Bergegrenda

Biletet viser Ytre Berge frå bruk 55/2 og Indre Berge.

Utskiftinga på Ytre Berge blei avslutta i 1900. Da tok bøndene til å byggje i eigne tun. Dei hadde hogge tømmer fleire stader m.a. i Skumsøyra. Tømmeret blei fløytt til Bergsvika, og vidare køyrt opp Gamlevegen, på vinterføre. Etter kvart blei  tømmer hogge i Kvamsøy, på Lindane og i Måren og fløytt til Frivika og saga der. Frå Frivika blei materialane køyrde med hest. Bøndene var sine eigne arkitektar og det er interessant å sjå kor harmonisk alt er, både husa og plasseringa av dei. Alt tømmeret måtte bilast og seinare stellast med tomanns høvel og skovlknivar. (Privat eige)