foto: Privat eige)

Kolonialbutikk

Personar oppstilt framfor hus i ein hage.

Bak frå venstre Leiv Hellebø, Johannes og Anna Maria Hellebø, Oddborg Hellebø og Gjertrud «Mosta» Kvemmen. Framme med katten står Karl «Kalle» Kvammen» (ca. 1930). (Foto: Privat eige)

Hellebø Pensjonat hyste i den første tida kolonialbutikk.  Johannes var ei tid medeigar i butikken. Ein vinter var stova mot aust utleigd til skomakarskule. Etter trettifire år med pensjonatdrift overlet Johannes og  Anna Marie i 1956  pensjonatet til eldste sonen Leiv Hellebø og kona  Anna Ovidia. Dei hadde i nokre år drive kafè i  pensjonatet. Dei nye eigarane føretok ei viss modernisering av bygget. Ein del av romma fekk innlagt varmt og kaldt vatn,  og bygget fekk sentralvarme.  Trass desse moderniseringane såg dei nye eigarane at skulle drifta kunne halde fram, måtte det til utviding og vidare modernisering. Dei bygde til ein ny fløy på vestsida av trebygningen.  Nybygget, som stod ferdig i 1969, inneheldt 10 doble rom, peisestove, møtesal, restaurant, kjøkken, frys/kjøl og lager. Auka kapasitet gav grunnlag  for ei vesentleg utviding av drifta. No blei ein i stand til å ta mot reiseselskap for servering. Gjestene kom langvegs frå. Det vert fortalt at det ein kveld kunne høyrast åtte ulike tungemål i matsalen.

Brurepar med bryllaupsgjester oppstil på ei trapp.

Erling og Martha Instefjord sitt bryllaup i 1964 vart feira på Hellebø pensjonat. (Foto: Privat eige)

Pensjonatet fekk no meir og meir funksjonen som samfunnshotell for lokalområdet. For bygdefolket vart det vanleg å møtast på «Hotellet» til  møte og familiefeiringar. Med Lavik si geografiske plassering vart bygda også ein naturleg møtestad for ein større region. I tillegg til pensjonatdrifta heldt Leiv fram med drosjekøyringa faren starta opp. Etter 30 travle år i turistbransjen selde Leiv og Anna  i 1986 pensjonatet til Astrid Hovland og Unni Mikkelsen, begge 24 år. Dei heldt fram drifta om lag som tidlegare, men i tillegg dreiv dei eit mindre vaskeri og ei bakeriverksemd. Namnet blei no Lavik Fjordpensjonat A/S. Ein kort periode var familien Rambjørg inne som eigarar før drifta blei innstilt.

 

Marit og Per Sverre Kvammen

Marit og Per Sverre Kvammen fekk tilbod om å overta pensjonatet. Døtrene, Jenny Marie og Karete, har begge fagbrev som kokk. Med ønskje om å skape lokale arbeidsplassar overtok familien Kvammen drifta i 1995. Vesentleg renovering og modernisering var no naudsynt for å oppnå ein akseptabel standard på pensjonatet. Gjesteromma vart opprusta med golvteppe, nye møblar, fjernsyn og gardiner. Nye toalett kom på plass i første etasje og i kjellaren. I 2000 tok dei i bruk ny resepsjon og bar. Ved sida ar resepsjonen vart innreia frisørsalong og ein butikk for sal av selskapsklede, gull- og sølvvarer. Med den standarden ein no hadde fått, og med kvaliteten på maten, var det grunnlag for namneskifte til Lavik Hotell.

 

Familien Kvammen

Skulle ein få til ei god drift, var det ønskjeleg å auke talet gjesterom, gjerne opp til 30. Ein fekk  teikningar frå eit par arkitektar. Høyanger kommune planla på denne tida å rive og å bygge på ny sjukeheim i bygda. I byggeperioden var det aktuelt å innkvartere pasientar på ti nybygde rom på ”Hotellet”. Planane vart ikkje realiserte. Sjukdom gjorde det etter kvart umogleg for familien Kvammen å drive hotellet vidare.

 

Laurens Brock og Trijnie Cupido

30. april 2004 overtok Laurens Brock og Trijnie Cupido Lavik Hotell. Dei kom flyttande med borna Marieke, Piet og Femke frå øya Terschelling i Nederland. Det nye vertskapet har brei erfaring innan hotell- og restaurantdrift frå fleire land.

”Hotellet” fekk no namnet Lavik Fjord Hotell for å understreke nærleiken til fjorden. Bruk av nærmiljøet er ei målseting for dei nye eigarane. Ein vil tilby ”overnattingspakkar” som i tillegg til hus og mat inkluderer lokale aktivitetar som t.d. ulike turar. Alle rom har fått lokale namn som Laviksåta, Hellebø og Kvamsstølen. Moderniseringsarbeidet har halde fram ved at ein har laga til to nye familierom i kjellaren og fått dusj og toalett til alle gjesteromma.

Hotell mellom hus på ein tettstad.

Lavik Fjord Hotell juli 2025. (Foto: Stig Øvreås/Lavik Fjord Hotel)

Munnlege kjelder: Karl Hellebø, Per Sverre Kvammen og Laurens Brock

 

(Teksten til denne artikkelen er henta frå eit lite hefte som Lavik Fjord Hotell har trykt opp.)