Utsikt over Lavik kring 1920. Nærmast ligg gardstunet til Indre Lavik, der familien til Mons Lavik på den tida budde og dreiv garden. I dette tunet budde òg familien til distriktslækjar og fotograf Ludvig Trædal ein periode fram til 1910. Bakanfor tunet ser ein kyrkja. Det store kvite huset er den kommunale lækjarbustaden, i bygda gjerne omtalt som «Doktargarden», som vart bygd i 1910. Her hadde Ludvig Trædal kontor og der familien og budde i til dei reiste frå Lavik i 1922. Huset er i seinare år omtalt som kommunehuset.
Ovanfor strandlina ligg innmarka og gardstuna på garden Kvamme. «D/S Sogn» frå Fylkesbåtane ligg ved kaien ved dampskipsekspedisjonen ved Kvammen. Ovanfor kaien, til venstre, ligg rikstelefonen. Det store kvite huset med ark tilhøyrde familien Kvammen som drifta kaieskpedisjonen. Huset vart frå1922 nytta som pensjonat, Hellebø pensjonat, og er i seinare år kjent som Lavik Fjord Hotel. Det største bygget til høgre i biletet er Lavik Helseheim, som vart opna i 1916, som på den tida var nytta som eit tuberkulosesjukehus. Bygningen heilt til høgre er ungdomshuset. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug)

