Berge 21.juni 1921. Flagga er oppe til ære for giftarmålet til Pernille (Berge ytre 55/4) og Gjertin Bungum. Tunet nede til venstre er Berge indre 57/2. Til høgre ligg skulehuset. Tunet i midten er Berge indre 57/3. Oppe til venstre ligg bruka på Ytre Berge på rekke og rad. Nærmast ligg Berge Ytre 55/1. Vidare utover 55/3, 55/5, 55/4 og 55/2. Tunet til det siste bruket er ikkje med på dette biletet.
I bakken til høgre for tunet 55/1 står ei stove. Denne stova blei kalla «Gamlestova», eller «Perstova» etter jekteseglaren Per «Gjø-Per» Torsteinson Berge. han var uekte son av Gjøa Gunnarsdotter Berge, og var på sine eldre dagar omtalt som «Gamle-Per». Den første kona hans Anna Endresdotter Berge omkom i ei ulukke i 1885. Den andre kona hans var Guri Einarsdotter Berge. Seinare budde huslyden Gunnar Tangen her. Stova blei rive i 1928. (Privat eige)