Gamle Kyrkjebø skule

Årstal: 1900-1909 | Kyrkjebø
Eit skulehus med elevar og lærar framfor.

Kyrkjebø skule 1908 eller 1909. Fremst, frå venstre: Bjarne Kyrkjebø, Geirmund Kyrkjebø, Håkon Håland, Eiliv Kyrkjebø, Einar Kyrkjebø, Alf Austreim, Sigurd Merket, Johan Kyrkjebø, Anders Nordeide, Lisa Ljotebø, Ragnhild Merket, Målfrid Tvedt, Dagny Austreim, Signe Frivik, Borghild Nordeide og Astrid Klævold.

Midten (f.v.): Lars Merket, Andreas Austreim, Erling Nybø, Ingebrikt Klævold, Lars Austreim, Harald Kyrkjebø, Nils Tvedt, Andreas Vamråk (lærar), Torleif Austreim, Tormod Håland, Hanna Nordeide, Jenny Nordeide, Sigrid Ljotebø, Unni Frivik og Ragna Austreimsli.

Bakerst (f.v.): Sivert Nordeide, Anton Ljotebø, Sigurd Frivik, Ola Frivik, Grete Heggenes, Gjertrud K. Austreim, Gudrun Tronvik, Gjertrud A. Nordeide, Gjertrud A. Austreim, Borghild Kyrkjebø, Pernele Austreim, Gjertrud Frivik, Borghild Merket og Ingeborg Ljotebø.

Elevane er oppstilt framfor det gamle skulehuset som var bygd i 1868, dette vart rive og flytta til Instevik i 1913, og nytta til skulehus der. I 1914 kom det opp eit nytt og større skulehus på tomta. (Kjelde: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik band III, s. 248) (Privat eige)