Under Høyangerdagane 30.–31. mai 2026 vil Høyanger historielag vise fram gamle filmar på Høyanger industristadmuseum. Det er gratis inngang på museet for å sjå film.

Filmar

«En dag i aluminiumsbyen Høyanger» frå 1947 er ein av filmane du kan få sjå. Filmen viser livet i Høyanger med på fabrikken, i heimen og på fritida. Den er produsert av Kommunenes Filmsentral. Høyanger historielag har fått tilgang til denne, og viser den fram på museet.

Vikslinga av Høyanger kyrkje 1960. (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)

Fylkesarkivet i Vestland har teke vare på og digitalisert fleire filmar frå Høyanger. Desse kan du få sjå etter ønskje. Ein ny film som ikkje har vore framme digitalt før er vigslinga av Høyanger kyrkje i 1960.

I frå Parken 1935 (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)

Utbygging på serie C 1965. (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)

I arbeid på serie C.»Fremtiden velger aluminium» 1965. (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)

Andre filmar er godt kjende og har vore brukte på museet i mange år alt. Ein «reklamefilm» frå 1935. Ein anna «reklamefilm» er «Framtiden velger aluminium» frå 1965. Begge viser kraftutbygging, fabrikkdrift og bysamfunnet slik det var dei respektive åra. Det er og ein film frå 50-årsjubileet til Naco i 1965.

I arbeid på fjellet på midten av 1960-talet. (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)

Frå midten av 1960-talet finst det òg fleire uredigerte filmar som viser ulike sider av arbeid på og utbygging av fabrikken samt kraftutbygging i fjellet. Fleire av desse filmane har ikkje vore viste digitalt offentleg før. Kanskje du kjenner att nokre av dei som er med?

Museet er ope for filmframsyning laurdag 30. mai 10:00-16:00 og søndag 31. mai 12:00-15:00.