Under Høyangerdagane laurdag 31. mai blir det byvandring i Parken med tidlegare fylkesarkitekt Arild Wåge. Oppmøte på Bytorget kl. 13:00.

Parken og Villabyen var dei mest prestisjefylte bustadområda då Høyanger vart bygd. Parken var eit av dei første bustadområda som vart bygd.Området er avgrensa av Storgata, fjorden og Daleelva og omfatta i alt 20 bygningar. Prosjektet starta i 1916, og året etter stod dei seks husa på nedsida av Kloumanns allé ferdige. Dei husa som ligg nede ved fjorden, skil seg frå resten av Parken ved at dei har store private hagar ned mot sjøen og eigne bryggjer. I midten ligg direktørbustaden. Deretter ingeniørbustadene som er omtrent identiske, det første ved inngangen til alléen, er vertikaldelt. Bygningen nærast elva hadde to ingeniørbustader og ein representasjonsbustad i midten (Messa). På oppsida av Kloumanns allé ligg 14 funksjonær- og arbeidarbustader. Kloumanns allé hadde ein dobbelfunksjon, den fungerte som eit skilje mellom direktør/ingeniørbustadene og dei andre. Bustadene i Parken er plasserte i tre kvartal og ligg gruppert rundt fellesareal med springvatn, stiar, tre og busker og leikeplass. Arbeidarbustadene er i tre og har liggjande panel og inneheldt kvar fire leilegheiter. Utvendig minner dei om husa i Villabyen. Trehusa i Parken vart sette opp seinare enn både murhusa og Villabyen, fem av dei kom i 1924–1925. Heile området var først ferdig utbygd i siste halvdel av 1920-åra.

Arkitekt Arild Wåge.

Omvisar er tidlegare fylkesarkitekt Arild Wåge. Det var han som hadde ansvaret for arbeidet med å få gjennomførtt fredinga av Parken i 1993. I tillegg var han i 1999 med å utabeide ei stadanlyse for Høyanger. Dessutan hadde han arbeidet med utforming av Gunnar S-galleriet som stod ferdig i 2018.