Damvaktar på Grimsosen

Årstal: 1940-1949 | Høyanger
Lars Stendal, damvaktar på Grimsosen

Lars Stendal, damvaktar på Grimsosen. Her med hunden Jack. Stendal budde i huset rett bak han. Same huset hadde leiligheit på baksida. Den leiligheita var for elektrikarar, som måtte overnatte. Elles var det mange som budde der i ferie og på fridagar. Til høgre kan vi se litt av HIF-hytta.

Stendal gjekk ein gong gjennom isen på Bergsvatnet. Han snørekøyrde med Jack. Stendal var sikker på at den gongen redda hunden livet hans. Stendal hadde vore i Alaska og greve etter gull i sine yngre dagar. Da han blei pensjonist bygde han hus på Håkleiva, Haaland på Kyrkjebø. Huset reiv han i Årdal. Simmerøy, frå Gulen, frakta huset til Nordeide.