På internett finn ein fleire filmar frå Høyanger frå 1930-talet og fram til 1970-talet. Her er informasjon og lenker til fleire av desse.
Henta frå YouTube
En dag i aluminiumsbyen Høyanger
«En dag i aluminiumsbyen Høyanger» er frå 1947 og er ein film på 19 minutt og viser Høyanger med arbeid på fabrikken, livet i heimen og på fritida. Den er produsert av Kommunenes Filmsentral. Dette er ein informasjonsfilm som høgst truleg er laga på bestilling frå NACo.
Lenke: En dag i aluminiumsbyen Høyanger
(Denne filmen ligg på Youtube. Innformasjon om filmen her er delvis missvisande. Første delen «Hydro Høyanger Metallverk», viser til dagens eigar. Men det var Norsk aluminiums company (NACo) som bygde opp fabrikken og var eigar i 1947. Hydro kom inn som eigar først i 1987. Delen frå Høyanger varer fram til 18:07. Etter dette ser det ut som det er fabrikken til NACo i Holmestrand Nordiske som er på filmen, ikkje Halden Aluminiumsvarefabrikk)

«En dag i aluminiumsbyen Høyanger» frå 1947. (Kommunenes filmcentral)
Henta frå Fylkesarkivet i Vestland
Høyanger 1935
Dette er ein informasjonsfilm som er teke opp på midten av 1930-talet, høgst truleg i 1935. Filmen er på 18:00 minutt. Den er heilt tydleg laga på initiativ av NACo og viser fram bedrifta sin aktivitet i Høyanger med kraftutbygging, fabrikkdrift og «Byen Høyanger» med ulike aktivitetar.

I frå Parken 1935 (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)
Fremtiden velger aluminium
«Fremtiden velger aluminium» er ein informasjonsfilm, eller kanskje meir korrekt ein reklamefilm, for Norsk aluminiums Company (NACo). Den viser fram deira aktivitet og produkt på midten av 1960-talet i Norge. Filmen er teken opp i jubileumsåret 1965, då NACo og Høyanger feira 50 årsjubileum. Ein gjennomgangsfigur i filmen er Rolv Wesenlund i rolla som journalist som har «laga» ein reportasje om konsernet.
Filmen er på tilsaman samla 28:30 minutt. Den viser i starten i stor grad aktivitet i Høyanger med kraftanlegg, fabrikkanlegg og byanlegget. Deretter ein sekvens frå fabrikkanlegget i Holmestrand med vidareforedling av aluminium. Tilsutt er det ein sekvens med produktreklame.
Lenke: Fremtiden velger Aluminium
Høyanger kirke vigsles
Filmen viser opptak frå vigslinga av Høyanger kyrkje i 1960, og er på 06:00 minutt.

Vikslinga av Høyanger kyrkje 1960. (Fylkesarkivet i Vestland/Hydro Høyanger)
Byggetrinn 2 Ovnshus C og Høyanger sitt 50 årsjubileum i 1965
Filmen er uten lyd og uredigert og er på samla 31:27 minutt. Første del viser kronologisk byggetrinn 2 for Ovnshus C i 1965. Siste del av filmen (frå 14:40) er opptak av ulike aktivitetar filma i kronologisk rekkefølge jubileumsdagen 1965. Utan lyd.
Lenke: Byggetrinn 2 Ovnshus C og Høyanger sitt 50 årsjubileum i 1965

Opptog opp Storgata under 50-års jubileet i 1965.
Røyrgate og arbeid med dam, bilar og folk til fjells
Film viser transport av røyr og monteringa desse i røyrgate og tunnel til K5. Vidare viser den anleggsarbeid i Vassdalen (frå 07:15). Til sist er det ein snutt som viser folk og bilar til fjells vinterstid i Høyanger (frå 09:40). Utan lyd.
Lenke: Røyrgate og arbeid med dam, bilar og folk til fjells

Lasting av båt, arbeid på fabrikkområdet og anleggsarbeid i fjellet
Filmen er samla på 14:18 minutt, og viser ulik aktivitetar på midten av 1960-talet. (00:00) Lasting av båt, (00:37) fabrikkområdet – oksidsilo, (01:54) Knuseverk på fjellet, (03:54) Anleggsarbeid i fjellet Fossvatn-Monsdalen, (08:09) anleggsarbeid i fjellet Uldalen-Synken-Siplo, (10:07) arbeid med tunnel til K5 og (13:30) arbeid på fabrikkområdet. Utan lyd.
Lenke: Lasting av båt, arbeid på fabrikkområdet og anleggsarbeid i fjellet
Bygging av E-siloane
Filmen viser bygging av E-siloane på fabrikkområdet på midten av 1960-talet, og er på 5:31 minutt. Utan lyd.
Oksidlossing og gjennomslag ved Bergsvatn
Filmen sin første del viser oksidlossing. Etter dette (frå 04;00) er det anleggsarbeid på fjellet i området Synken. Oversiktsbilde viser Uldalsvatnet/Storevatnet. Samla lengde 08:05. Utan lyd.
Lenke: Oksidlossing og gjennomslag ved Bergsvatn

Gamle filmar frå 1960- og 1970-åra
Denne filmen er truleg teke av ein tilsett ved på Høyanger verk, og viser ulike sider ved fabrikkarbeid, med hovudvekt på Serie A og B. Det er og nokre snuttar frå sentrum, mellom anna riving av gamle samvirkelaget (01:18-01:45). Det er og ein sekvens frå med storflaumen i 1971 (16:21-22:21). Filmen er samla på 31:30. Utan lyd.
Lenke: Gamle filmar frå 1960- og 1970-åra

Arbeid på Ovnshus