«Eitreheim» ligg til kai på Nordeide i 1976. På land står folk og ventar og føl med på livet. Frå venstre Gunnar Røneid som var tømrar og sjølvstendig næringsdrivande, og budde på Austreim. Einvald Nordeide var drosjeeigar og -sjåfør han budde på Nordeide. Sigurd Selland var sjåfør hos Per A. Øren i Høyanger. Heilt til høgre, litt i bakrunnen ser vi Anne Sissel Nordeide, som på den tid var ein av dei beste friidrettsutøvarane i Sogn og Fjordane. Ho sprang for IL Høyang. (Foto: Øivind Øvrebotten)

