Laurdag 20. juni kl. 10.30 under vaimamarknaden skal Høyanger historielag ha eit innlegg på det historiske seminaret ved Gaute Ljotebø. Krigsminner frå Vaim med Hermod og Gunvor Vik, Håkon Hansen og Erling Hovden.
I Årbok Høyanger 2020 er Hermod Vik sine opplevingar frå 9. april 1940 og kampane i Valdres godt beskrivne. Like etter krigen gifte han seg med Gunvor Vik (f. Frivik). Ho har skrive ned fleire minner frå 2. verdskrig i Vadheim. Det handla mest om korleis dagleglivet var, og nokre spesielle hendingar.
Ein sentral mann i motstandskampen i Vadheim var Håkon Hansen. Like etter krigen skreiv han ned sine opplevingar med motstandsarbeidet i Vadheim i eit notat. Dette notatet har vore ukjente heilt til nyleg. I notatet kjem det mellom anna fram kven dei sentrale i motstandsarbeidet i Vadheim var, og korleis det kom i stand.
Fem mann i Heimefronten i Vadheim vart arrestert i februar 1945. Dei sat i fangeskap til freden i mai 1945. Ein av desse var Erling Hovden. Han skreiv ned sine opplevingar frå fangenskapet i Vadheim ungdomslag si lagsavis «Bondegjenta» i oktober 1945. Denne forteljinga har vore lite fram i lyset etter han skreiv det ned. På laurdag 20. juni vil desse viktige forteljingane frå andre verdskrig i Vadheim komme fram i lyset.
