Distriktslækjar Ludvig Trædal sitt blikk på Lavik, Lavik

Årstal: 1900-1909 | Lavik

Lavik tidleg i 1907. Biletet er teke frå Kvammen, der ferjekaia ligg i dag. Huset nærmast på Svarteberget var på den tida postkontoret i Lavik. Posten heldt til i kjellaren. I sjølve huset budde syskena Olav og Ellen Kvam saman med mora, Kristi Kvam. Familien kom opphavleg frå Sogndal. Faren, Jens Kvam, kjøpte gardsbruk på Kvammen i 1877 og starta handel frå gardstunet på 1880-talet. Seinare nytta han huset på Svarteberget til handelsverksemd. Frå kring 1890 vart han postopnar.

Gardsbruket vart selt på tvangsauksjon, og familien flytte truleg ned i handelshuset ved fjorden. Faren Jens døydde i 1897. Sonen Olav heldt fram som postopnar, men det var truleg systera Ellen som dreiv posten. Ho pleia òg mora, som var sjuk. Broren Olav dreiv handel frå eit hus nede ved fjorden på Lavik-garden.

Bortanfor ser ein tunet til Prestegarden i Lavik. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug)

Lenke: Ludvig Trædal foto: Karl-Ludvig Grønhaug