I juni 2026 vart planane for sanering av utrangerte kraftanlegg i Høyanger godkjent av NVE. Dette inneber at, om ikkje noko ekstraordinert skjer, vil utrangerte deler av K2 og heile K3 forsvinne som kulturminne. Eit arbeid som etter planen vil starte opp sommaren 2027.
Viktige delar av utrangerte K1 skal etter planen bestå. Dette er bra, og viser at arbeidet Høyanger historielag og andre har ført for bevaring av kraftanlegga i Høyanger, delvis har ført fram.
K1 (Del av Kraftanlegg 1, Fv 55 – Spillhuset)
I følgje plan framlagd av «Stiftinga K1 Høyanger» blir røyrgate/trallebane/trapp frå fylkesveg og opp til og med spillhus bli tekne vare på for framtida. Det skal byggast ei ny trapp ved side av eksisterande trapp, noko som vil gjere tilgang til kulturminnet veldig bra. Historieforteljinga om Høyanger som kraftprodusent og industristad vil her bli i varetekne på ein veldig god måte.
Det førebuande planarbeidet for K1-trappa er alt i gang frå Høyanger kommune si side, der bevaring av eksisterande kulturhistoriske element og etablering av ny aluminiumstrapp er vesentlege punkt.

Illustrasjon av planar for K1 (Xform)
K2 (Del av Kraftanlegg 2, Dalsdalen-Nova)
I følgje planar frå Statkraft i samarbeid med «Stiftinga K2 Høyanger», så skal eksisterande røyrgate, trallebane, spillhus, trapper, kraftstasjon, med unntak av fundament for røyrgate sanerast. Oppe på fundamenta er det planlagd å bygge ny trapp.

Kraftstasjon 2 med røyrgate, trallebane og trapper. (Kulturminnessok.no/Gaute Ljotebø)
Dette vil medføre at K2 går tapt som kulturminne, og dermed som historieforteljar om kraftproduksjon i Høyanger. Dette er eit tap for den lokale historieformidlinga. Spesielt stort tap blir trallebana, som truleg er den siste fult ut funksjonelle trallebana knytt til kraftproduksjon i Norge. Trallebana til K2 må difor sjåast som eit nasjonalt kulturminnetap. Trappetrimmarar, friluftsfolk og turistar vil vonleg få fine opplevingar i den nye trappa. Det er håp om at det langs traseen vil komme informasjon i ein eller anna form som fortel historia til kraftstasjon, røyrgatene og trallebana.

