På tur til Lavikdalen. Under vegen; frå venstre, vikarpresten i Lavik Peter Elisæus Marstrander, guvernanten frøken Hauken Wiig og Rikka Trædal. Oppe på vegen står Ragnhild Trædal og Else Trædal. Marstrander vart seinare professor og rektor ved det teologiske instituttet ved Universitetet i Oslo. Fotografiet er teke i 1910–1911. Sjølve biletet er teke ved den gamle Gardebrua like innanfor Lavikdal Grendahus på Nedre Lavikdal. Vegen er no litt omlagd. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug)

