Bryggja på Kyrkjebø, Harald Kyrkjebø

Årstal: 1930-1939 | Kyrkjebø
Folk på kai som ventar på rutebåt og fleire hus.

På biletet ser vi ei folkemengde har samla seg på bryggja på Kyrkjebø ein gong på 1930-talet. Fleire av dei ser ut til å vere på reis, og biletet er nok teke i samband med eit anløp til ein rutebåt. Karen fremst i biletet er handelsmann Harald Kyrkjebø (1900-1965). Han byrja med butikkdrift rundt 1930 og dreiv fram til han døde på midten av 1960-talet. Bygget ein ser med tobakksreklame var nok eit lagerbygg som han nytta i si verksemd. I starten dreiv han butikk frå eit hus i tunet hjå far sin Johan Kyrkjebø (Kyrkjebø 49/1), ein ser her i to hus frå det tunet i bakgrunnen. På midten av 1940-talet bygde han eit kombinert bustad- og handelshus litt opp i bakken her (Bryggjevegen 2). Bygget midt i biletet er garveriet til Einar «Garvaren» Kyrkjebø (1874-1956). I bakkant ser ein i kyrkja. (Privat eige)