Bygging av røyrgate til K2 i 1937. (Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)
K3 (Kraftanlegg 3, Høgsvatn-Roesvatn)
K3 vil etter planen bli fullstendig sanert. Saman med K2 misser ein her eit heilskapleg og tidstypisk kulturmiljølandskap med kraftanlegg utbygd i to steg på 1930- og 1950-talet.
Kulturminneplan
I 2016 vart Lokal Kulturminneplanen – strategiplan for Høyanger kommune godkjent av Høyanger kommunestyre. I denne planen var registrering av tekniske- og industrielle kulturminne prioritert, der kulturminne frå kraftproduksjon er innlemma. Planen vart revidert i 2021 for ny planperiode 2021-2025, kommunestyret vedtok i oktober 2024 å vidareføre denne planen fram til 2027. Difor er kulturminneplanplan 2021-2025 framleis gjeldande. I handlingsprogrammet for planen står K1 og K2 øvst på lista over spesielt prioriterte kulturminne. K3 er registrert som prioritert kulturminne.
Freding eller ny bruk?
I åra 2015 og 2016 var det stort lokalt engasjement om å berge røyrgatene med kraftstasjonar, trallebaner og tilhøyrande trapper som viktige kulturminna for framtida for K1, K2 og K3. Der det mellom anna vart føreslege at Riksantikvaren kunne vedtaksfrede desse anlegga. Dette arbeidet lukkast ein diverre ikkje med. Etter dette opna Statkraft for å bevare anlegga ved å finne interessentar som kunne ivareta heile eller delar av anlegga. Via «Stiftinga K1 Høyanger» ser det ut som at ein får bevart røyrgata, trallebana inkludert spillhuset for framtida på ein god måte.
For K2 sin del hadde det vore fint om nokon kunne ta vare på trallebanedrifta. Dette har diverre ikkje lukkast. Kommersiell trallebanedrift med persontransport er særs kostnadskrevjande, og ikkje for kven som helst. Det har vore lansert nokre lause planar, men ingenting konkret har kome fram. I denne samanheng er eit vesentleg poeng at Statkraft har bygd ein ny tunell til Eringsdalen som erstattar trallebana. Hyttefolk og grunneigarar kan bruke denne tunellen, difor fall i praksis all bruk av trallebana vekk. Dette var nok ein vesentleg årsak til at «Stiftinga K2 Høyanger» sitt før omtalte prosjekt vann fram med bygging av ny trapp.
Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
I regi av Riksantikvaren har det dei seinare år vore gjennomført eit arbeid med å kartlegge nasjonale kulturhistoriske landskap. Høyanger kommune har i dette arbeidet fått eit særleg ansvar for vasskraftlandsskapet. Den endelege rapporten for området Sogn og Fjordane kom i 2024. I den aktuelle rapporten står det mellom anna for vasskraftlandskapet for Høyanger:
«Dei synlege røyrgatene til Kraftanlegg 1 og 2 er svært markerte industriminne i landskapet som bind tettstaden saman med høgfjellet. Røyrgatene er vesentlege for å forstå grunnlaget for etableringa av tettstaden ved fjorden.»
«Oppe på fjellet er det dei regulerte vatna og store damanlegga, kraftlinjer, vegar, hytter og andre installasjonar som fortel om kraftutbygginga. Kraftanlegg 3, med kraftstasjon, røyrgate, demning og kraftlinjer står som eit minne om kraftproduksjonen oppe på høgfjellet.»
I rapporten blir vasskraftlandskapet i Høyangerfjella trekt fram som kulturlandskap av nasjonal interesse med grunngjeving:
«Området er eit framståande døme på eit heilskapleg industri- og vasskraftlandskap etablert i den tidlege og viktige perioden med kraftutbygging og kraftkrevjande industri i Noreg, og med vidare utbyggingar framover på 1900-talet. Samanhengen mellom land-skapet, kraftanlegga og den kraftkrevjande industrien er svært lett lesbar. Vi kan her tydeleg sjå korleis naturtilhøva har gjort det mogleg å etablere ein tettstad på ein plass der det elles ikkje var naturleg å legge nokon tettstad. Området viser gangen i vass-kraftproduksjonen frå regnet fell ned i fjella, oppsamling av vatn i magasina, røyrgatene med tilhøyrande installasjonar som fører vatnet ned til kraftstasjonane som igjen fører krafta til fabrikken og eksporten av aluminium ut i verda.»
Vidare skriv Riksantikvaren i rapporten;
«Endringar i kraftproduksjon og nye kraftanlegg med stenging av dei gamle anlegga er i dag den største trusselen mot området som eit vasskraftlandskap. Krav i konsesjon om å rydde opp anlegg som ikkje er i bruk, vil kunne føre til at lesbarheita i dagens kraft- og industrilandskap vert forringa.»
I samband med prosessen dei seinare åra om sanering av utrangerte kraftanlegg kontra vern, finn ein fleire paradoks. To statlege organ talar i mot kvarandre. NVE som forvaltar av vasskraftressursane, gir Statkraft løyve til å rive gamle kraftanlegg. Samtidig som Riskantikvaren melder at dei same kraftanlegga har nasjonal historisk verdi. Men ikkje stor nok verdi for å bli vedtaksfreda.
Kva skjer vidare?
Kampen om kraftanlegga K1, K2 og K3 har vore ein lang og krunglete kamp. Samla ser det ut til at Høyangersamfunnet har klart å berge viktige delar av K1 som kulturminne. Dette er ein viktig siger. Å kjempe vidare for K2 og K3, verkar fånyttes. Eit siste håp må vere om Riksantikvaren ombestemmer seg om freding.

Steinbrot i Nedre Breidalen. Stien opp til Skåbakkevatn går gjennom steinbrotet der ein henta murstein til dammane i Breidalen. (Foto: Gaute Ljotebø)
Ein må gå vidare. I første om gong er det viktig at ein dokumenterer og fortel historia til dei omtalte kraftanlegga. Vidare er det viktig å få kartlagt andre kulturminne frå kraftanlegga som kan komme meir fram i lyset. I Årbok Høyanger 2025 frå Høyanger historielag kan ein lese om fleire kulturminne i Breidalen. Med god støtte i KULA-rapporten kan desse innrullerast i revidering av lokal kulturminneplan. Eit arbeid som kan starte før planen vonleg kjem opp til revisjon i 2028.
For min eigen del vil eg trekke fram Kråkosodammen, i vestre enden av Storevatnet. Dette er den siste dammen som er i bruk frå den første kraftutbygginga i 1916-17. Dette er og ein sjeldan type dam i norsk samanheng, ein gravitasjonsdam, som det truleg berre finst ein anna av i landet i bruk, denne og heimehøyrande i Høyanger i Øvre Breidalen. Ein tredje er gamle Grimsosdammen, som er utrangert, og som for det meste er å finne under vatn.

Kråkosdammen i juli 2026. (Foto: Gaute Ljotebø)
(For ordens skuld: Forfattar av denne artikkel var delaktig i å utarbeide og revider kulturminneplanen på oppdrag frå Høyanger kommune.)