Her ser vi ein barneflokk og to lastebilar i tunet på Øvre Tune 3/1. Fotografiet er teke rundt 1945-47. Frå venstre ser vi Sunni Jorunn Thune, Gerd Fitje, Eva Svingen (mora var kokke for arbeidslag som hogde ved i bygda), Paul Geir Thune og Gunda Aud Thune. Hunden er Lulu – ein tidlegare gjetarhund for sauer på Solrenningane under krigen. Hunden var i jobb for Naco som leigde sauebeite der for å skaffe mat til befolkninga i Høyanger. Gunnar J. Thune overtok hunden då ordninga tok slutt.
Dei to lastebilane var nytta til å frakta ved frå dalen til kaien i Ortnevik. Det kom arbeidslag frå Høyanger som kjøpte opp teigar med skog etter utmarksutskiftinga i Ortnevik i 1942-43. Båtar kom til kaien og henta veden, som så vart levert til kundar. (Foto: Privat eige)

