Sverre Kyrkjebø (1907-1978), i heimbygda Kyrkjebø gjerne omtalt som «organisten» eller «Sverre skomakar». Dette var profesjonane han hadde i bygda.

Sverre var fødd og oppvaksen på husmannsplassen «Sjøen» under «Skallen» (Kyrkjebø 49/2). «Sjøen» vart seinare eige bruk Kyrkjebø 49/20.

Sverre byrja tideleg som organist i kyrkja på Kyrkjebø, alt i 1926 berre 19 år gamal. I starten  var han truleg meir eller mindre sjølvlærd i faget. Mykje kan tyde på at han lærde seg spele i barndomsheimen, der dei hadde eit enkelt heimeorgel. Han var ikkje offisielt tilsett som organist før i 1931. Etter kvart gjekk han eit par semester i «organistlære» i Bergen.

Han vart pensjonert som organist sommaren 1976, i det høvet var det arrangert jubileumskonsert i Kyrkjebø kyrkje 16. juni til hans ære.  I sitt virke hadde han bidrege ved eit utal i gudstenester, i bryllaup og gravferder. I 1976 var han av Høyanger kommune tildelt diplom frå Norske kommunars sentralforbund for lang og tru teneste. I frå 1961 var han og organist i Vadheim og Høyanger. Sjølv om han var pensjonert fortsette han ei tid til som organist i Kyrkjebø kyrkje.

30 august 1963 kunne avisa Dagen melde at organist Sverre Kyrkjebø om sommaren hadde spelt for både innanlandske og utanlandske turistar i samband med omvisingar i den då relativt nye kyrkja i Høyanger.

Sverre Kyrkjebø til venstre framme var dirigent for Kyrkjebø kyrkjekor. Biletet er teke rundt 1950. I midten framme står prest Johannes Holten rundt heilt til høgre står klokkar Severin Glenjen. Bak dei sjølve koret. (Ytre Sogn, 12. november 2004)

Men det var ikkje berre på organistkrakken han hadde sitt virke innafor musikken. Han var og ein periode dirigent for Kyrkjebø kyrkjekor. Også utanfor kyrkja var han utøvande musikar. Han hadde og ei fele i sitt eige. Denne var truleg i bruk i yngre år. Det er ikkje kjent at han spelte fele i seinare år. I Sogn Folkeblad og andre aviser kan ein lese at han stod og for musikken ved fleire ulike samkome på Kyrkjebø og andre stader. Avisopplaga gir nok berre eit lite innblikk i kva han bidrog med. Sverre Kyrkjebø  var og mangeårig aktivt medlem i Høyanger mannskor.

Sverre Kyrkjebø var organist til det siste.12. oktober 1978 fall han om på gata utanfor Matstova i Høyanger og døydde. Dermed var eit over 50 år langt liv i musikkens teneste over.

Kjelder:

Dagen:

  1. august 1963

Firda:

  1. juli 1960

Høyanger avis:

  1. mai 1939 og 11. november 1939.

Sogn Folkeblad/Sogn Dagblad:

  1. mars 1959, 31. mars 1960, 5. april 1960, 21. mai 1960, 22. juli 1961, 23. juni 1962, juni 1968, 10. januar 1969, 31. mai 1969, 15. september 1969, 8. oktober 1969, juni 1976, 19. juni 1976, 23. desember 1976 og 17. oktober 1978.

Munnlege kjelder: Trygve Kyrkjebø, via Sturla Bell Fossen.