Brureferd i Lavik. Kari Hansdotter Bilsbakke og Torkjell Monsen Oppedal gifte seg 9. juni 1910. Fotografiet er teke frå bryggja på Kvammen i Lavik. Det store kvite huset er «doktorgarden», bygd i 1910. På Svarteberget nedanfor ligg huset til søskena Olav og Ellen Kvam, med postkontor i kjellaren. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug)

