Familien på bruk 55/1 rundt midten av 1930-talet
Familien på bruk 55/1 på Ytre Berge rundt midten av 1930-talet. Frå venstre Eystein Berge, Brynhild Berge, Betsy Berge, Odd Berge, Gunnvor Berge og Anna Bertina Berge (f. Tangen). Ole «Birgjeola» Bergeson Berge var klar over at han skulle bu i gamletunet og bygde nytt stovehus i 1898. Ole og kona Gjørund Persdatter Klævoll var barnlause. Dei tok til seg Eystein. Eystein kom i frå Tangen, på sørsida av fjorden. Han gifta seg med Anna Bertina, og dei dreiv garden vidare. (Privat eige)