Tur til Støytet. Kona til Ludvig Trædal, Ragnhild Trædal med guvernante frøken Hauken Wiig. Støytet var ein stad innover gamlevegen ved Støytneset der som var laga til med murte stolar og bord. I tillegg var her og beplanta. Vegen er no lagt om. Fotografiet er teke i åra 1908-1912. Mykje talar for at det var familien til Oberstløytnant Georg Fredrik Fasting som sette i stand denne plassen på slutten av 1800-talet. Dei held av ein plass på Støytet då resten av gardsbruket deira på Kvammen vart vart seld. Dei beheld då berre huset og hagen. Familien til Kaptein Hartwig på Alværa nytta og denne plassen som turmål. Som ein ser nytta andre og denne staden til utflukter. (Foto: Ludvig Trædal/Karl-Ludvig Grønhaug)

